Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. januar 2006

Sist oppdatert 05. februar 2019

Kategori

Kommune

Minnestein på grava til sokneprest Christian Astrup



Christian Nicolaisen Astrup, far til kunstmålaren, var prest i Jølster frå 1883 til 1916. Han døydde i 1920 og blei gravlagd ved Ålhus kyrkje. I 1934 blei det reist ein minnestein på grava hans.

Minnesteinen på Christian Astrup si grav på kyrkjegarden i Ålhus er ein steinkross med sirkel i midtfeltet, i mange samanhengar kalla Iona-kross. Han er kring 150 cm høg. Like framfor grava til Christian Astrup og prestefrua Petra, ligg fleire av familien Astrup gravlagde.

Minnesteinen på Christian Astrup si grav på kyrkjegarden i Ålhus er ein steinkross med sirkel i midtfeltet, i mange samanhengar kalla Iona-kross. Han er kring 150 cm høg. Like framfor grava til Christian Astrup og prestefrua Petra, ligg fleire av familien Astrup gravlagde.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Personopplysningar

Christian Nicolaison Astrup, fødd i Grue 11. november 1844, død i Jølster 21. april 1920, var prest i Jølster frå 1883 til 1916. Han var son til sorenskrivar Nicolai Astrup (1817-1881) og Anne Johanne, f. Døderlein. Han vart gift 8. oktober 1879 i Trondhjem domkyrkje med Petra Constanse, fødd Lodz, fødd i Bergen 1860, død 1930. Dei hadde 14 born, men tre nådde ikkje vaksen alder.

Christian Astrup var prest i Sunnfjord heile livet; 1872-1876 personellkapellan i Kinn, 1876-1883 sokneprest i Bremanger og 1883-1916 sokneprest i Jølster.

Gravferda

Christian Astrup døydde 18. april 1920 og vart under stor deltaking gravlagd i Ålhus 26. april. Kyrkja var overfylt. Sokneprest Liljedahl i Jølster heldt gravtalen. Deretter var det tale av soknepresten i Gloppen og soknepresten i Førde som la ned krans frå sokneprestane i Sunnfjord. Svigersonen, sokneprest Bastiansen, Hvaler, heldt ein gripande tale og omtala Astrup si grunnfaste tru på Bibelen, på Gud og hans kjærleik og på Jesus Kristus som frelsar.

Det vart lagt ned mange kransar på båra. Abraham Honnnes, Førde, la ned krans frå fellesforeiningane for indremisjonen og heidningemisjonen i Sunnfjord. Astrup hadde vore formann i begge desse foreiningane.

Ålhus Ungdomslag hadde pynta vakkert i kyrkja, og under høgtida song eit kor av medlemmer i ungdomslaget to salmar. "Velsignet være Astrups minde!" avslutta signaturen "X" stykket sitt om gravferda iNordre Bergenhus Amtstidende.

Minnestein

Minnesteinen på grava til Chr. Astrup vart avduka søndag, 4. august 1934. AvisaFirdafortalde om avdukinga fem dagar seinare:

"Sist sundag etter preika i Aalhuskyrkja samlast kyrkjelyden rundt grava til sokneprest Chr. Astrup for å vera med under den høgtidsame avduking av minnesteinen som er reist på gravi hans. Ein stor folkesamling var samla både frå Aalhus og Helgheim. Av Astrup sine næraste såg ein sonen sokneprest Engel Astrup med borni og sokneprest Geelmeyden med frua.

Minnehøgtidi vart innleidd av kapellmeister Jim Johannesen som spelte Schuberts Ave Maria. So heldt sokneprest Bondevik ein stutt minnetale over den gamle Jølster-presten, som i 33 år var bygdi sin prest. Han stana serleg ved den store og kjærlege umsut som sokneprest Astrup alltid hadde synt kyrkjelyden sin, og slutta med å segja at minnesteinen som no er reist - ein kross hoggen i stein - skal vera eit varugt minne um kven Astrup var og kva han vilde:

Han var ein mann som sjølv hadde funne plass ved Krossen. Og han vilde lyfte krossmerket her han var sett til å arbeide.

Etter at ein hadde sunge "O tenk når engang samles skal", spelte Jim Johannesen eit stykkje att.

Steinen som er reist er hoggen på Jølster av Johannes Sandalsstrand og er til stor ære både for han som har hogge den, og for dei som har reist han."

Riksmålsmann

Christian Astrup var ein kjend riksmålsmann.Målreisingssoga i Sogn og Fjordane(side 281) fortel om Astrup sin reaksjon då skulestyret i 1904 gjorde vedtak om at borna kunne velje kva språk dei skulle lære bibelsoga på. "Jeig kræver at børnene skal lære sin lekse på det almindelige språk, på det som Gud har givet oss." Sjølv om Blixsalmane vart innførde i 1905 var presten i følgje Målreisingssoga så uforsonleg at han "..sjeldan eller aldri læt kyrkjelyden få syngja dei".

Johannes Aalhus var ein sentral mann for målrørsla i Jølster. Han heldt mellom anna kveldskurs slik at folk kunne få lære seg nynorsk. Hovudmotstandaren til Johannes Aalhus og målrørsla i Jølster, var sokneprest Christian Astrup. Astrup var ein ivrig forkjempar for riksmålet, eller som han sjølv sa det: "..det som Gud har givet oss".

Songdiktar

Christian Astrup hadde diktarevner. Alt i unge år - då han var personellkapellan i Kinn - gav han ut heftetNogle Sange,Bergen 1873. Det er eit hefte på 16 sider. Han daterte føreordet 27. juli 1872, og "vigsla" songsamlinga med dette verset:

Herre, vor Gud! du være med Ordet!
Ogsaa med disse smaa Smuler af Bordet,
Som du for Syndere kjærlig har dækket!
Hvor der er Liv, du det nære og styrke,
At vi i Aand og i Sandhed dig dyrke,
Og under Alt, hvad os møder ilive,
Alle maa troe til Døden forblive.

kjelder:

Klakegg, Anders O.: Bygdebok for Jølster. Side 997-998. 1985.
Firda. 21.04, 05.05.1920, 08.08.1934.
Hyrdingrøysta. Kyrkjeblad for Jølster. Nr. 2. 1942.
Øvrebø, Egil og Apneseth, Oddleiv: Ålhus kyrkje. 1995.