Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. april 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Krigsgrav ved Hopperstad stavkyrkje



Vik kommune har fire krigsgraver, - i Fresvik, Feios, Vik og Arnafjord. Christian Fredrik Fasting Aall vart dømd til døden av tyskarane og henretta på Trandum 14. oktober 1943. Etter krigen vart han førd heim til Vik og gravlagd på kyrkjegarden ved Hopperstad stavkyrkje.

Grava til Christian Fredrik Fasting Aall på kyrkjegarden ved Hopperstad kyrkje. Namnet hans står innhogge på postamentet på gravminnet (den lyse delen) over bestefaren Richard Aarseth.

Grava til Christian Fredrik Fasting Aall på kyrkjegarden ved Hopperstad kyrkje. Namnet hans står innhogge på postamentet på gravminnet (den lyse delen) over bestefaren Richard Aarseth.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Arne Inge Sæbø

Omtale

Det er skrive om Christian Fredrik Fasting Aall fleire stader. Her tek me frå to omtalar: 1) den knappe og konsise omtalen i bokverket Våre falne og 2) første delen av ein meir utførleg omtale i Sogns Avis (Vik) 17. juli 1945 under tittelen "Heidersminne".

I Våre falne

"AALL, CHRISTIAN FREDRIK FASTING, handelsagent, Fana. Født 21. mai 1914 i Vik i Sogn, s. av Nicolay Benjamin Aall, f. 1883, og Christine f. Aarseth, f. 1886. Handelsgymnas. Flyktet høsten 1941 fra Ålesund til England og gikk inn i Kompani Linge. Ble våren 1942 sendt til Norge i særoppdrag, og slo seg ned på en sæter i nærheten av Nøttveit i Hordaland. Ble omringet og tatt til fange av tyskerne 30. mai 1942 sammen med en kamerat. Satt i Bergens kretsfengsel, på Ulven og på Grini til han ble dømt til døden 13. oktober 1943 og skutt på Trandum dagen etter. Gravlagt i Vik."

I Sogns Avis

"Heidersminne . Millom dei mange gode nordmenn som har mist livet for ei kula frå tysk eksekusjonspeletong er vikjaguten Christian Fredrik Fasting Aall. Christian Aall er fødd og uppvaksen her i Vik. Ved krigsutbrotet 9. april 1940 var han tilsett på kontoret hjå Aker Elektrisistetsverk, Oslo. Han gjorde straks freistnad på å koma saman med dei som stridde mot overfallsmennene utan at det lukkast for han den gongen."

"Vinteren 1941 slutta han i sin stilling i Oslo og drog til Bergen. Etter eit stutt upphald der reiste han til Ålesund og hausten 1941 strauk han til England. Straks han var komen over, slutta han seg til den norske hæren. Det var hans høgste ynskje å koma inn i flygevåpenet, men til det var han nok alt for gamal vorten [27]."

"Han kom so med ein gong over i den avdelingen som vart kalla Linges kompani, og fekk utover vinteren ymse slag militærupplæring, m.a. som fallskjermjeger og onnor spesialutdanning."

"På vårparten 1942 vart han send med serleg uppgåva til Noreg saman med ein kamerat, Erling Marthinson. Dei tok land i Ytre Sunnfjord og drog med eit farty innover Sognefjorden til Sylvarnes. Herifrå tok dei på ski over over fjellet til Modalen der dei heldt seg på ein støl i nærleiken av Nøttveit. På ein eller annan måte har so tyskarane fått kjennskap til deira upphaldstad, og dei vart tekne kring 30. mai 1942." (Så langt stykket i Sogns Avis.)

Gravferda

C.F. Fasting Aall vart avretta på Trandum 14. oktober 1943. Sommaren 1945 fann dei liket hans i ei massegrav. Onsdag 15. august kom urna til Vik og vart av heimestyrkar ført til hovudkyrkja. Fasting Aall vart gravlagd dagen etter. Seks av medfangane hans frå Grini stod æresvakt ved båra. Sokneprest Søvde tala og forretta ved grava. Det vart lagt ned mange kransar og bore fram mange helsingar; - frå familien, frå slektsgarden Sjøtun, frå Vik kommune, heimestyrkane, vikjer som hadde sete saman med han på Grini, to av kameratene hans i fengslet i Bergen (Karl Larsen frå Bergen og tannlækjar Solheim frå Måløy), Vik ungdomslag, Vik skyttarlag, Vik Turn og idrottslag, og funksjonærar ved Aker elektrisitetsverk.

"So vart urna bori ut", skreiv Sogns Avis i stykket sitt, "og den store syrgjeskaren gjekk i tog til Hoprekstad kyrkjegard. Fyrst gjekk ein av Grinifangane med det norske flagg, so musikken som spela nasjonalsongen og andre tonestykke, deretter dei andre Grinifangane og heimstyrkane, skyttarlaget, ungdomslaget og idrottslaget med sine floromvundne fanor, og so den store folkemengdi."

På familiegravplass

Christian Fredrik Fasting Aall vart gravlagd på familiegravstaden på nordsida av stavkyrkja. Namnet hans vart hogge inn på fotstykket på gravminnet over morfaren, skipsførar Richard Aarseth (1852-1911). DU FALL FOR DITT LAND står det under namnet hans. Ved foten gravstøtta står ei steinplate med namnet på mora, Christine Johanna Aall, f. Aarseth, (teikn for fødd) (..) 1885 - (teikn for død) 27.11.1967

kjelder:

Sogns Avis. 17.07, 07.08, 21.08.1945.
Sogn og Fjordane. 17.08.1945.

PERMANENT IDENTIFIKATOR