Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. januar 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over lekpredikanten Anders Redal



På kyrkjegarden ved Vevring kyrkje står ein gravstein til minne om haugianaren og lekpredikanten Anders Redal. Steinen vart avduka hausten 1935. I talen gav kapellan Johan Julseth eit utsyn over misjonsarbeidet i Vevring på 1800-talet og fortalde om Anders Redal sin plass i dette misjonsmiljøet.

Minnesteinen på grava til Anders Redal og kona Margrete. Det er ein sementstein, kring 35 cm brei og 100 cm høg, med ei innfelt tekstplate i mørkt glas, 25 x 45 cm. Steinen vart avduka ved ei høgtid like etter gudstenesta, søndag  24. november 1935.

Minnesteinen på grava til Anders Redal og kona Margrete. Det er ein sementstein, kring 35 cm brei og 100 cm høg, med ei innfelt tekstplate i mørkt glas, 25 x 45 cm. Steinen vart avduka ved ei høgtid like etter gudstenesta, søndag 24. november 1935.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnestein ved Vevring kyrkje

Minnesteinen står ved Vevring kyrkje på den sørvestre delen av kyrkjegarden. På ei mørk glasplate innfelt i steinen står:

Anders Redal * 11/11 1811 * 22/2 1896 * og kona * Margrete * f. Martens * 17/12 1820 * 5/11 1848 * Dei som hev ført * mange til rettferd * skal skina som stjernor * æveleg og alltid * Dan [Profeten Daniels bok] 12.3

Minnestein om lekpredikant og misjonsarbeid

Steinen vart avduka søndag 24. november 1935 like etter gudstenesta. Sokneprest Johan Julseth (kapellan i Førde prestegjeld 1932-1937) helt tale der han gjorde greie for kva Anders Redal hadde vore som lekpredikant både i si eiga bygd og andre stader.

Sjølv om støtta på grava til Anders Redal og kona Margrete ser ut som ein heilt vanleg gravstein, og det ikkje er skrive på steinen at det var ein vidare krins enn nære pårørande som reiste han, er det likefullt ein minnestein av allmenn interesse. Han er ikkje berre eit synleg minne om ein av fleire lekpredikantar frå Vevring på 1800-talet, men òg om misjonsarbeidet i bygdene i dette kyrkjesoknet, på begge sidene av fjorden, - ikkje minst kvinnnene sin innsats gjennom fleire kvinneforeiningar.

Anders Redal

Lars Anders Redal (1811-1896) var son til Andreas Madsson (kr. 1776-1850) Nedre Redalen og Judit Sofia Larsdotter Nedre Redalen (1789-1875).

Han var med og skipa Vefring Sogns Missionsforening i 1844, berre to år etter Det Norske Misjonsselskap. Redal var ein kjend forkynnar i Hauge-rørsla, og reiste vida, av og til saman med broren Lars. Anders Redal var elles ein samfunnsengasjert mann, og aktivt med i kommunalt styre og stell i Vevring, m.a. som ordførar 1858-1863.

Skriftlege kjelder

Få misjonsforeiningar har så rikhaldige skriftlege kjelder om arbeidet opp gjennom tidene som misjonsforeininga i Vevring. Det føreligg noteringar om arbeidet heilt frå starten i 1844. Dessutan finst det misjonshistoriske Vevring-spor i Misjonselskapet sitt blad Norsk Misjonstidene. Her er to døme:

Foreiningsprotokoll 1844-1950:

"Hos Lars A. Vefring blev Misjonsmøde affholdt den 2den September, i hvilket Møde læstes af Missions-Tidende No 12, 10. Aargang og tillige holdt Bøn af Anders Redal og O. Svanø. Missionssalmen No 19 blev afsjungen [.. ..].

Norsk Missions-Tidende, 11/1870, gåveliste for Bergen krins:

.."Vefrings Ms [Misjonsforeining] ved Anders Redal 13 Spd 113 sk. Do Kvf [kvinneforeining] ved Do 21 Spd 79 sk. .."

Misjonsarbeid i Vevring

Då NMS-foreininga i 1944 runda 100 år laga klokkar Ola Stubhaug ei 100-årsmelding. Han skreiv mellom anna: "Gjennom desse 100 åra [.. ..] har det vore mange truande misjonsvener her i bygda [.. ..] Dei har samla folket i Vevring om Guds ord og misjonen, og misjonsforeininga har vore det samlande merke i krinsane like til no, men mest i dei fyrste 50- 60 åra. Vevring Misjonsforeining har vore ein stor kristeleg faktor i bygda."

I boka Vevring - kyrkjer og kyrkjelyd, 1996, fortel forfattaren Olav Stendal, om det livskraftige misjonsarbeidet som voks fram i Vevring, om vekkingstider, kvinneforeiningane sitt trufaste arbeid, og - utanom Anders Redal -, om fleire personar som vart godt kjende: systrene Stina og Maren Underli, Erik Olsen Thingnæs (1781-1861), Anders N. Haave (1809-1867), Mads Iver Wefring (1819-1894), misjonær Markus J. Horne (1862-1945), o.fl.

kjelder:

Kleiveland, Geir: Naustdal bygdebok. Gards og ættesoge. Band I, s. 357 fg., 1995.
Kleiveland, Geir: Naustdal bygdebok. Allmennsoge. Band II, s. 383-388.
Stendal, Olav: Vevring - kyrkjer og kyrkjelyd. 1996.
Firda Folkeblad. 29.11.1935. Florø.
Vevring misjonsforening: Lagsprotokoll 1844-1950.

PERMANENT IDENTIFIKATOR