Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. februar 2003

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein på grava til jordbruksskulestyrar Martin Luther Storm



Martin Luther Storm, f. 1836, er ein av dei store i landbrukssoga til Sogn og Fjordane. Då fylket la ned landbruksskulen på Mo i 1870, kom Storm inn som forpaktar frå våren 1873 og dreiv skulen til 1907 då fylket på ny tok over. Han døydde hausten 1916 og sommaren 1922 reiste elevar ein minnestein på grava hans på kyrkjegarden i Førde.

Minnesteinen på grava til Martin Luther Storm på kyrkjegarden ved Førde kyrkje. Grava er på austsida av kyrkja.

Minnesteinen på grava til Martin Luther Storm på kyrkjegarden ved Førde kyrkje. Grava er på austsida av kyrkja.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Etter at Storm let landbrukskulen på Mo over til fylket, busette han seg som forpaktar på klokkargarden Solberg i Førde. "Her lever jeg nu paa mine "gamle" dager et rolig "ungkarsliv", skreiv han i eit stykke om seg sjølv i Norske landbrukskandidaters aarbok i 1915. Han døydde året etter, 23. november 1916. Sommaren 1922 reiste elevar og vener ein minnestein på grava hans, på austsida av kyrkja.

Minnesteinen er i slipt, raudleg granitt, og har denne innskrifta: Landbruksskolebestyrer * M. STORM * 6/11 1836 * 23/11 1916. * Taknemmelige elever har * reist dette minde.

Biografi

Kven var han? I boka Sogn og Fjordane Landbruksselskap 1857-1957, 1957, står denne kortfatta biografien:

STORM, MARTIN LUTHER, f. 1836, d. 1916. Ugift. Jordbruksskulestyrar. Vaks opp i Trondheim der faren var prest. Realskule, Jønsberg landbruksskule, Ås høgare jordbruksskule 1859-1861. Lærar på Bunes landbruksskule i Verdalen 2-3 år, 1865-1869 forvalter på Lysekloster ved Bergen og Stedje i Sogndal hjå godseigar Formann som var eigar av båe desse eigedommane.

I 1869 sette han i gong ein privat vinterskule i Sogndal [seinare Sogndals Folkehøgskule], men let over skulen etter to år til sin medlærar Jacob Sverdrup. 1873 pakta han garden Mo i Førde av fylket og gjekk i gong med privat jordbruksskule, men med noko tilskot frå fylket. Han dreiv skulen til 1907, då fylket overtok den.

Storm var formann i styret for Landbruksselskapet [Nordre Bergenhus Amts landhusholdningsselskap] 1874-1885 og hans velkjende ordenssans kjem tydeleg fram i det som ligg føre.

Skogsaki var hjartebarnet for Storm [..] Han fekk Skogselskapet si sylvmedalje og Kong Oscar II premi for sin innsats i skogsaki. I 1909 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

Avdukingshøgtid, søndag 30. juli 1922

Fleire hundre menneske var samla til høgtida. Stortingsmann Anfin Øen, som sjølv hadde vore elev hjå Storm, skulle halda tale, men hadde måtta melda forfall. I staden tala ein annan elev, ordførar Olai Tefre i Førde. Han ordla seg varmt og rosande om livet og arbeidet til den høgt respekterte skulestyraren på Mo gjennom 34 år. Deretter song lyden ein song skriven til høgtida av Karl Moldestad. "Det var en gripende høitidelighet at staa ved den avholdte lærers grav," skreiv ein meldar til Fjordabladet i Nordfjord.

kjelder:

Lunde, Jens: Sogn og Fjordane Landbruksselskap 100 år.
1957.
Fjordabladet. 11.07. og 08.08.1922. Nordfjordeid.
Firda. fleire nummer 1922 og 04.11.1936 Førde.
Storm, Martin Luther: I Norske Landbrukskandidaters aarbok. 1915.
Førsund, Finn Borgen: Førde bygdebok. Band 1 og 2. Førde 1990.
Soleide, Albert: I Ungdomsvenen. 1918.

PERMANENT IDENTIFIKATOR