Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnesmerke over prestedottera Inga Houge i Vik



På kyrkjegarden ved Hopperstad stavkyrkje står det eit rikt ornert smijerns-gravminne på grava til prestedottera Inga Houge som døydde berre 16 år gammal. I si tid vart det planta ein ask på grava hennar, eit tre folk omtala som ein "sørgjeask".

Gravminnet på grava til Inga Houge står tett ved det sørvestre hjørnet på Hopperstad stavkyrkje. Inskripsjonen på gravstøtta er: INGA HOUGE * FØD 3 NOVEMBER 1838 * DØD 30 MARTS 1855. Asketreet stod på grava rett framfor, og enno er det spor etter stuven.

Gravminnet på grava til Inga Houge står tett ved det sørvestre hjørnet på Hopperstad stavkyrkje. Inskripsjonen på gravstøtta er: INGA HOUGE * FØD 3 NOVEMBER 1838 * DØD 30 MARTS 1855. Asketreet stod på grava rett framfor, og enno er det spor etter stuven.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Kven var Inga?

Inga var dotter til Marie Theresis Bruun og Christian Severin Houge (1812-1874), prest i Vik frå 1845 til 1856. Houge var òg ordførar, i 1848-49 og 1855. Året etter at Inga døydde, slutta Houge i Vik. Han flytta til Homedal i Aust-Agder, og frå 1870 var han sokneprest ved Korskyrkja i Bergen. Fire år seinare døydde han, berre 62 år gamal. Det vart sagt at han fekk ein knekk av Inga sin tidlege bortgang.
I bygdeboka for Vik står det at Houge var ein av dei beste prestane Vik har hatt. Han tok seg av skulen og fekk bort mykje av uviljen mot skuleskipnaden. Kom det omstreifarar til bygda, tok han seg av dei. Houge hadde eit anna syn på folket og bygdelivet enn dei fleste prestane før han. Då Houge skulle reisa frå bygda, skreiv han i kallsboka:
"12 lykkelige Aar har jeg tilbragt her. Med Vemod forlader jeg Viks kjære Menighed, som stedse har lagt Velvilje og Kjærlighed for Dagen mod mig."

Sørgjeask

Før Houge drog frå Vik, planta han ein ask på grava til dottera. Ei eldre kone på Hopperstad fekk i oppdrag av presten å pynta og stella grava. Ho stelte med grava så lenge ho sjølv levde. Treet faren planta på grava til dottera, vart kalla ein sørgjeask i ettertid. At det var ein ask, var nok ikkje tilfeldig. Treet Yggdrasil som sto midt i verda, i følgje norrøn mytologi, skulle vera ein ask.

I det gamle bondesamfunnet var det ikkje vanleg å planta sørgjetre på graver, korkje ask eller andre treslag. Derimot førekom det hjå embetsfolk, men ein veit ikkje noko om kor utbreidd det var.

På denne asken me alle lyt bisna

Hans Hønsi (f. 1919) skreiv 5 vers om sørgjeasken.
Fyrste verset lyder slik:

Me såg han om våren då lauvet spratt
Og herja i haust då klædningen datt,
For snøen hev lagt seg på Rambera-nut
Og asken ved kyrkja ser sorgtyngd ut.
På denne asken me alle lyt bisna
For under han kviler ein livsblom som visna.

".. hjemført og begravet her."

Inga skulle vera uvanleg pen. Ho hadde store talent som skodespelar og reiste til Bergen for å skapa seg ein karriere ved teateret. Ho spelte i eit stykke på teateret då ho brått fall om på scenen, berre 16 ½ år gammal.
I kyrkjeboka har presten og faren skrive dette:
"Frøken Inga Margrethe Houge 16 ½ aar. Død i Bergen, hjemført og begravet her." Inga var fødd 3. november 1838, døydde 30. mars 1855 og vart gravlagd 4. april.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hønsi, Hans: Syrgje-asken over ei vikja-jente. I Pridlao 1/1990. Vik.
Opplysningar frå Kari-Bjørg Halvorsen, Norsk Folkemuseum.
Nedkvitne, Knut og Gjerdåker, Johannes: Ask i norsk natur og tradisjon. Norsk Skogbruksmuseum. 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR