Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. mars 2004

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Krigsgrav i Sandefjord - Thor Nicolay Devig



Thor Nicolay Devig (1888-1942) voks opp på Skei i Førde, og reiste for godt ut i verda vel 20 år gammal. Frå 1909 vart han buande i Sandefjord. Under krigen kom han med i illegalt arbeid og vart arrestert våren 1941. Han døydde i fengsel i Hamburg 30. januar 1942.

Eigar: Fylkesarkivet/Thor N. Devig.

Datering: 2003.

Fotograf: Thor N. Devig.

Biografi i bokverket Våre falne

DEVIG, THOR NICOLAY, elektriker, Sandefjord. Født 12. august 1888 i Førde, s. av urmaker Rasmus Devig, f. 1855 i Bergen, og Anne f. Nilsen, f. 1851 i Lom. Gift 1914 i Sandefjord med Bertha Johanne Borgersen, f. 1891 s.st. 1 barn. Var ved krigsutbruddet bilelektriker og maskinist ved Verdensteatret i Sandefjord. Var med i illegalt arbeid med aviser og radiosender. Arrestert 15. mars 1941, satt på Møllergata 19. Åkebergveien, Grini og Akershus. Dømt til døden, men benådet til 3 års tukthus på grunn av bevisets stilling. Ble sendt til Tyskland 10. januar 1942, og døde 30. januar 1942 i fengsel i Hamburg. Gravsatt i Sandefjord. Omtalt i ''Sogningane og Fjordingane i Vestfold'', s. 38.

Frå omtale i avisa Firda

Bygdeavisa Firda i Førde hadde omtale av Devig 9. juni 1945. Her står mellom anna:

''Berre 14 år gamal drog han til Danmark og var på ymse arbeid der nede, til han reiste heimatt til Førde i 1905. Men nokre få år seinare bar det atter ut, denne gongen på lære. Han tok eksamen ved den elektrotekniske skulen i Oslo 1909 og vart straks etter tilsett i ein elektrisk forretning i Sandefjord og frå 1920 arbeidde han på Bilsentralen i same byen.

I 1937 var han og kona på vitjing i Førde. Han hadde litterære interesser. I 1934 gav han ut ei gutebok ''Kaptein Umulius og uløkka''.

Dikt frå fangecella

Medan Devig sat fengsla i Oslo, dikta han ein song på 5 vers om ein sommarfugl som sette seg på ruta i det vesle cellevindauga. Diktet er signert T. T. og datert Møllergata 19, 15. september 1941. Det tredje verset er slik:

Løft dine rustrøde vinger.
du uskyld blant rovdyr på jord,
la høre hva budskap du bringer
om den krig som begynte i fjor.
La meg vite når tid jeg kan flytte
tilbake blant frie menn
og få lov til å snakke og spytte
være fri slik som du, lille venn.

Gravstein og minnetavle

Thor Nicolay Devig vart gravlagd ved urne-nedsetjing på familiegravstaden Devig på Sandefjord gamle kyrkjegard 19. august 1942.

Thor Nicolay Devig er elles oppført på ei minnetavle i Sandefjord kyrkje over sandefjordingar som fall under krigen.

Frå folketeljinga 1900

År 1900 budde Rasmus Andersen Devik med familien sin på garden Gravdalsberget, bruksnummer 2, under matrikkelgarden Skei. Han var gardbrukar og urmakar. I teljeskjemaet er oppført fire born: 1) Anna, f. 1851 (gift, husstell), 2) Erling, f. 1886 (ugift, urmakarlærling), 3) Thor, og 4) Bergit, f. 1892 (ugift).

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948.
Firda. 09.06.1945, Førde.
Opplysningar frå:
Thor N. Devig, Sandefjord.