Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. august 2001

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein på krigsgrav - Paul Ytrehorn



På kyrkjegarden ved Hornindal kyrkje står to minnesteinar over falne i andre verdskrigen. Den eine står til minne om dei tre ungdommane frå Hornindal som sette livet til i krigen. Den andre står på grava til ein av dei, Paul Ytrehorn.

Minnesteinen over Paul Ytrehorn står på grava hans, på nordsida av Hornindal kyrkje.

Minnesteinen over Paul Ytrehorn står på grava hans, på nordsida av Hornindal kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi i bokverket Våre Falne

"YTREHORN, PAUL ALFRED OLAI, agronom, Hornindal. Fødd 27. desember 1916 i Great Falls, Montana, U.S.A., son til gardbrukar Knut E. Ytrehorn, fødd 1885, og Kristine fødd Haugen, fødd 1894, båe i Hornindal. Framhaldsskule, jordbruksskule. Var med i krigen i Noreg, og vart skoten 21. april i Valdres, då han var ute med ein patrulje som hadde ordre om å sprengja ei bru. Gravlagd i Hornindal."

Portrettbilete av Paul Alfred Olai Ytrehorn.

Minnesteinen

Paul Ytrehorn ligg gravlagd på nordsida av kyrkja. Minnesteinen er i hoggen granitt med innfelt bronserelieff. Det usignerte relieffet er laga av P.O. Svor.
På steinen er innhogge:

PÅL YTREHORN * [fødd] 27 - 12 - 196 * FALL FOR FEDRELANDET * [død] 21 - 4 - 1940

Bilete av bronserelieffet, laga av P.O. Svor.

Bakgrunn - felttoget i Valdres

Dagane etter det tyske overfallet på Norge, 9. april 1940, møtte mobiliserte mannskap frå Nordhordland og Sogn og Fjordane på Voss. Etter kvart vart styrkar sende austover for å ta del i kamp mot tyske styrkar som rykte nordover mot Hallingdal og Valdres. Strategien var å driva opphaldande strid i påvente av allierte styrkar. Den tyske strategien var å ta kontroll over veg- og jernbanesambandet mellom Oslo og Bergen.

Under felttoget i Valdres beit nordmennene godt frå seg ved fleire høve. Dei seinka den tyske framrykkinga, men måtte i det lange løp gje opp mot ein militær overlegen motstandar. Den 30. april var siste kampdagen og 1. mai kapitulerte dei norske styrkane ved Lomen i Vestre Slidre. Mannskapa var då heilt utkøyrde og ingen allierte hadde kome til hjelp.

Stridane i Valdres varde i 10 dagar med store tap på begge sider. Tyskarane hadde 159 døde og vel 360 såra. Dei norske tapa var monaleg mindre, 46 døde og 240 såra. Frå Sogn og Fjordane fall sju, og ein døydde ei tid etter av sjukdom han pådrog seg.

Pål Ytrehorn fall ved Kronborg bru

Den 21. april rykte ein norsk styrke sørover mot Dokka på austsida av Randsfjorden med oppdrag å ta Kronborg bru eit kort stykke lenger nede. Styrken kom i kamp og greidde i fyrste omgang å pressa fienden attende til området aust/sør for elva. Men alt dagen etter måtte dei norske styrkane trekkja seg attende. Paul Ytrehorn fall i patruljestrid den 21. april eit stykke nord for brua. Sju soldatar vart såra. Ytrehorn vart gravlagd i Valdres, men seinare flytta heim til Hornindal.

Kart over Randsfjorden med patruljeruta.

kjelder:

Våre falne. Bind 4, Oslo 1948.
Bragstad, Jakob: Fjordane Infanteriregiment nr. 10 i gamal og ny tid. Erlanders Forlag. 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR