Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. november 2009

Sist oppdatert 06. februar 2020

Kategori

Rå-data

Minne om motstandsmannen Atle Svardal



Tysdag 13. mars 1945 fall løytnant Atle Svardal i skotveksling med Gestapo-menn og tyske soldatar. Han var vaktmann på ein illegal radiosendar i fjellsida eit kort stykke opp frå garden Breivik nord i Flora kommune. Svardal vart gravlagd frå Florø kyrkje i august. Det stod æresvakt ved båra hans og fleire hundre menneske fylgde fridomskjemparen til siste kvilestaden. Namnet hans er med på fleire minnesmerke.

Atle Svardal (1919-1945) fall for fedrelandet 13. mars 1945 ved Breivik.

Atle Svardal (1919-1945) fall for fedrelandet 13. mars 1945 ved Breivik.

Omtale i Våre falne

I åra 1948-1951 kom firebindsverket Våre falne ut. Her står det bilete og omtale av alle som miste livet i krigsåra der krigshandling var ei medverkande årsak. Om Atle Svardal står det:

ATLE SVARDAL, løytnant, Florø. Fødd 16. januar 1919 i Sogndal, Sogn og Fjordane, son til Daniel Svardal, fødd 1887 i Kinn, og Gyrid, fødd Lunde, fødd 1890 i Aurland. Gift 1942 i Skottland med Edith Jeanine Maigre, fødd 1918 i Sydney, Australia. 1 barn [Patric Atle]. Mellomskule, handelsskule, befalsskule, politiskule.

Var med i krigen i Noreg våren 1940 som sersjant. Var så ei tid i politiet, men drog til England våren 1941, der han fekk opplæring som radiotelegrafist og vart sett inn i etterretningstenesta. Var tre gonger i Noreg, hadde med sendar og sende rapportar om konvoiar på kysten.

Fall i strid under rassia ved Breivika, nord for Florø, 13. mars 1945. Gravlagd i Florø. St. Olavsmedalja med eikegrein, Krigsmedalja og Distinguished Service Cross. Omtala i Firda Folkeblad 5. juni 1945.”
 

Frå omtalen i Firda Folkeblad

Fredssommaren 1945 hadde fleire lokalaviser oppslag om fridomskjemparen Atle Svardal Utanom omtalen Firda Folkeblad hadde 5. juni (stod også i Firda, Førde), hadde avisa også eit stykke om gravferda i august.

Første gongen Svardal var på oppdrag var hausten 1941. Han var då saman med Dagfinn Ulriksen, som også frå Florø. Dei opererte først frå Solberg, ein gard like sør for Breivik, men flytte etter kort tid over til den folketome Gåsøy som ligg mellom øya Hovden og fastlandet. Der var dei i 7-8 månader.

Andre gongen, i februar 1943, kom Svardal saman med Eivind Vik frå Unneland ved Bergen. Dei kom til Breivik og budde hjå Isak Bredvik dei fire første månadane, deretter i Blåura ovafor Husefestvatnet der dei bygde ei hytte. Dei stod i samband med Dagfinn Hjertenes i Florø. I slutten av september reiste dei attende til England.

Om den tredje gongen Svardal kom tilbake, skreiv Firda Folkeblad i juni 1945:
 

”I august 1944 kom Svardal att for tridje gong. Då var han i lag med Fredrik Persen frå Bergen. Dei vart landsett i Hovden denne gongen, og kom roande inn til Breivika. No budde dei heile tidi i ei hytte i fjellet ovafor Breivik. Hytta var det om lag uråd å sjå.

I fyrstningi av mars var dei ferdige med arbeidet sitt og skulde attende over Nordsjøen.. Men før dei kom avgarde vart dei overrumpla av tyskarane. Vi hugsar at dei hadde ein svær rassia på den tid, soleis var dei oppe i fjellet ved Solberg og leita og tysdag 13. mars stana dei fram på hytta til Svardal og Persen ovafor Breivik. Hytta var omringa, då dei to nordmennene vart merksam på dei. Svardal forsvara seg, men døydde. Persen måtte overgje seg, og fekk den mishandling som tyskarane brukte til dei fekk offeret til å forklara seg.

Like etter arresterte tyskarane Isak Bredvik, Dagfinn Hjertenes og Magnus Uren. Bredvik hadde hatt mykje med Svardal og kameraten hans å gjera dei to siste gongene han var her. Hjertenes hadde hatt samband med dei alle tre gongene, m.a. henta dei i motorbåten sin, og Uren hadde vore med og sett opp hytta. Magne Sørbotten hadde og vore med på å setja opp hytta, men han greidde å koma seg vekk.

Sigrun Solberg hadde hatt samband med Englandsfararane alle gongene, og Gestapo kom og vilde henta henne. Men ho greidde å røma, og heldt seg vekke til freden kom. Gestapo sette gæveri på brystet til dei gamle foreldri hennar, og vilde truga dei til å seia kvar dotteri var, men dei sa ingen tingog tyskarane gav seg.”
 

Meir om hendinga 13. mars

Radiostasjonen til Svardal og Persen ovafor Breivik hadde kodenamnet Roska. Staden låg lagleg til for å observera skipsfarten i den innaskjers hovudleia. Grytidleg om morgonen 13. mars sette Gestapo i gang ein stor aksjon med 30 soldatar frå Husefest som ligg rett nordom Breivik. Svardal og Persen ante fred og ingen fare. Dei heldt på å koka kaffi og det var røyken som avslørte gøymestaden. Då trefninga var over, sette Gestapo fyr på hytta med den døde, og folk blei nekta å gå opp til hytta.

Mellombels gravlagd

Eit par mann frå Florø tok seg likevel fram til den nedbrende hytta. Dei hadde eit viktig ærend, å ta hand om leivningane etter Atle Svardal. Dei fekk lagt han i ei sinkkiste dei hadde med, og fann ein stad dei kunne gravleggja han mellombels. Då dei kom attende frå oppdraget, hadde dei med seg ein stut i båten. Det var ærendet deira, om nokon skulle spørja.

Gravferda

Tysdag 5. juni 1945 hadde Firda Folkeblad dødsannonse: ”… løytnant Atle Svardal falt ved Florø i kampen for fedrelandet 13. mars 1945, 26 år gammel ..” Og i august hadde same avisa gravferdsannonse: ”Gravferd. Atle Svardal vert gravlagt frå Florø kyrkje tysdag 14. august, kl. 14. Familien”

Kyrkja var ”heilt sprengt”, skreiv Firda Folkeblad, ”visseleg den største gravferd som har vore her.” Mange militære var komne langvegs ifrå, og englandsfarar stod æresvakt ved båra. Båra var dekt av det norske flagget.

Sokneprest Hjalmar Tjelta gjorde teneste. Han tala ut frå bibelordet om kveitekornet som må i jorda og døy for at det skal gje grøde. Det vart lagt ned ei rekkje kransar. Firda Folkeblad rekna opp alle:
 

”Frå dei næraste ved Maria Hødal, frå befal og mannskap i 4. bataljon ved løytnant Sletten, frå Sjøforsvarets Overkommando ved løytnant Lammethun, frå offiserar og mannskap på ”shetlandsbussen” Vigra, frå avdelingskamerater i Secret Service, frå Heimestyrkane, frå fenrik Dagfinn Ulriksen og frå Harald Svindland (..), frå klassekameratar i folkeskulen ved lærar Lothe, frå Florø by ved ordførar Solheim, frå Florø turn- og idrettsforening ved kontorsjef Sunde. Fenrik Persen som var saman med Svardal då dei vart overfalne av tyskarane, la ned krans frå seg og takka for tida dei var saman.”
 

Til slutt vende sokneprest Tjelta seg til kona til Atle Svardal, Edith Jeanine Maigre frå Australia. På engelsk gav soknepresten uttrykk for at alle var stolte av mannen hennar og innsatsen han hadde gjort.

Dei fire som stod æresvakt og to av brørne til Svardal bar båra til grava. Ei militæravdeling gjekk først i det store gravferdsfølgjet.

Atle Svardal sitt namn skrive fleire stader

To fridomskjemparar frå Florø vart gravlagde i august 1945, - flymekanikar Erling Vårdal, måndag 13. august og løytnant Atle Svardal dagen etter. Begge gravferdene ”var syrgjehøgtider som folk seint vil gløyma” (utheva her), skreiv Firda Folkeblad.

Atle Svardal har namnet sitt skrive fleire stader: a) på gravminnet på grava hans på kyrkjegarden i Florø, b) på krigsminnesmerket ved Florø kyrkje, c) i berget oppom Breivik der han fall og d) på ein minneplakett i metall same staden.

Namnet hans på grava

Atle Svardal vart gravlagd på kyrkjegarden i Florø. Grava hans er markert med ein liggjande stein. Grava har (2009) ikkje status som varig verna krigsgrav. På steinen står skrive:

LØYTNANT
ATLE SVARDAL
FØDT 16-1-1919
FALL FOR FEDRELANDET
13-3-1943 VED BREIDVIK

THEY SHALL NOT GROW OLD
AS WE THAT ARE LEFT GROW OLD
AGE SHALL NOT WEARY THEM
NOR THE YEARS CONDEMN
AT THE GOING DOWN OF THE SUN
AND IN THE MORNING
WE WILL REMEMBER THEM

Orda på engelsk er 4. verset i diktet kalla For dei falne av Laurence Binyon.
Bodskapen er at han, som mange andre, fall for fedrelandet i ung alder, - han og dei skal ikkje bli gamle, slik som vi som lever att vert gamle, og vi skal ikkje gløyma dei, vi skal minnast dei, alltid.

Namnet hans på krigsminnesmerke ved Florø kyrkje

I parken ved Florø kyrkje står det store krigsminnesmerket over falne frå Flora i krigen 1940-1945. "Våre falne fortener eit verdig minnesmerke", stod det i oppropet til folk om å yta pengar sommaren 1945, "komande ætter må minnast (utheva her) det dei gjorde og manast til dåd." Minnesmerket vart avduka ein søndag i august 1946 med kring 1500 menneske til stades.

Det står 33 namn på minnesteinen. 18 høyrde heime i Florø, 11 i Kinn, 3 i Bru og 1 i Eikefjord. Dei 18 frå Florø var: Atle Svardal (utheva her), Malvin Johan Aas, Olav Aas, Odd Batalden, Ansgar Broholm, Alexander Eikevoll, Trygve Eikevoll, Nils Jørgen Fuglesang, Hans Joakim Hatlø, Rudolf Johannessen, Nils Johan Kittang, Jostein Julius Knapstad, Mathias Andreas Midtbø, Erling Olsen, Leif Anton Pettersen, Sigfred Sandvik, Arvid Steinhovden og Erling Johan Vårdal.

Namnet hans to gonger der han fall

I september 2009 skipa Florø historielag til ei minnestund på staden der Atle Svardal fall. Det lokale grendelaget rydda og merka ein sti fram til bergskorta det Svardal og kollegaen hans heldt til med radiostasjonen sin. Det vart festa ei minneplate i bergveggen. På plata står skrive:
 

ROSKA
På denne staden låg radiostasjonen Roska under 2. verdskrig. Motstandsmannen Atle Sbardal frå Florø fall her i kamp med Gestapo den 13. mars 1945. Den andre agenten som var Fredrik Persen frå Bergen, blei teken til fange. Denne plaketten blei sett opp av Flora historielag den6. september 2009.
 

Men det står ei anna innskrift i berget også. Ein gong har nokon rissa inn namnet hans og datoen:

ATLE SVARDAL
15 - 3 - 1945

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda Folkeblad, 05.06, 17.08.1945.
Firda, 09.06.1945.
Firdaposten, 03.09.2009
Eithun, Grethe o.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945.
Informasjon frå:
Kinn kyrkjelege fellesråd.
Bjarne Haugnes, Florø.

PERMANENT IDENTIFIKATOR