Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. juni 2002

Sist oppdatert 01. september 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Jon Dyrrdal



Jon Dyrrdal, fødd 1894, kom frå den einbølte høgdegarden Dyrdal på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Han kom i ung alder til Oslo, reiste på studieferd i Sør-Europa og Midt-Austen, og hadde seinare fleire års opphald i Amerika. I tida 1928-1933 var tilsett som sekretær i Oslo fylkeslag av Noregs Ungdomslag. Dyrrdal døydde hausten 1933 og vart gravlagd i Ortnevik. Fylkeslaget reiste ein minnestein på grava hans.

Innskrifta vart måla opp att sommaren 2002. Sidan dei som stod føre arbeidet ikkje hadde opplysning om dødsdato for hand, og skriftteikna var vanskelege å tolka, kom ein i skade for å tolka 5-talet for 6-tal. Feilen skal rettast opp i nær framtid.

Innskrifta vart måla opp att sommaren 2002. Sidan dei som stod føre arbeidet ikkje hadde opplysning om dødsdato for hand, og skriftteikna var vanskelege å tolka, kom ein i skade for å tolka 5-talet for 6-tal. Feilen skal rettast opp i nær framtid.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Lasse Brekke.

Minnesteinen på grava

Minnesteinen over Jon Dyrrdal står på kyrkjegarden ved kyrkja i Ortnevik, ved korenden i aust og like ved gjerdet mot sør. Han er 1,95 m høg over bakken, og sidene nede er 0,58 m x 0,28, oppe 0,53 m x 0,25. På det uthogde tekstfeltet står namnet, tid for fødsel og død, og kven som reiste steinen.
Sommaren 2002 var innskrifta nesten uleseleg og det vart ordna med oppattmåling.



Kort biografi

Jon Dyrrdal, fødd 21.11.1894 på garden Dyrdal i dåverande Kyrkjebø kommune, var son til Jon Jonson Dyrdal (1862-1935) og kona, Anna Hermundsdotter Brekke (1862-1944). Han var nummer tre i ein syskenflokk på sju. Dyrrdal kom tidleg med i ungdomsarbeidet på Vestlandet, og drog seinare på studieferd i Sør-Europa, og vidare til Midt Austen. Sidan var han fleire år i Amerika, der han studerte sosialøkonomi og arbeidde ved Ford-fabrikkane. Då han kom attende like etter 1920, skreiv han boka Fordismen. Han gav òg ut andre skrifter.

I 1928 vart Jon Dyrrdal tilsett som sekretær i det nyskipa Oslo Fylkeslag - ein samskipnad for fleire bygdelag i hovudstaden, og hadde denne stillinga til han døydde 25. november 1933.

Kjend forfattar om Dyrrdal

Forfattaren Halldis Moren Vesaas var kontordame hjå Jon Dyrrdal i to periodar i åra 1929-1930. I eit brev til Trygve Heggenes, datert i 1991, fortel ho somt ho minnest om sjefen sin.

"Han var ein vakker mann, - middels høg, svært slank og rank, mørk, med eit par spelande livfulle auge. Han var veltalande og vittig, og, noko som kontordama sette pris på: han kunne mange dikt utanåt.
Dyrrdal gjekk i brodden for å skipa ein hybelheim for landsungdom i hovudstaden, og det var han som tok seg av drifta. Om dette arbeidet fortel Halldis Moren Vesaas:

"Blant hybelbuarane på Heimen var det ymse meiningar om han. Han kunne vere ganske hard. Måtte vere hard iblant - det fanst vanskelege folk og uregjerlege folk blant gutane der. Minnest han sukka ein gong da han hadde kjørt ein vanskeleg fyr på dør: "akk, den som kunne få lov til å verre varm og mjuk i staden for hard og kald!" men han var da varm og mjuk òg. Hjelpsam. Ein gut som gjekk ut av kontordøra sa til han: "Du er nesten for kjekk kar, du!"

Fylkeslaget reiste steinen

Det vart eit stort tap for fylkeslaget då sekretæren deira brått fall frå. Han hadde hatt ansvaret for den daglege leiinga i fem år og aldri spart seg. I august 1934 vende laget seg til Dyrdal sin familie i Ortnevik for å høyra om laget kunne få reisa ein minnestein på grava hans. Svaret var ja, familien ville setja stor pris at minnet til Dyrrdal kunne verta heidra på denne måten. Steinen vart tinga i månadsskiftet oktober/november og på styremøtet 6.12.1934 las formannen, Aa Rudsar, opp brev frå huslyden Ortnevik der dei takka for steinen.
På grunnlag av dette er det rimeleg å gå ut frå at steinen kom til Ortnevik og vart sett opp ein gong i siste halvdelen av november 1934. Ingen ting tyder på at det var nokon slags seremoni i høve reisinga. "Høyangers Avis" hadde minneord om Dyrrdal då han døydde, hausten 1933, men ikkje noko om minnesteinen året etter.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Høyangers Avis. 29.11.1933.
Oslo Fylkeslag 1923-1953. Oslo.
Dyrrdal, Jon: I skuggane fraa Versailles. Det arbeidslause Tyskland. Kiel 1923.
Informasjon frå Lasse Brekke, Høyanger.
Brev frå Halldis Moren Vesaas til Trygve Heggenes, datert 22.05.1991.
Informasjon frå BLS Bygdelagssamskinaden i Oslo.
Dyrrdal, Jon: Fordismen. Fram forlag. Oslo 1929.
Dyrrdal, Jon: Sosiale spørsmål for norsk ungdom. Oslo 1929.

PERMANENT IDENTIFIKATOR