Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Per Faleide



Minnesteinen over soldaten Per Faleide står på grava hans ved Innvik kyrkje. Han var ein av åtte frå Sogn og Fjordane som fall under kampane i Valdres i april 1940. Minnesteinen vart avduka 17. juni 1945. Det vert lagt ned krans kvar 17. mai.

Det er tradisjon å leggja ned krans ved minnesteinen over Per Faleide kvar 17. mai. Dette er frå kransenedlegginga i 1999. Ordførar Oddvin Drageset står med kransen, ved sida står Per Ove Reme og Randi Bjørnset held flagget.

Det er tradisjon å leggja ned krans ved minnesteinen over Per Faleide kvar 17. mai. Dette er frå kransenedlegginga i 1999. Ordførar Oddvin Drageset står med kransen, ved sida står Per Ove Reme og Randi Bjørnset held flagget.

Eigar: I Fjordingen.

Datering: 1999.

Fotograf: Fjordingen.

Felttoget i Valdres

Dagane etter det tyske overfallet på Norge, 9. april 1940, møtte mobiliserte mannskap frå Nordhordland og Sogn og Fjordane på Voss. Ei veke seinare vart Infanteriregiment 10 (IR 10) ordra austover for å ta del i kamp mot framrykkande tyske styrkar nordover mot Hallingdal og Valdres. Strategien var å driva opphaldande strid i påvente av alliert innsats. Nær 4000 mann vart transporterte med tog til Gol og derifrå med bil over til Valdres. Den tyske strategien var å ta kontroll over veg- og jernbanesambandet mellom Oslo og Bergen.
Nordmennene beit godt frå seg ved fleire høve. Dei seinka den tyske framrykkinga, men måtte i det lange løp gje opp mot ein militær overlegen motstandar. 30. april var siste kampdagen og 1. mai kapitulerte dei norske styrkane ved Lomen i Vestre Slidre. Mannskapa var då heilt utkøyrde og ingen allierte hadde kome til hjelp.
Felttoget i Valdres varte i 10 dagar med store tap på begge sider. Tyskarane hadde 159 døde og vel 360 såra. Dei norske tapa var monaleg mindre, 46 døde og 240 såra. Frå Sogn og Fjordane fall sju, medan ein døydde ei tid etter av sjukdom han pådrog seg.

Fall i Nord-Aurdal

Under retretten frå Tonsåsen og Bagn kom det til kampar i Aurdalen. 28. april hadde andre bataljon av Infanteriregiment nr. 10 (BN II/IR 10) lege i førebudde stillingar sidan klokka 2 om natta. Ein matforsyningsbil med tre mann vart skoten på. Per Faleide, som køyrde bilen, vart råka og drepen. Dei to andre greidde å koma seg attende.

Biografi i bokverket "Våre falne"

FALEIDE, PER OLSON, dampskipsekspeditør, Innvik. Fødd 22. august 1917 i Innvik, son til Ole I. Faleide, fødd 1878 i Innvik, og Elisabet P., fødd Grjothaug, fødd 1892 i Hornindal. Kurs på fylkesskule. Var dampskipsekspeditør, sagbruksarbeidar, jordbruksarbeidar og sjåfør. Tenestegjorde under krigen som kusk i trenet. Fall under kampane i Valdres 28. april 1940. Gravlagd i Innvik.

Minnestein reist i 1945

Minnesteinen på grava til Per Faleide vart avduka 17. juni 1945. Det var sambygdingane som stod bak. Høgtida byrja med takkegudsteneste der sokneprest Roe gjorde teneste. Etterpå samlast folket ved grava der ei tropp frå heimestyrkane stod æresvakt. Ordførar Hallvard Sindre heldt avdukingstalen. Han minte om motstanden i 1940 og striden for fridommen seinare, mot barbari, underkuing og ukultur. I denne kampen var soldatane som fall i Valdres med og sette kursen mot å vinna att fridommen. Tannlege Rake bar fram ei helsing frå heimestyrkane og frå kameratar som var ute i 1940.

Høve-song

Det var laga ein song til avdukinga. Eitt av versa lyder slik:

Vi steinen reiste her
Til minne om di ferd,
Den vitna kann
Om ungdoms fagre verk,
Og tru so fast og sterk.
Om kampen hard og tung,
Som fridom vann.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordabladet. Juni 1945.
Bragstad, Jakob: Fjordane infanteriregiment nr. 10. I gamal og ny tid. Elanders forlag. 1996.
Aas, Sverre: Sogningane rykkjer fram. I fotefara til vestlendingane og glimt frå krigen i Valdres 1940.. Artikkel i Årbok for Sogn 1986.

PERMANENT IDENTIFIKATOR