Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. januar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Krigsgrav på Grotle kyrkjegard - matros Arthur Hauge



Tidlegare Bremanger kommune hadde 13 falne i andre verdskrigen. Dei fleste kom bort på havet. Berre tre fekk ei grav på heimstaden. Urna til Arthur Hauge kom heim frå England med krigsskipet "Arendal" hausten 1945 og det var gravferd frå Hauge kyrkje 11. oktober.

Grava til matros Arthur Hauge (1921-1943) på kyrkjegarden på Grotle. Namnet hans står saman med foreldra sine namn: Amanda Hauge (1891-1944) og Olaf  T. Hauge (1891-1971).

Grava til matros Arthur Hauge (1921-1943) på kyrkjegarden på Grotle. Namnet hans står saman med foreldra sine namn: Amanda Hauge (1891-1944) og Olaf T. Hauge (1891-1971).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Steven Kleppa

Biografi i "Våre falne"

I firebindsverket "Våre falne", som kom ut i åra 1949-1951, står denne omtalen:

"HAUGE, ARTHUR JOHAN, fisker, Bremanger. Født 20. juli 1921 i Bremanger, s. av Olaf Torson Hauge, f. 1891, og Amanda Andreasdatter, f. 1891, begge i Bremanger. Dro til England med m/k "Stanley" i september 1941 og var en tid matros i handelsflåten. Tjenestgjorde fra 1942 i Marinen på "Rose", "Sleipner" og "Tunsberg Castle", og hadde senere en tid tjeneste i land. Ble syk og døde på sykehus i England 30. desember 1943. Gravlagt på Grotle kirkegård i Bremanger. Haakon VII´s minnemedalje."

Heimførd i september 1945

Hausten 1945 vart kring 400 urner førde heim frå England med krigsskipet "Arendal". Arthur Hauge si urne var ei av dei. Etter at urnene var tekne i land på Honnørbryggja i Oslo, vart det halde ein kort seremoni der HM Kong Haakon VII la ned krans med ei siste takk for innsatsen for fedrelandet. Urnene vart så sende til heimstadane til dei falne.

Gravferda

Arhur Hauge vart gravlagd 11. oktober 1945. Mellom 4 og 500 menneske var samla i kyrkja på Hauge i Bremangerpollen. Framme i koret var heist to flagg på halv stang, og elles var det pynta med blomar og brennande lys. Det var song av songlaget, og sokneprest Steinhovden heldt tale. Det vart lagt ned kransar frå den næraste familien, frå skulekameratar, frå Bremanger kommune og frå Bremanger fiskarlag.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948.
Firda Folkeblad. 12.10.1945.
Norsk krigsleksikon 1940-45. Cappelen 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR