Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein i Eivindvik over lensmann Bredvik



Augustin Bredvik (1868-1952) var lensmann i Gulen i meir enn 40 år. Ein av "dei byggjande menn i Vestlandsbygdene", skreiv "Firda" i eit minneord. Den 15. august 1954 vart det avduka ein minnestein på grava hans ved kyrkja i Eivindvik.

Minnesteinen på grava til Augustin Bredvik (midt i biletet) står på sørsida av kyrkja i Eivindvik. Han vender no mot vest medan han opphavleg vende mot aust.

Minnesteinen på grava til Augustin Bredvik (midt i biletet) står på sørsida av kyrkja i Eivindvik. Han vender no mot vest medan han opphavleg vende mot aust.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Ole Stian Hovland.

Minnesteinen

Minnesteinen er samansett av to hovudelement, ein ståande del med slipt namnestein i ein mørk bergart mot ei noko lysare "råme", og framfor ein horisontalt plassert del med ein krossmerkt stein og eit felt for blomar innfelt i ein låg karm. Steinen vender mot vest, og det står:

LENSMANN * A. BREDVIK * FØDT * 20. JANUAR 1868 * DØD * 15. MARS 1952
Seinare er sett til: OG HUSTRU * RAGNA * FØDT * 25. SEPTEMBER 1886 * DØD * 24. OKTOBER 1979

Nedst på steinen står: REIST AV SLEKT OG VENNER
Minnesteinen vart avduka 15. august 1954.

A. Bredvik

Augustin Kristianson Bredvik, fødd 20.01.1868 i Bremanger, var son til bonde og fiskar Kristian Hansson Bredvik og Anne Jørgine Klausdotter Botn. Han var gift to gonger, 2. gongen 28.09.1926 med Ragna Johanne Rasmusdotter Møklebust (1886 - 1979) frå Nordfjordeid. Begge ekteskapa var barnlause. Han døydde 15. mars 1952.

Augustin Bredvik gjekk amtsskulen (folkehøgskule) i Florø og Mo jordbruksskule i Førde. Yrkeslivet byrja med fem år som lensmannsbetjent i Selje, deretter 1 ½ år i Bergen, før han vart lensmann i Gulen ved juletider 1896, ei stilling han hadde til han gjekk av 20. januar 1948.

Engasjert i samfunnslivet

Bredvik var ein mykje aktiv person i samfunnslivet både lokalt i Gulen og vidare; - i offentlege organ, i næringslivet og organisasjonslivet. Han var mellom anna medlem av kommunestyret i nesten 40 år, og formann i forliksrådet i over 30 år. Som venstre-politikar på nasjonalt nivå var han vararepresentant frå Sogn og Fjordane fylke i tre periodar i åra 1922-1930. Han sat i styret for Fylkesbaatane og Sogn Billag, høvesvis 44 og 8 år. Elles var han sterkt interessert skogsaka og engasjerte seg i styret for fleire styringsorgan; - formann i Gulens Skoglag i 46 år, styremedlem i Bergens Skogselskap i åra 1916-1942, frå 1942 formann i formann i Sogn og Fjordane skogselskap som dette året vart skilt ut frå Bergens Skogselskap. Lensmann Bredvik var og med i styret for Gulen Sparebank, frå 1916 til 1925 som styremedlem, og frå 1925 til 1943 som formann. I tillegg hadde Bredvik ei rekkje andre tillitsverv.

Medaljen for Borgardåd

I eit minneord vart det sagt om han: "--- lensmann Bredvik var ein av dei byggjande menn i Vestlandsbygdene, ein særmerkt personlegdom, uvanleg evnerik og vyrd av alle som kom i samband med honom."

Augustin Bredvik vart heidra med Medaljen for Borgardåd.

Minnesmerket endra

I år 2001 er minnesmerket annleis enn då det vart reist. Endringane skuldast dels overlagde inngrep, dels at tida har tært på skrifta. Namnesteinen er snudd 180 grader, frå aust mot vest, og den liggjande delen er graven ned til bakkenivået., og den krossmerkte steinen ligg skeivt i høve til blomedelen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid. Gards- og ættesoga. Band I, 2. utgåve. Stavanger 1996.
Firda. 16.01.1948. Førde.
Firda. 18.03.1952. Førde. Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Sandane 1973.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-96066 Gulen Sparebank.

PERMANENT IDENTIFIKATOR