Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 13. juli 2001

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Ola Espedal



Folk i Sogn og Fjordane har heidra minst sju personar med minnestein for innsats i song- og musikklivet. To minnesteinar står på kyrkjegarden i Holmedal, - den eine på grava til lærar og kyrkjesongar Ola Espedal, den andre på grava til Sigurd Fossen.

Minnesteinen sveipt i det norske flagget før avdukinga 14. juni 1953. Til venstre i flaggborga Leif Lien og Trygve Bjaanes. Dei to andre er fru Seri Espedal, f. Taksdal, og yngste dottera deira, Kari.

Minnesteinen sveipt i det norske flagget før avdukinga 14. juni 1953. Til venstre i flaggborga Leif Lien og Trygve Bjaanes. Dei to andre er fru Seri Espedal, f. Taksdal, og yngste dottera deira, Kari.

Eigar: I avisa Firda.

Datering: 1953.

Fotograf: Ukjend.

Minnesteinen

Minnesteinen på grava til Ola Espedal er i ein mørk bergart med slipt framside. Han er kring 170 cm høg, 57 cm brei, 19 cm tjukk nede og 14 cm oppe. Steinen er festa i ein rektangulær betongfot som går kring 15 cm over bakken.
Under eit krossmerke øvst står: "Lærar og kyrkjesongar * OLA ESPEDAL * [f.] 25-10-1900 * [d.] 27-2-1951 * Joh. 17.24." Under innskrifta står merket til Sunnfjord Songarsamband og nedst kven som reiste steinen: "Holmedal blandakor * og mannskor."
Merknad: Bibelverset Joh. 17.24 lyder slik:
"Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd."

Allsidig

Ola Espedal vart fødd 25. oktober 1900 på garden Espedal ved Hovlandsvatnet sør frå Flekke i Fjaler. Han var son til bonde Ole Jensson (1872-1938), og Anne Marie Olsd. Sande (1875-1942), og nummer to i ein syskenflokk på ni. Espedal vart gift i 1929 med lærar Seri Karlsdotter Taksdal frå Time på Jæren. Dei bygde seg heim i Holmedal og fekk fire born. Ola Espedal døydde brått 27. februar 1951, berre vel 50 år gamal. Seri vart enkje 50 år gamal, og døydde nær 90 år gamal hjå dottera Målfrid Espedal Ihle på prestegarden i Fana.

Portrettbilete av fru Seri Espedal.

Ola Espedal tok lærarutdanning ved Stord lærarskule og avla lærarprøva i 1922. Seinare studerte han eitt år ved Noregs lærarhøgskule og tok eksamen våren 1927. Espedal var fyrst lærar i heimbygda, Espedal skulekrins, i åra 1922-1928, før han flytte til Holmedal der han var lærar og kyrkjesongar til han døydde i 1951.

Utanom skulen var Ola Espedal verksam på ei rekkje område og då særleg i song- og musikklivet, fråhaldsarbeidet og kristenlivet. Han var dirigent for blandakoret i Holmedal frå 1928 og formann i Sunnfjord Songarsamband frå 1938. - Ein kan trygt seia at Espedal var den berande krafta i songarbeidet i Sunnfjord, står det i eitt av mange minneord.

Portrettbilete Ola Espedal.

"Største gravferda .."

Nær 400 menneske fylgde Ola Espedal til siste kvilestaden, tysdag 5. mars 1951. "Største gravferda som har vore i Holmedal", hadde Firda Folkeblad som tittel på stykket sitt etterpå. Og ingen kunne minnast at det i noko gravferd hadde vore så mange kransar: - frå heimen, familien på Jæren, slektningar, frå mange huslydar og einskildpersonar, frå fleire kommunale organ og lokallag: Fjaler skulestyre, Fjaler lærarlag, Holmedal sokn misjonslag, losje Moldura, frå Sunnfjord Songarsamband, bygningsrådet i Fjaler, Holmedal blandakor, mannskor og musikklag, Holmedal skulekrins, frå andre i Sunnfjord: Kalvåg Songlag, Sunnfjord Ungdomsskule, og frå mange fleire, - alt i alt kring 130 kransar og blomehelsingar.

Den eldste dottera, Målfrid, som fekk den tunge bodskapen av rektor Undheim som elev på Bryne landsgymnas, la ned krans frå dei næraste og sa til slutt i takkeorda sine: "Han far var så glad i blomar og difor stunda han alltid mot våren. Og no trur eg, far, at du er der kor der er evig vår."

Bilete av Holmedal kyrkje.

Avdukingshøgtida

Songlaga i Holmedal ynskte å heidra Ola Espedal med ein minnestein, og familien hans takka ja til ein stein på Espedal si grav. Minnesteinen vart avduka sommaren 1953 i samband med Sunnfjord Songarsamband si årlege songarstemna som dette året var halden i Holmedal. Andre stemnedagen, søndag 14. juni, tok til med gudsteneste i Holmedal kyrkje og avdukingshøgtid. Mykje folk var samla og Lars Søraas frå Randabygda i Nordfjord heldt avdukingstalen. Etter avdukinga gav han så steinen over til familien. Enkja, fru Seri Espedal, tok imot og takka for den æra som på denne måten var synt Ola Espedal.

Bilete av minnesteinen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fagerheim, Ragnvald og Magne: Fjaler. Gards- og ættesoge. Bind III. Førde 1976.
Sunnfjord Songarsamband. 25 år. 1923-1948. Førde 1948.
Minneord i fleire aviser og blad. 1951.
Avisa Firda 19.06.1953. Førde.
Opplysningar frå:
Målfrid Espedal Ihle, Bergen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR