Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 03. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Krigsgrav i Førde - Torberg Haaland



Ingeniør og fenrik Torberg Haaland var den eine av to frå Førde kommune som fall for fedrelandet under andre verdskrigen. Han vart gravlagd på kyrkjegarden i Førde 11. august 1945. Ei tid etter vart det reist ein minnestein på grava hans.

Torberg Haaland ligg gravlagd ved sida av foreldra på kyrkjegarden i Førde. Grava er den einaste krigsgrava i Førde kommune.

Torberg Haaland ligg gravlagd ved sida av foreldra på kyrkjegarden i Førde. Grava er den einaste krigsgrava i Førde kommune.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Grava

Grava til Torberg Haaland ligg nokre få meter frå det søraustre hjørne av kyrkja. Haaland ligg gravlagd ved sida av foreldra sine, skulestyrar på Mo jordbruksskule 1918-1935, Sivert Haaland (1877-1935) og Gina (1877-1933). På grava står ein hoggen granittstein med innskrifta: FENRIK TORBERG HAALAND * INGENIØR * 4-10-1915 * 2-7-1945. Skulestyrar Lars Hustveit på Mo jordbruksskule ordna med å få reist minnesteinen.

Biografi i bokverket Våre falne

HAALAND, TORBERG, ingeniør og flyfenrik, Oslo. Født 4. oktober 1915 i Førde, s. av Sivert Haaland, f. 1877 i Kyrkjebø, og Gina f. Relling, f. 1877 i Norddal. Diplomingeniør fra N.T.H. Var ved Norges Statsbaner. Dro til England våren 1941 med en fiskerskøyte og ble utdannet til flyger i Toronto. Var flyinstruktør til 1944, og kom da til England hvor han gjorde aktiv tjeneste i en Mosquitosquadron. Under et flytokt over Sørlandet 2. juli 1945 falt flyet i sjøen og eksploderte. Gravlagt i Førde. Omtalt i Teknisk ukeblad nr. 25, 11. oktober 1945, og i Verdens Gang 9. juli samme år.

Ønskte å takka folk i Askvoll

Haaland kom seg over til Shetland og England med hjelp av folk i Askvoll. Under eit flytokt på norskekysten heilt mot slutten av krigen, fann han høve til å ta ein avstikkar over Førde og Mo jordbruksskule der han var fødd og oppvaksen. Det var siste gongen han såg heimbygda si.

Ved urne-nedsetjinga på kyrkjegarden i Førde 11. august fortalde broren Aslak at Torberg fleire gonger hadde sagt at så snart han fekk høve, ville han reisa på besøk til Førde og Mo. Han ville og ta turen ut til Askvoll for å takka folket der ute for hjelpa dei gav han våren 1941.

Gravferda

Torberg Haaland var 29 år gammal då han saman med ein annan flygar omkom på tenesteoppdrag. Flyet deira, eit to-motors bombefly, styrta over Larviksfjorden ved Stavern 2. juli 1945. Han vart kremert i Oslo måndag 9. juli, og gravlagd frå Førde kyrkje 11. august. Bygdebladet Firda hadde omtale etterpå.

"Flagga vaia på halv stong då den gripande sørgjehøgtida tok til. Ei stor folkemengd var møtt fram for å syna Torberg Haaland den siste takk og ære for den store innsatsen hans under krigen. Kordøra var flankert av to store norske flagg og framføre alterringen stod urna på eit lite bord, pryda med blomar. Ved sida brann to lys, og to soldatar stod æresvakt.

Sokneprest Kvarstein heldt talen. Han minna om at når freden vart vunnen, var det fordi så mange hadde vore viljuge til å setja livet inn i striden for fridommen. Ein av desse var Torberg Haaland. Han var utdanna maskiningeniør og hadde ein god og trygg stilling, men då fedrelandet var i fare, valde han å vera med og verja det.

Ved grava stod oppstilt ei avdeling soldatar frå 4. vaktbataljon. Det vart lagt ned fleire kransar, - major Ese frå vaktbataljonen, skulestyrar Hustveit frå Mo jordbruksskule, lærar Gjerland frå folkeskulen Torberg gjekk i, og lensmann Schei frå Førde Idrettslag. Til slutt bar broren Aslak, fram ei takk til folket og bygda."

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948.
Bygdebladet Firda, fleire nummer, 1945. Førde.
Opplysningar frå:
Kyrkjeverja i Førde.
Aslak Haaland, 1361 Østerås.

PERMANENT IDENTIFIKATOR