Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. mars 2005

Sist oppdatert 16. november 2018

Kategori

Kommune

Minnestein på krigsgrav ved Arnafjord kyrkje - Oskar Ingolf Dale



Oskar Ingolf Dale fall under krigsteneste i Finnmark 31. januar 1945. Han vart førd heim til Arnafjord og gravlagd med stor deltaking 11. august same året. Våren 1946 vart han tildelt Krigsmedaljen post mortem og det vart reist minnestein på grava hans same sommaren.

Oskar Dale og Gunnar Aspehaug fall i Porsanger 31. januar 1945, og vart gravlagde der. Feltprest Erling Fagerheim forrettar og ein offiser legg krans på bårene. Kistene er sveipte i norske flagg (orlogsflagg).

Oskar Dale og Gunnar Aspehaug fall i Porsanger 31. januar 1945, og vart gravlagde der. Feltprest Erling Fagerheim forrettar og ein offiser legg krans på bårene. Kistene er sveipte i norske flagg (orlogsflagg).

Eigar: Bergens Tidende/Kjell Bergfjord.

Datering: 1945.

Fotograf: Ukjend.

Innskrifta

Oskar Dale vart gravlagd ved inngangen til kyrkja, og på minnesteinen står innhogge:

KORPORAL * OSKAR INGOLF * DALE * 11-12 1911 * FALL FOR * FEDRELANDET * I SORTEVIK * I NORD-NORGE * 31-1 1945 * GUD SIGN DEN * ÆRLEGE SVEIN * SOM SØV HER UNDER * STEIN

Orda nederst er laga etter 5. verset i Arne Garborg sin song Lande vaart der det står: Gud sign' kvar ærleg Svein/som søv der under Stein

Biografi i bokverket Våre falne

DALE, OSKAR INGOLF, korporal, Vik i Sogn. Fødd 11. desember 1911 i Vik, s. til Ole Lee Dale, f. 1877, og Ingeborg Lee f. Åse, f. 1879, båe i Vik. 3 korrespondansekurs. Reiste til England 1941. Gjekk inn i Hæren og tenestegjorde i Bergkp. II, då det vart sendt til Finnmark 14. oktober 1944. Var sjef for ein oppklåringspatrulje på fire mann som kom i kamp med tyskarane på vestsida av Porsangerfjorden, og fall der 31. januar 1945. Gravlagd i Vik.

Bakgrunn - norske styrkar i Storbritannia

Kongen og regjeringa gjekk 7. juni 1940 om bord i den engelske kryssaren "Devonshire" for å føra kampen vidare for eit fritt Norge frå England. Gjennom alle krigsåra vart det gradvis bygd opp norske militære styrkar organisert i marine, flyvåpen og hær. Einingar frå alle avdelingane deltok saman med allierte styrkar fleire stader, men hæren, organisert i Den norske brigaden i Skottland, fekk minst å gjera.

Tysk tilbaketrekking frå Finnmark og Nord-Troms

Etter at Finland gjekk ut or alliansen med Tyskland 2. september 1944, og russarane braut gjennom Murmansk-fronten i oktober, kom den tyske Lapplandsarmeen i ein håplaus situasjon. Tyskarane valde å trekkja styrkane i Russland, Finland og Finnmark tilbake til ei ny line langs Lyngenfjorden i Nord-Troms. For å hindra russarane i ei eventuell forfølging og framrykking mot den nye fronten, raserte dei heile fylket og tvangsevakuerte befolkninga.

2. bergkompani til fronten

Russarane braut gjennom Murmansk-fronten i oktober 1944 og avanserte på kort tid inn på norsk jord. Etter langvarige forhandlingar med Sovjetsamveldet vart eit kompani frå Den norske brigaden i Skottland sendt for å delta i frigjeringa av Finnmark. 2. bergkompani på 280 mann vart transportert frå Skottland med kryssaren "Berwick". Styrken kom til Murmansk 7. november og til Kirkenes tre dagar seinare. Oppgåva var å overta fronten frå russarane ved Tana, og herifrå ta seg vidare vestover for å observera den tyske aktiviteten og situasjonen for sivile som hadde kome seg unna evakueringa.

Kompaniet var underlagt russisk kommando til 6. februar då stridseininga saman med andre norske einingar gjekk inn i Distriktskommando Finnmark.

Fall i Porsanger

I bladet Pridlao 1/1995 har Kjell Bergfjord skrive om då Oskar Dale fall. Han byggjer mellom anna på opplysningar frå Anna Nummedal:

På patruljeoppdrag kom han og tre andre soldatar i kamp med tyskarane og Oskar Dale og Gunnar Aspehaug frå Ålesund fall den 31. januar 1945. Det gjekk slik til at Oskar Dale og ein annan soldat gjekk over ei open slette. Tyskarane som skaut, stod i kyrkjetårnet. Begge vart gravlagde i Porsanger, men førde til heimstadene sine i august.

Gravferda

Båra til Oskar Dale kom til Framfjorden om morgonen, laurdag 11. august 1945. Etter ei enkel høgtid i heimen vart båra førd til Arnafjord kyrkje. Sokneprest Søvde heldt minnetalen ut frå orda i 1. Tim. 5.12 - Strid den god striden i trua.

Han tala om dei som tok opp striden for fedrelandet. " - Me vona han skulle få koma heim att. I staden ligg han no her på båra. Men me ynskjer han velkomen heimatt til heimbygda si jord, til fedrelandet si jord som har teke mot hans blod," sa soknepresten til slutt i talen sin.

Det vart lagt mange kransar med vakre minneord, frå far og sysken, frå ungdomskameratar i heimbygda, frå militære avdelingar, frå Vik kommune og Arnafjord sokn, frå mange lag og næringsverksemder.

Krigsmedaljen post mortem

Oskar Dale vart tildelt Krigsmedaljen med diplom post mortem våren 1946. Den landmilitære sjefen for Vestlandet general Roscher Nielsen kom saman med tre andre offiserar til Framfjorden med ekstrabåt frå Bergen. Han overleverte medaljen ved ei høgtideleg tilstelling i Talkmølla i Framfjorden der Oskar hadde arbeidd. Generalen heldt ein gripande tale, og overleverte medaljen med desse orda:
"Eg har sjølv ynskt å reisa hertil for å syna den falne Mor Noreg sin son denne hylling. På vegne av landets forsvarsmakt overleverer eg far hans denne medaljen med takk fordi han har gjeve landet ein så staut son."

Minnestein på grava

Ungdomslaga i Framfjorden og Arnafjorden gjekk straks etter krigen saman om å reisa minnesteinar over dei falne frå kommunen. Minnesteinen på krigsgrava i Arnafjord vart avduka andre pinsedag, 10. juni 1946. Grava var pynta med levande blomar i nasjonalfargane, planta slik at dei danna det norske flagget. Sokneprest Søvde heldt minnetalen, og til slutt overleverte formannen i samnemnda for ungdomslaga minnesteinen til Arnafjord kyrkjelyd.

Uhell

Ein skøyt på steinen skuldast eit transportuhell. Etter at steinen var teken på land på bryggja på Nese og emissær og steinhoggar Adolf Hansen frå Bergen var ferdig med å hogga innskrifta, skulle steinen fraktast opp til kyrkjegarden med hest og kjerre. Det var då dei skulle heisa den tunge steinen opp på kjerra med vinsjen i kaihuset at uhellet skjedde. Kjettingen rauk og steinen brotna tvert av i to deler. Heilt ufrivilleg vart det på denne måten ei enklare oppgåve å få den tunge steinen på plass på kyrkjegarden, og ved hjelp av to boltar vart dei to delene sett saman slik at skøyten nesten ikkje viser.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948-1951.
Pridlao. 1/1995, Vik lokalhistoriske arkiv.
Sogns Avis. 14.03 og 13.06.1946.
Sandvik, Harald: Frigjøringen av Finnmark 1944-1945. Oslo 1975.