Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. februar 2006

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minnestein over Henrik og Hanna Krohn



Den store obeliskforma steinen ved kyrkja i Sogndal står på grava til Henrik og Hanna Krohn. Krohn døydde i 1879 og steinen vart truleg reist tidleg på 1880-talet. Då Hanna Krohn døydde i 1903, vart steinen ein minnestein over begge.

Minnesteinen på grava til ekteparet Henrik Krohn (1826-1879) og Hanna Krohn (1829-1903) på Stedje kyrkjegard. Den 21. januar 1868 skipa Henrik Krohn Vestmannalaget, det første mållaget i landet. På 150-årsdagen markerte Sogndal mållag hendinga med å leggja ned krans på grava hans/ved Krohn-minnesteinen.

Minnesteinen på grava til ekteparet Henrik Krohn (1826-1879) og Hanna Krohn (1829-1903) på Stedje kyrkjegard. Den 21. januar 1868 skipa Henrik Krohn Vestmannalaget, det første mållaget i landet. På 150-årsdagen markerte Sogndal mållag hendinga med å leggja ned krans på grava hans/ved Krohn-minnesteinen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 22.01.2018

Fotograf: Hermund Kleppa

Innskrift på to felt

Krohn-steinen står på kyrkjegarden på Stedje, på austsida av kyrkja. Det er ein kring fire meter høg obeliskforma stein i raudfarga granitt. Fotstykket har felt for innskrifter. I eine namnefeltet står på polert tavle: HENRIK KROHN * Født 10 Mai 1826 * død 14. Juni 1879.

I andre feltet er bokstavar og tal så bortviska at det er uråd å lesa i samanheng. På dei to siste linene kan lesast "..ember" og "..903". Det er likevel nok til å slå fast at det er namnefeltet til Hanna Krohn, fødd Kamstrup, fødd 28. august 1829 i Bergen, død 23. november 1903. Dei to andre felta er tome.

Veit ikkje kva år steinen vart reist

Me veit førebels ikkje nøyaktig når steinen vart reist. Han stod på grava då fru Krohn døydde i 1903. I nekrologen hennar i Sogns Tidende (01.12.) står til slutt desse orda: "Minnesteinen paa Henrik Krohn si grav vil også vera eit minne um kona som kviler ved sida. Ho hjelpte munalegt med aa lette under den byrd, som han hadde lagt paa seg."

Av biografien om Henrik Krohn som kom i 2002, går det fram at det var vener som reiste steinen og at Vestmannalaget kosta eit gjerde kring grava til "skaparen" av laget. Det ligg nær å gissa på at steinen vart reist tidleg på 1880-talet.

Om Henrik Krohn - redigert etter Norsk allkunnebok

Henrik Krohn (1826-1879), føregangsmann for norsk skriftmål, fødd i Bergen, voks opp på Stend i Fana og fekk der ein glødande kjærleik til bonden og målet hans. Var handelsmann i Bergen til 1858, dreiv sidan den vidgjetne fruktgarden Stedje i Sogndal; der han óg hadde ein fyrstikkfabrikk. Krohn var leiaren for målreisinga på Vestlandet. I 1865 grunnla han vekebladet Ferdamannen, i 1868 skipa han Vestmannalaget og redigerte i åra 1870-1875 tidsskriftet Fraa By og Bygd.

Krohn gjekk jamt i brodden med arbeid og offer når det galdt å reisa eller verna nasjonale minnesmerke, t.d. Haraldsstøtta og Håkonshallen. Han arbeidde sterkt for norrønt samarbeid og skipa Det islandske handelssamlaget, men stridde hardt mot Skandinavismen.

Gav mellom anna ut Smaakvæde (1867), Minne fraa ei Stockholmsferd (1867), Fraa Vestlandet (1868) og Ei liti Ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868). Vestmannalaget gav ut Skrifter av Henrik Krohn (1909), med føreord av Kristofer Janson.

Henrik Krohn gifta seg 23. november 1851 med Hanna (Johanne) Augusta Kamstrup. Dei fekk ikkje born.

Om Hanna Krohn i Sogns Tidende

Biografien om Henrik Krohn har to avsnitt om Hanna Krohn. Bolette Pavels Larsen forfattarinne og framståande medlem i Vestmannalaget, skreiv nekrolog over "Enkefru Hanna Krohn" i Sogns Tidende. Same avisa hadde omtale av gravferda. Nedanfor fylgjer nekrologen omskriven til nynorsk og gravferdsomtalen i målform av i dag.

Enkefru Hanna Krohn - fødd Kamstrup ..

døydde den 20. d.m. [november 1903]. Med henne er ei av dei heilstøypte og stillfarande kvinnene, oppdregne etter prinsipp hjå den eldre generasjon, gått bort.

I ung alder, gift med Henrik Krohn, kom ho tidleg i kontakt med menn som Ole Bull, Vinje, Bjørnson og Kr. Janson. Dei gjekk alle dagleg ut og inn i huset til Krohn; og mange interessante ting kunne fru Krohn ta fram frå samtalane sine med desse mennene, så som frå lange spaserturar med Vinje, som var ekstra glad i å ferdast innover Isdalen.

Ho var svært interessert i litteratur. Ein kunne tala med fru Krohn om bøker og forfattarar, som mange damer no med all sin skule og lærdom ikkje har det ringaste kjennskap til. Og fru Krohn var godt kjend i den gamle norrøne litteraturen og hadde mange vener blant framståande islendingar.

Som kona til Krohn var ho levande interessert i målrørsla, og særleg låg naturlegvis Vestmannalaget hennar hjarte nær. På den stille, fine måten som var hennar eigen, sa ho seg ofte lei over at retninga no var ein annan enn i hennar mann si tid, ved at ein no ikkje brydde seg om å samla byfolk, dei verkelege bergensarane, i laget.

Men framfor alt dyrka fru Krohn musikken. Den var henne det kjæraste av alt. Ho var uvanleg musikalsk, og hadde det finaste og kresnaste øyra. Og sjølv spelte ho vakkert. Det var morosamt å høyre ho fortelja om sin "siger" på pianoet. Det var då ho heime hjå foreldra som femtenårs jente vart beden om å spela noko for Ole Bull. Ho hadde nesten ikkje hatt undervisning, men sette seg heilt naturleg til og spelte i veg. Og Ole Bull var tilfreds. Dei få attlevande medlemmene i Vestmannalaget vil sikkert hugsa fru Krohn sitt herlege spel, når ho frå tid til anna gledde laget med å vera tilstades.

Diverre var ho aldri god med helsa. Av den grunn måtte ho flytta frå eigedomen sin Stedje i Sogndal i Sogn. Ja, det er trist å sjå dei gamle "edle" tre falla. Dei er så sjeldne, og det er ikkje så lett å få auge på dei i all den nye skogen som struttande stikk seg fram. Dei som verkeleg kjende fru Krohn signar hennar minne.

Gravferdsomtale

Fru Krohn vart gravlagd fredag [27. november 1903] på Stedje kyrkjegard ved sida av Henrik Krohn. Kista, som var pynta med grønt og blomar, stod i kyrkja, der ho var sett inn onsdag, då avlidne kom med dampskipet frå Bergen.

Sokneprest Arctander tala ved kista. Før og etter talen vart sunge ei av Blix sine salmar. Deretter vart lagd ein krans på kista frå Vestmannalaget ved Jens Kvåle som med nokre ord bar fram takk til avlidne, at ho med si sikre tru på landsmålet sin rett og framgang, så trutt hadde hjelpt vårt nasjonale strev.

På grava vart sunge dette herlege verset av E. Blix: "Når mi livssol sig i hav, og eg under mold skal sova." Bror hennar, C. Kamstrup, som har vore saman med henne i så lang tid, både her og i Bergen, fylgde henne også på denne siste turen til Sogndal. Det var nok ei tung stund for han dette.

Dermed er også denne høgsinna og varmhuga kvinna borte. Som Henrik Krohn var ein av rydningsmennene i den norske målreisinga, så har me ved denne grav grunn til å takka at fru Krohn stødde så godt under dette arbeidet. Ho hadde den sikre tru, at landsmålet ein gong skulle vinna, og verta til signing for land og folk. Og fordi denne tru er grunnmuren under dette arbeidet, difor har fru Krohn gjort meir for folkemålet enn dei fleste skjønar.

Det var nok endå trongare tider for dette nasjonale arbeidet då Henrik Krohn gjekk med i spissen for arbeidet, enn det er no. Låtten var ofte den sterkaste motbøren den gongen, og låtten er ikkje lett å klara seg imot. Men når mismotet hjå Krohn heldt på å eta seg inn, då stod kona ved hans side, og motet voks og arbeidet vann fram.

Og ho var ikkje av dei som sveik: den same godhug og den same meining om det norske landsmålet hadde ho også i alderdomen. Difor har me grunn til å gleda oss, og til å takka - alle som elskar målet og ynskjer det framgang.

Minnesteinen på Henrik Krohn si grav vil også vera ein minnestein om kona som kviler ved sida. Ho hjelpte monaleg med å letta under den børa han hadde lagt på seg. Signing over minnet!

[Dette avsnittet er omskrive til moderne nynorsk frå Sogns Tidende, 01.12.1903]

kjelder:

Krokvik, Jostein: Vestmannalagsreisaren og målreisaren Henrik Krohn 1826-1879. Bergen 2002.
Sogns Tidende. 24.11, 01.12.1903.