Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Gravstein over tysk marineoffiser i Fjærland



Den 29. juli 1910 omkom ein tysk marineoffiser i Fjærland då han fall utfor fjellet på sørsida av Bøyadalen. Foreldra, herr og fru Christiani frå Berlin, kom til Fjærland i gravferda, og ordna seinare med at det kom opp ein minnestein på grava.

Fru Christiani skreiv i slutten av juni 1911 brev til Olaus Dahle, Mundal Hotell, der ho spør om arbeidet med steinen er kome så langt at han er på plass til ho kjem i slutten av juli. Både konvolutten og brevpapiret har syrgjerand.

Fru Christiani skreiv i slutten av juni 1911 brev til Olaus Dahle, Mundal Hotell, der ho spør om arbeidet med steinen er kome så langt at han er på plass til ho kjem i slutten av juli. Både konvolutten og brevpapiret har syrgjerand.

Eigar: Fylkesarkivet/Hotell Mundal, privatarkiv SFF-87001.

Innskrifta

Minnesteinen står på sørsida av kyrkja på den austre delen av kyrkjegarden. Emnet til steinen er truleg funne ein stad i Fjærland. Målaren Ivar Rusti, busett i Bergen, laga form til innskrifta.

På framsida står i tre vertikale liner under eit solkors-symbol:
WALTHER CHRISTIANI LEUTNANT ZUR SEE
WAS FREI UND GROSS AUF ERDEN HAT DIESES
HERZ GEKANNT

(På norsk: Namnet hans - marineløytnant. Det som er fritt og stort på jorda, kjende dette hjartet til.)

Under kranssymbol på baksida står:
GEB 14 JAN 1886 GEST 29 JULI 1910
(På norsk: Fødselsdato og år, dødsdag og år.)

Ulukka

I ei årrekkje var den tyske keisar Wilhelm II i Sogn med skipet sitt "Hoenzolleren" og mange krigsskip i fylgje. Dei var og inne i Fjærland. På ulukkesdagen 29. juli 1910 var nokre av mannskapet på land og gjekk på tur opp mot Flatbreen. Walther Christiani var saman med nokre andre oppe i ein botn på høgdedraget vest for Flatbreen mot Bøyadalen. Det var her han datt utfor og fall fleire hundre meter nedover.

Leitemannskapa tok seg opp frå Bøyadalen og fann den omkomne ille medfaren. Ulukka gjorde sterkt inntrykk i bygda. Det vart sagt seinare at aldri hadde det vore så mange med i noka gravferd.

Stadnamn

Særskilde hendingar nedfeller seg stundom i nye stadnamn. Det skjedde også etter den fælslege ulukka i Fjærland. Staden han fall frå kallast Tyskarbotn og eit fjell austanfor heiter Tyskarnipa.

Far til den omkomne - kjend lækjar i Berlin

Far til den omkomne seiest å vera ein kjend lækjar i Berlin. Det har jamvel vore nemnt at han var borgarmeister i den tyske hovudstaden. Ikkje noko av dette er stadfesta. Derimot veit me at foreldra kom til Fjærland i gravferda, og at dei sytte for å få ordna med gravminne. På heimvegen var dei innom målaren Ivar Rusti i Bergen og ba han om å laga form til innskrifta, og i Fjærland hadde dei hotelleigar Olaus Dahle som hjelpesmann. Steinen kom på plass sommaren 1911 og fru Christiani planta dei fyrste blomane ved gravminnet i slutten av juli.

kjelder:

Sogningen. 05.08.1910.
Privatarkiv SFFf-87001 Mundal Hotel.
Opplysningar frå:
Anders J. Bøyum, Fjærland, Sogndal.