Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. desember 2005

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Krigsgrav i Årdal i Jølster - Ragnvald S. Heggheim



Ragnvald S. Heggheim frå Jølster vart drepen då allierte fly bomba Laksvåg 4. oktober 1944. Han var garveriarbeidar på Kleivedals lærfabrikk som vart heilt øydelagd. Heggheim vart førd heim og gravlagd i Jølster.

Stort oppslag i avisa Firda (07.10.1944) om det allierte bombeåtaket mot Laksevåg 4. oktober.

Stort oppslag i avisa Firda (07.10.1944) om det allierte bombeåtaket mot Laksevåg 4. oktober.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 1944

Fotograf: Ukjend

Krigsgrav - gravstein

Heggheim vart gravlagt på kyrkjegarden ved Helgheim kyrkje 12. oktober 1944. Seinare blei det sett opp gravstein med denne innskrifta:

RAGNVALD S. HEGGHEIM * F. 2-12-1890 D. 4-10-1944 * VED FLYÅTAK PÅ UBÅTHAMNA * I LAKSEVÅG

Biografi i Våre falne

I bokverket Våre falne, som kom ut i åra 1948-1952, står denne omtalen:
"HEGHEIM, RAGNVALD, garveriarbeider, Bergen. Født 3. (sic.) desember 1890 i Jølster, s. av Sjur Bendiktsen Hegheim, f. 1843, og Annemarie Nilsdatter f. Grepstad. Omkom 4. oktober 1944 under bombingen av Laksevåg, da tilfluktsrommet til T.H. Kleivedals lærfabrikk fikk en fulltreffer. Gravlagt i Jølster."

Bombeåtaket i Laksevåg

Laksevåg var under krigen eigen kommune med vel 9000 innbyggjarar. Staden låg strategisk til ved innseglinga til Bergen og her var mange industriverksemder. Våren 1941 byrja tyskarane å byggja ubåtbunkeren Bruno.

Verkstadindustrien og ubåt-bunkeren blei sabotasje- og bombemål for dei allierte. Det verste åtaket kom 4. oktober 1944. Over hundre allierte bombefly var med. Antiluftskytset gjorde at dei måtte sleppa bombene frå stor høgd som gjorde at bombene fall ned vidt omkring. Dei sivile tapa var katastrofale. 194 menneske miste livet, av desse 60 skuleborn og to lærarar på Holen skule. Ein fulltreffar øydela Kleivedals lærfabrikk der Ragnvald Heggheim saman med mange andre miste livet.

kjelder:

Klakegg, Anders O.: Bygdebok for Jølster. (..) 1985.
Norsk krigsleksikon 1940-45. 1995.
Firda. 07.10, 21.10, 01.11.1944.
Informasjon frå:
Jølster kyrkjekontor.
Statsarkivet i Bergen.