Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2001

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Jon J. Hop



Jon J. Hop var den første frå Solund som miste livet i krigen 1940-1945. Han var mannskap på ein båt på veg for å henta mjøl i Vaksdal. Båten vart kapra av tyskarane og kom under eld av norske styrkar. Jon og fleire andre ombord vart drepne. Etter krigen vart det reist minnestein over Jon J. Hop.

Frå avdukinga av minnesteinen over Jon J. Hop, søndag 11. juli 1943.

Frå avdukinga av minnesteinen over Jon J. Hop, søndag 11. juli 1943.

Eigar: Leif Hop / Fylkesarkivet, SFFf-88160.0011.

Datering: 1945-1950.

Fotograf: Tom Vassdal.

Om Jon Hop i bokverket Våre Falne

Portrettbilete av Jon J. Hop.

HOP, JON OLAI, fiskar og gardbrukar, Solund. Fødd 15. april 1922 i Solund, s. til Jacob Johan Hop, f. 1898 i Solund, d. 1935, og Astrid Sofie, f. Brosvik, f. 1895 i Gulen. Den 20. april 1940 reiste han med ein motorkutter til Vaksdal for å henta mjøllast til Solund forsyningsnemnd, men vart kapra i Osterfjorden av tyskarar som ville nytta båten. Tyskarane kom i kamp med norske vakter på land, og Jon Hop vart drepen av ei kule. Gravlagd i Solund.

Meir om den tragiske hendinga

Kort tid etter krigsutbrotet 9. april 1940 vart fire farty frå Solund dirigerte til Vaksdal Mølle for å henta mjøl. Ein av båtane var Fremad 2 med eit mannskap på tre, mellom dei den 18 år gamle Jon Hop. Truleg gjekk dei ved ei mistyding 20. april inn Sørfjorden, i staden for den vanlege ruta inn Osterfjorden. Ved Trengereid vart dei stogga av tyskarane som kapra båten og ga ordre om å føra eit tysk kompani lenger innover, for å koma i ryggen på dei norske styrkane. Kutteren vart teken under eld av norske styrkar og mange fall, også Jon Hop. Dei to andre vart ikkje såra endå kulene gjekk gjennom kleda deira.

Bilete av seglbåten "Fremad II."

Minnesteinen

Minnesteinen som står på kyrkjegarden på Hardbakke på sørsida av kyrkja, er obeliskforma, grovt tilhoggen, 180 cm høg og 57 cm x 36 cm nede. Både innskrifta og symbolet kraftig kross med ring er hogd inn. På framsida står: Jon J. Hop * F 15-4 1922 * Fall 20 - 4 1940. På baksida: Bygdefolket * reiste steinen * i takksemd.

Minnesteinen vart avduka søndag, 11. juli 1943. Domprost Haugsøen og prestane Storeide og Vatne var tilstades under seremonien.

Bilete av minnesteinen til Jon J. Hop.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre Falne. Bind 2. Oslo 1948.
Steinsøy, Alf: Krigshendingar i havkanten.
Opplysningar frå:
Hans H. Steinsund, Solund.

PERMANENT IDENTIFIKATOR