Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. november 2000

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Rå-data

Gravminne over eidsvollmann i Solvorn



Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) valde tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Dessutan var begge utsendingane frå Det Bergenhusiske Regiment frå Sogn. Alle fem er heidra med minnesmerke. I Solvorn står det ein stasleg jernkross på grava til utsendingen Lars Johannes Irgens.

I Solvorn bygde Irgens og kona Christiane seg nytt hus. Den herskapelege sorenskrivarbustaden fekk namnet Christianelyst. Sorenskrivaren i Indre Sogn heldt til her til i 1960-åra då embetskontoret vart flytta til Sogndal. Huset er teke godt vare på.

I Solvorn bygde Irgens og kona Christiane seg nytt hus. Den herskapelege sorenskrivarbustaden fekk namnet Christianelyst. Sorenskrivaren i Indre Sogn heldt til her til i 1960-åra då embetskontoret vart flytta til Sogndal. Huset er teke godt vare på.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjorane

Datering: 1994

Fotograf: Hermund Kleppa

Irgens-krossen i Solvorn

Jernkross med namn, ein sommarfugl, og ei fjør.

Jernkrossen står på den gamle kyrkjegarden i Solvorn. Her stod det kyrkje til 1883 då det vart teken i bruk ei ny like ved. Krossen er ca 180 cm høg og 15 cm brei. Armane går ca 50 cm ut frå stammen. På austsida står namnet LARS JOHANES IRGENS, på vestsida FØDT 9DE OCTOBER, * DØD 22DE APRIL 1830. I jubileumsåret 1914 vedtok kommunestyret i Hafslo å heidra eidsvollmannen Irgens med å "pryde" gravminnet hans med ein krans 17. mai. Det var og markering i 1964 i høve 150-årsjubileet for Grunnlova.

Biografiske opplysningar

Portrett

Lars Johanes Irgens, 1775-1830, var son til til presten Hartvig Irgens og Marthe Margrethe Steen. Han tok jurdisk embetseksamen i 1803 og vart same året sorenskrivar i Indre Sogn. I 1801 vart han gift med Christiane Louise Smith, fødd 1778. Irgens budde fyrst ei kort tid i Ambla, deretter på Loftesnes, før han i 1816 flytte til Solvorn. Der bygde dei seg eit herskapeleg hus som fekk namnet Christianelyst. Irgens døydde i 1830 og vart gravlagd i Solvorn. Enkja flytte til Sørlandet og døydde i Lyngdal 1858.

Lars Irgens var 1. utsending frå Nordre Bergenhus amt til Riksforsamlinga i 1814, og han slutta seg frå fyrste stund til sjølvstendepartiet. Fleire av dei tolv sorenskrivarane på Eidsvoll sette sterkt preg på forsamlinga, men Irgens deltok sjeldan i debattane. Ved handsaminga av grunnlovsparagrafen om røysterett, tok han til orde for at næringsrivande på landsbygda skulle ha røysterett sjøl om dei ikkje åtte jord.

Jubileumsåret 1914 - eit bautastein-år

Jubileumsåret 1914 var eit stort bautastein-år. Fleire aviser oppmoda om å reisa bautasteinar for å markera 1814-grunnlova frå Eidsvoll. Det var tale om minnesteinar over falne i ufredsåra 1808-1814 eller over menn som i den same krigen vart heidra med Dannebrogsordenen for ein ekstra fortenestfull innsats. Det blei og føreslege minnesteinar over dei fem utsendingane frå fylket til riksforsamlinga på Eidsvoll. Det står minst tolv 1814-steinar i Sogn og Fjordane og då medrekna Irgens-krossen i Solvorn.

Bilete av frimerke med Riksforsamlinga i 1814.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogns Tidende. 30.01 og 21.04.1914.
Norsk biografisk leksikon. Bind 6. 1934.
Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. 1973.
Heimbygda vår Sogndal. Årbok 3. 1926.
Langberg, Ludv. Kr.:Slegten Irgens . 1927.

PERMANENT IDENTIFIKATOR