Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. januar 2004

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Språk

Krigsgrav på Stadlandet - Peder Sandvik



"Etter melding frå sjøforsvarets overkommando døydde han på sin post for fedrelandet." Det stod i dødsannonsa for Peder P. Sandvik 20. august 1945. Peder Sandvik omkom i flyangrep på London 7. mars 1945. Han vart førd heim og gravlagd på Leikanger kyrkjegard 20. november same året.

Grava til Peder P. Sandvik og kona Paula på Leikanger kyrkjegard i Selje.

Grava til Peder P. Sandvik og kona Paula på Leikanger kyrkjegard i Selje.

Eigar: Selje kyrkjelege fellesråd

Datering: 2003.

Fotograf: Helge Borgund.

Biografi i Våre falne

"SANDVIK, PEDER, gårdbruker og hvalfanger, Selje. Født 8. juni 1879 i Selje, s. av gårdbruker Peder Johnsen Sandvik, f. 1836, og Synnøve Torbjørnsdatter, f. 1835. Gift 1903 i Selje med Paula Eltvik, f. 1875 s. st. 2 barn. Var under krigen fisker i Skottland og senere vaktmann ved et marinedepot i London. I 1941 var han med til norskekysten og satte i land to mann og tok med flyktninger tilbake. Omkom 7. mars 1945 under et flyangrep på London. Gravlagt i Leikanger."

Gravferda

Peder Sandvik døydde 7. mars 1945 i London og vart gravlagd der. Om hausten kom urna hans til Noreg og han vart gravlagd på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje tysdag 21. november 1945. Ei stor folkemengd frå heimbygda var møtt fram for å visa Peder Sandvik den siste æra. Sokneprest Tungesvik heldt ein gripande tale i heimen før urna vart førd til kyrkja. Ved oppkøyrsla til kyrkjegarden vart avfyrt salutt. Under seremonien i kyrkja heldt sokneprsten tale, eit songkor deltok og det vart lagt ned ei mengd kransar på båra.

Minneord i Fjordenes Tidende

"Alle vi som kjente deg, står igjen med sorg i vårt sinn. Du var en real kar, en av dem som ville noe, kunne noe og som også gjorde noe. Du syntes kanskje litt hard av og til, men bak den harde maske banket det store hjerte, som alltid var villig til å finne hjelp eller gi en håndsrekning hvor det trengtes. Vi takker deg for din store, uselviske innsats, og for alle de gode minner du har gitt oss, som alltid vil leve blant oss. - Guds fred med ditt støv."

Peder Sandvik er med på minnesteinen ved Leikanger kyrkje og ved Selje kyrkje.

kjelder:

Fjordenes Tidende. 20.08, 17.12.1945.
Våre Falne. Band 4. Oslo 1949-1953.
Informasjon frå: Selje kyrkjelege fellesråd: Helge Borgund.