Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Krigsgrav på Kinn - brørne Æsø



Det står tre namn og ein dødsdato på ein gravstein på kyrkjegarden på Kinn. Tre brør miste livet 13. januar 1941. Bak innskrifta på gravsteinen gøymer det seg ei tragisk krigshending.

Krigsgrav på kyrkjegarden på Kinn, grava til brørne Æsø som omkom då dei prøvde å demontera ei mine. I bakgrunnen den kjende fjellformasjonen Kinna-klova.

Krigsgrav på kyrkjegarden på Kinn, grava til brørne Æsø som omkom då dei prøvde å demontera ei mine. I bakgrunnen den kjende fjellformasjonen Kinna-klova.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gravsteinen
På gravsteinen står:
Brødrene
HARALD ÆSØ [Teikn for fødd] 14/3 1900
MADS ÆSØ ["] 27/3 1904
TORLEIF ÆSØ ["] 23/4 1908
[Teikn for død] 13/1 1941
Takk for alt.

Hendinga
Nokre karar på Æsøya fann ei mine drivande i sjøen. Dei fekk mina på land og prøvde å demontera henne for å få fatt i det verdfulle metallet som låg rundt sprengstoffet. Ulukka skjedde i eit sjøhus lokalt kalla Lassehuset. Mina eksploderte, - to omkom momentant, den tredje døydde kort etter. Ein fjerde mann, nevøen deira, Alf Æsø (18), berga livet ved at han nett før hadde teke opp ein trådhespel or eit barkekar og gått utom sjøhusveggen for å hengja han opp til tørk. Han vart hardt skadd og måtte sendast til sjukehus.

Gravferda
Mads Æsø var gift og etterlet seg kone og eitt barn. Dei to andre var ugifte. Gravferda var måndag 20. januar. Etter ei samling i heimen på Æsøya vart kistene førde til Kinn. Sokneprest Hjalmar Tjelta var med i heimen og gjorde teneste i kyrkja og ved grava. Brørne vart gravlagde i ei fellesgrav.

"Det kom tre svaner"
Den 22. juli 2004 hadde Malvin Toft eit stykke i Firdaposten om ei merkeleg hending på gravferdsdagen.

"Måndag 20. januar 1941 kom det tre kvite svaner dalande ned frå himmelen og la seg ved Æsøya på Skorpa. I ettertid har mange undrast på om dette berre var eit slumpetreff eller om dei var sende frå høgare makter.

At det finst mykje mellom himmel og jord som vi framleis ikkje har fått greie på, er vel noko som dei aller fleste har måtte vedgå. Det har ikkje vore kvite svaner ved Æsøya verken før eller seinare, og mange meiner det var eit signal frå høgare makter, for det var akkurat denne vinterdagen dei tre brørne Torleif, Mads og Harald Æsø vart gravlagde."

Så fortel Toft kort om hendinga, og held fram:
"Heile distriktet var i sorg, og det var ein stor sørgjeskare som følgde dei tre avhaldne brørne då dei vart gravlagde ved Kinnakyrkja. Sjølvsagt er sorga aller tyngst å bera for den næraste familie ved slike tragediar. Harald og Torleif var ugifte, men Mads var familiemann med kone og liten gut, og nokre månader seinare fødde kona enda ein liten gut som aldri fekk sjå far sin."

"Begge foreldra til dei tre omkomne var godt opp i åra då tragedien skjedde, og for dei var sorga så stor at livet vart nesten uuthaldeleg. Likevel veit ein at dei fann trøyst i dei tre kvite svanene, det kunne verke som om dei var sende frå høgare makter til trøyst i ein svært vanskeleg livssituasjon. Ja, kven veit, det er som sagt framleis så mykje som vi ikkje veit, og som vi truleg heller aldri vil få greie på?" (Så langt Toft).

Ulukke av same slag i Solund
Halvannan månad før ulukka på Æsøya var det ei liknande ulukke i Solund. Fire ungdommar frå garden Indrevær miste livet. Tre av dei var brør. Dei hadde funne ei mine som dei tok opp i naustet og prøvde å demontera.

Bokverket Våre falne hadde som mål å ta med "alle som døde under krigen (..) for så vidt som krigshandlinger var årsaken eller en vesentlig medvirkende årsak til deres død". Dei omkomne i mineulukka i Solund er med i bokverket. Redaksjonen må ha lagt til grunn at det fanst drivande miner i farvatna som resultat av ei "krigshandling."

Æsø-brørne er ikkje med i Våre falne. Det skuldast kanskje at det ikkje blei sendt inn opplysningar om dei.

kjelder:

Firda Folkeblad. 14.01, 21.01.1941.
Eithun, Grethe, m.fl: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945.
Firdaposten. 22.07.2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR