Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. mai 2007

Sist oppdatert 24. oktober 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein over biskop Peter Hognestad



Peter Hognestad var biskop i Bjørgvin i åra 1916-1931. Han døydde 2. september 1931 og vart gravlagd i Bergen "Hognestad var folket sin mann", skreiv Fjordabladet i minneordet sitt. "Med si varme og folkelege forkynning på folkemålet [nynorsk] vann han alle hjarto både i bygd og by." I 1933 vart det reist minnestein på grava hans.

Minnesteinen over biskop Peter Hognestad på Solheim kyrkjegard i Bergen.

Minnesteinen over biskop Peter Hognestad på Solheim kyrkjegard i Bergen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen sommaren 2007

Hognestad-steinen står eit kort stykke sør for gravkapellet på Solheim kyrkjegard. Han står i øvste enden av eit familiegravfelt på 6 x 3 meter som er omgjeve av ein låg mur i naturstein. I andre enden er ein smijernsport. Utanom den store steinen står det fem låge gravsteinar inne på gravfeltet. Ei velvaksen rogn står tett attmed minnesteinen. Yngre skot har vokse opp frå stuven av ei anna rogn ved steingarden midt på. Elles er mispel, rogn og svarthyll i frodig vokster attmed steinrekkjene. Marka er grasgrodd blanda med mose, gul lerkespore og eit par einstapar.

Portrett og innskrift

Minnesteinen er godt og vel to meter høg og 80 cm x 45 ved rota. Han smalnar svakt mot avrunda topp på alle sidene til 60 cm x 38. Relieffet i støypt bronse er 34 x 44 cm. Under relieffet står denne innskrifta, forma med runeliknande skriftteikn:

PETER HOGNESTAD
BISKOP I BJØRGVIN
(teikn for fødd) 12-11-1866 (teikn for død) 1-9-1931
GABRIELLE DORTHEA HOGNESTAD
(teikn for fødd) 5-3-1872 (teikn for død) 18-12-1945
På baksida:
VENER OG * KJENNINGAR * SETTE DETTE * MINNET

Opprop

Det var etterfølgjaren til Peter Hognestad, biskop Andreas Fleischer, som gjorde opptaket til å reisa Hognestad ein minnestein. I august 1932 sende Fleischer ut eit opprop. Han hadde stått ved grava hans olsokdagen og tenkt på Hognestad sitt arbeid som biskop gjennom 15 år, reisene hans, talane og påkjenningane. Fleischer ynskte å telja til at folket no gjekk saman om å reisa han ein "vyrdeleg minnestein." Han nemnde og at jærbuen Staale Kyllingstad alt hadde laga ei portrettbyste av biskopen.

Avdukinga

Minnestein var avduka søndag 20. august 1933 med kring to tusen menneske tilstades. I fylgje Fjordabladet var steinen henta frå Jæren. Steingjerdet rundt grava var laga etter "jærsk mynster" og "jærsk lyng" dekte grava.

Konstituert domprost Knudsen heldt avdukingstalen og la ned krans frå Den norske kyrkja. Lærar Olav Hoprekstad la ned krans frå Vestlandske lærarstemna og frå Noregs Ungdomslag, skulestyrar Olav Vevle frå Det norske avholdsselskap (DNT) og lærar Eirik Hirth frå Vestlandske Maallag. Sonen, dokter Hans Hognestad, takka for æra som på denne måten var vist faren. Eit kor frå Menighetsfakultetet slutta høgtida med Fager kveldssol smiler, salmen som Hognestad sjølv omsette frå tysk.

Personopplysningar

Peter Hognestad vart fødd 12. november 1866 i Time på Jæren. Foreldra hans var gardbrukar Hans Eivindsson Hognestad og Tabita Pedersdotter Herikstad. Han vart gift 27. juni 1895 med Gabrielle (Ella) Dorthea Aasland, dotter til Christoffer Åsland og Marie Mossige. Hognestad tok studenteksamen ved Kongsgård skole i Stavanger og teologisk embetseksamen ved Universitet i Kristiania i 1891. Han hadde særleg interesse for Det gamle testamentet, og fekk i 1895 Kronprinsens gullmedalje for ei oppgåve om kjeldene til Mosebøkene og Josvaboka.

Hognestad var ei tid sekretær i Stavanger Ynglingeforening (kristeleg ungdomslag) før han i 1896 vart lærar på Notodden private lærarskule. Hognestad var ein føregangsmann i målreisinga og nytta tidleg nynorsk skriftmål. Frå 1903 tenestgjorde han som stiftskapellan i Kristiania med særleg oppgåve å halda gudstenester på nynorsk. I desse åra var han mykje nytta som talar på ungdomsstemne rundt om i landet. I 1908 vart han lærar på den nyskipa presteskulen Menighetsfakultetet.

Peter Hognestad var ein av grunnleggjarane av det nynorske kyrkjemålet. Han stod bak Tekstbok og altarbok for den norske kyrkja (1908). Han var hovudredaktør for den første utgåva av bibelen på nynorsk (1921), og han var med i arbeidet med Nynorsk Salmebok (1925). Hognestad var óg oppteken av fråhaldssaka og fredssaka. Dessutan var han interessert i historie.

I 1916 vart Hognestad utnemnd til biskop i Bjørgvin bispedøme og stod i dette embetet resten av levetida si. Han hadde gode føresetnader for denne oppgåva. Jon Mannsåker (1880-1964), prest, skulemann og politikar, samlar biskop Hognestad i desse orda:

"Med sin førstehandskjennskap til bondelivet, med sine røynsler frå skulearbeid og ungdomsarbeid, med sin teologiske lærdom og sin åndelege skyldskap både med pietismen og grundtvigianismen hadde han vilkår for å koma folket nær. Såleis gjekk det og. Han fekk etter kvart ei tillit og ein vørdnad - særleg i bygdene - som vel berre få bispar på Vestlandet før har hatt."

Peter Hognestad døydde 1. september 1931 i Bergen og vart gravlagd på Solheim kyrkjegard.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordabladet. 04.08, 09.08, 10.08. 1932, 24.08.1933
Firda Folkeblad. 04.09, 08.09.1931
Norsk biografisk leksikon. 0000
Informasjon frå:
Herborg Kverneland, Time.

PERMANENT IDENTIFIKATOR