Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. juni 2009

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Minnestein over redaktør Lorentz Nybø



Den 28. desember 1912 hadde Nordre Bergenhus Folkeblad ei lita notis der det stod: "Minnesmerke paa gravi til Lorentz Nybø. Voss maallag, Voss ungdomslag og losje "Framsteg" hev vorte samde om å setja seg i brodden for aa faa reist eit merke paa gravi til bladstyrar Lorentz Nybø." Fem år seinare vart minnesmerket avduka.

Kyrkjegarden på Voss. Minnesteinen på grava til Lorentz Nybø viser godt igjen.

Kyrkjegarden på Voss. Minnesteinen på grava til Lorentz Nybø viser godt igjen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Kven var han? (etter Norsk Allkunnebok)

LORENTZ NYBØ, (1870-1912), typograf og bladmann, fødd i Kinn. Styrde prenteverk på Nordfjordeid (..) 1891, typograf i Trondheim og Kristiania 1891-1893. Byrja å gje ut ungdomsbladet Unge Skud (på Nordfjordeid) 1893, og flytte i 1896 med bladet til Voss, der det fekk namnet Unglyden og vart målblad. Nybø styrde og gav ut bladet til han døydde, og Unglyden vart kjent om omtykt i heile landet. I samband med Unglyden dreiv Nybø forlagsverksemd, samstundes som han var medeigar i bladet Hordaland og styrar for prenteverket til dette bladet. Lorentz Nybø var ein nybrotsmann for nasjonal reising og for ungdoms- og fråhaldsrørsla. Han gav ut diktsamlingane Ungt blod (1896) og Bekkjasikl (1907).

På Voss 

Minnesteinen over Lorentz Nybø står på Voss kyrkjegard, Assistent kyrkjegard II, på plassen i aust. Steinen er ein om lag 7 m ubehandla naturstein. På framsida, som vender mot vest, står innhogge på to vertikale liner:

AANDSVAKEN UNGDOM, HEILNORSK OG STERK.
DET VAR DIN LIVSDRAUM OG DET VART DITT VERK

På baksida av steinen står innhogge:

LORENTZ NYBØ 1870-1912
NORSK UNGDOM SETTE STEINEN 1917

Avdukinga 

Lorentz Nybø døydde 5. mars 1912 og vart gravlagd 12. mars. Han vart berre vel 41 år gamal. Alt hausten same året tok mållaget, ungdomslaget og IOGT-losjen på Voss opp arbeidet med å reisa eit minnesmerke på grava hans. Minnesmerket vart avduka 11. juli 1917. Det skjedde under Noreg Ungdomslags si landsstemna som vart halden på Voss det året.

Folkehøgskulestyrar Lars Eskeland heldt avdukingstalen. Mellom anna stogga Eskeland ved noko Nybø hadde skrive ved eit årsskifte, om å nytta tida, stundene: ".. kvar einaste augneblink er dyr, han kjem aldri att, og i dei mange augneblinkarne maa me taka arbeidet soleis at minnet vårt vert til velsigning," siterte Gula Tidend/Fjordenes Blad frå talen.

Eskeland slutta med å gje steinen til enkja, Ingeborg Nybø, og slekta. Deretter vart sunge ein song skriven for denne hendinga av Olav Haakonsen. Til slutt takka Idius Nybø, ein bror til Lorentz Nybø, alle som hadde vore med og reist dette minnet.

Ungdomsbladet Unge skud - Unglyden 

Lorentz Nybø og ungdomsbladet Unglyden høyrer saman. Hausten 1893 inviterte to menn på Nordfjordeid ungdommar og andre til å teikna abonnement på eit ungdomsblad dei emna på å gje ut. Bladet skulle koma ut ein gong i veka. I ei annonse for det nye ungdomsbladet, Unge skud, som stod i Fjordens Blad 5. oktober, går det fram at bladet ville koma til å bli redigert med eitt hovudmål for auga, å laga eit blad som skulle interessera og gagna ungdommen. Dei to mennene var brør, boktrykkjar Olsen og Lorentz Nybø. Første nummeret kom ut 1. november. Nybø var bladstyrar.

Det nye ungdomsbladet vart snart eit samlande forum for ungdommen, først og fremst i Nordfjord men også i vidare krinsar. I Firda Ungdomslag si jubileumsbok som kom ut i 1922 står det:
 

"Der vart ungdomstankar ihuga dryfte (..). Mange nordfjordingar både jenter og gutar kom etter kvart med i dei mange ordskifte i bladet." 

Unge skud vart først skrive på bokmål men la om til nynorsk i 1895. Nybø tok med seg ungdomsbladet sitt til Voss då han flytte dit i 1896. Namnet vart i 1899 endra til Unglyden. Bladet vart seinare i mange år eit samlingsblad for frilyndt ungdom innafor Noregs Ungdomslag. Frå 1949 vart bladet eit felles meldingsblad for fem fylkeslag i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Radikal og anarkist 

Lorentz Nybø er fleire stader omtala som "raud" og "radikal". Då han var i Kristiania i 1896 vart han medlem i det radikale laget Anarkistisk-Kommunistisk Gruppe "Libertas". Her skal me ta med to spor i skriftlege kjelder som vitnar om ein både raud og radikal Nybø, i alle høve i dei første ungdomsåra. I jubileumssoga for Firda Ungdomslag 1947 fortel såleis Edvard Os mellom anna:

"og brand-raud var Nybø sjølv den tida [i 1890-åra, då Nybø budde på Nordfjordeid]. Eg hugsar endå ein sundagsmorgon han og Torgeir Oos, venen hans gjekk og dreiv på ekserserplassen på nordsida av elva, beint framfor heimegarden min, So kom ein eldre mann og peika då på dei og sa, at "det var og noko å bruka sundagen til. Dei går vel og rådlegg um revolusjonen dei vil setja i verk no", sa han. "Ja, for eg skal segja deg at dei er anarkistar dessa der. Og Nybø, han er no visst fritenkjar og". 

Det er grunn til å tru at den "eldre mannen" både hadde høyrt og sett ting som passa til karakteristikken hans, til dømes diktet Syner som Nybø hadde i Fjordenes Blad, 9. februar 1893. I diktet er det Truls som frå ein fredeleg stad ser eit syn. Det femte verset talar særleg for seg:

Det blev en kamp - den største på jord
r e t f æ r d i g h e d! lød det fra syd til nord
da blegned bursjoasiet.
Borge og slotte styrtedes ned,
kirkerne grusedes og fængslerne med.
og kvalt ble aristrokratiet. 

.. ein framifrå son ..

Eit annan og noko romslegare karakteristikk enn den "eldre mannen" på Nordfjordeid sin, har me i songen folkehøgskulestyrar Severin Eskeland på Voss skreiv i høve gravferda til Lorentz Nybø i 1912, vers 1:
 

Ein framifrå son hev Norig mist
som venerne saart fær sakna.
For ungdomen sleit han fyrst og sist,
og ynskte dei maatte vakna.
Av alt det han gjorde veit me visst
at ungdom vaar hev rakna 

(rakna: koma til seg sjølv, vakna opp)

kjelder:

Fjordenes Blad. 28.09, 10.11.1893. Lothe, Anders: Målreisingssoga for Sogn og Fjordane.
Informasjon frå: Kyrkjeverjekontoret i Voss