Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. februar 2001

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Rå-data

Krigsgrav i England - Martin Flo, Stryn



På ein gravstad i Greenwich i London er eit felt for norske graver. Mange av gravene har same type gravstein; dei er alle krigsgraver frå verdskrigen 1939-1945. På ein gravstein står namnet MARTIN FLO.

The Norwegian Section på den store gravstaden på Shooters Hill, Greenwich, London. Gravstaden høyrer til den norske sjømannskyrkja i Rotherhith, London.

The Norwegian Section på den store gravstaden på Shooters Hill, Greenwich, London. Gravstaden høyrer til den norske sjømannskyrkja i Rotherhith, London.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi i bokverket Våre Falne

Portrettbilete av Martin Flo.

I bokverket Våre Falne står det fylgjande om Martin Flo:
"FLO, MARTIN, handverkslærar, Stryn. Fødd 29. august 1912 i Stryn, s. til Bent Berntsen Flo, f. 1878, og Kristianna Amundsdatter, f. 1874. Fylkesskule, kunsthandverksskule og småbrukslærarskule. Gjekk på ski til Sverike. Kom til England etter å ha reist jorda rundt. Var i Kompani Linge og skulle vera med i eit fallskjermslepp i Noreg, men miste livet på veg til flyplassen då dei køyrde mot ein bil som stod parkert på feil side. Gravlagd i Greenwich Cemetry, Shooters Hill, England."

Krigsgrav

Grava til Martin Flo er døme på ei norsk krigsgrav i utlandet ivareteken av den norske krigsgravtenesta. Ho er freda og skal haldast ved like utan avgrensing i tid.
Krigsgravtjenesten vart oppretta like etter verdskrigen 1939-1945 og hadde som oppgåve å spora opp og identifisera falne norske krigsmenn i utlandet, syta for å føra heim falne når pårørande ynskte det, og setja i stand og halda vedlike graver i utlandet. Seinare fekk Krigsgravtjenesten og ansvaret for gravene til utanlandske falne i Noreg.
Krigsgravtjenesten samarbeider med The Commonwealth War Graves Commission.

Bilete av gravminnet på grava til Martin Flo.

Bilete av den nye standardmodellen for offisielle gravminne.

Vedlikehald

Den norske kyrkjegarden i Greenwich, som vart teken i bruk i 1938, var i mange år ein prydkyrkjegard med regelmessig vedlikehald finansiert av bydelskommunen. Seinare kom kyrkjegarden i forfall, og sjømannskyrkja klaga til The Commenwealth War Grave Commission som straks sende ein delegasjon over til Norge for å sjå på korleis krigsgraver blir stelte her i landet. Turen hadde god verknad. Kyrkjegarden vart straks rusta opp og har seinare vore godt vedlikehalden.

Open kvar dag for besøkande

Kyrkjegarden er open dagleg for besøkande. Ei informasjonstavle ved inngangen gjer det lett å finna fram til det norske gravfeltet. Ein kan og venda seg til kyrkjegardskontoret på staden. "Den norske kirkegård" er innhegna med hekk. Gravene ligg regelmessig på rekkje og rad, kring 100 i alt, og heile feltet ber preg av regelmessig stell. Gravfeltet er framleis i bruk.

Bilete av den norske kyrkjegarden i London i bruk.

kjelder:

Våre falne.. Den norske stat. Oslo. 1947.
Krigsgravtjenesten i Norge. Orientering frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. 2000.
Opplysningar frå:
Sjømannsprest Helge Petterson, London.

PERMANENT IDENTIFIKATOR