Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Til minne om Håkon Raunehaug



På kyrkjegarden på Tunga i Høyanger står det eit gravminne som skil seg ut frå dei andre. Det er reist av ungdommar til minne om ein kamerat. Håkon S. Raunehaug omkom i ei ulukke i Årdal berre 19 år gammal.

Minnesmerket over Håkon Raunehaug på kyrkjegarden på Tunga i Høyanger.

Minnesmerket over Håkon Raunehaug på kyrkjegarden på Tunga i Høyanger.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

"Eit ettermæle"

Håkon S. Raunehaug var fødd i 1924 i industristaden Høyanger. Den fire år yngre Brynjulv Østerbø voks òg opp i Høyanger, men flytte seinare til Bergen. I år 2000 skreiv han eit stykke om Håkon Raunehaug i avisa Ytre Sogn. Det var meint å vera eit ettermæle om Håkon, som han hadde lært å kjenna og som han sette svært høgt. "Lovleg seint", skreiv Østerbø, men det hadde teke tid "å få tak i stoff". Denne artikkelen er i hovudsak eit utdrag av Østerbø sitt stykke.

Minnesmerket

".. ei av dei flottaste gravstøttene på Tunga", skriv Østerbø om minnesteinen på grava til Håkon. Minnesmerket er i raudleg granitt og bygd opp av geometrisk forma element. Den 90 cm høge sentralsteinen kviler på eit todelt fotstykke. Frå fotstykket går det karmar som markerer grava. Kvart hjørne er markert med ein 50 cm høg stein. Feltet mellom karmane og sentralsteinen er delt i to, det eine feltet har jord for blomar, det andre er dekka med brustein.

Innskrifta

Innskrifta er delt i to felt, på sentralsteinen og øvste delen av fotstykket:

Håkon S.
Raunehaug
[teikn for fødd] 17-2-1924
[teikn for død] 29-6-1943
Minnet ditt lever.

Reist til minne om Håkon
av kameratar med takk
for den tid vi var saman.

Idrettsungdom

Østerbø fortel at Håkon var dyktig i idrett. Han utmerka seg særleg i symjing og stuping. Skjeggestranda på austsida av fjorden var badeplassen deira. Håkon var òg god på ski og sameleis gjorde han det godt i turn. Det var på denne tida den seinare vidgjetne balansekunstaren Tell Teigen imponerte folk i Høyanger og andre stader med sine vanvittige kunststykke.

Den fatale ulukka

Det var i Årdal Håkon Raunehaug miste livet. Han var på anleggsarbeid i Øvre Årdal. Tysdag 29. juni var nokre gutar og lauga seg i vatnet. Avisa Sogn og Fjordane melde om hendinga under tittelen "Merkeleg dødsulukke i Årdal":

"(..) det gjekk såleis til: (..) Håkon Raunehaug (..) klatra opp i ein 4,5 m høg kran, og ville stupa derifrå. Med det same han skulle stupe, gjekk hjulet på kranen rundt, med den syrgjelege fylgje at han fall med hovudet og akslene mot solen på kaien, og derifrå i vatnet. Dei sokna etter han heile dagen, men fann han ikkje før dagen etter. Ein mann frå Årdal fortel at dei tok ein hane ned på kaien, og dei fann liket rett utanfor der hanen gol."

Innsamling til gravminne

Håkon vart ført heim til Høyanger og gravlagd på kyrkjegarden på Tunga. Etter krigen gjekk ungdommen i Høyanger i gang med å samla inn pengar til minnestein på grava hans. Brynjulv Østerbø fortel at dei skipa til ei framsyning i Folkets Hus med Tell Teigen på programmet. "Trygven" (Tell Teigen) viste turn i verdsklasse. "Eg ser enno føre meg "Lonken" langflat under taket i gamle Folkets Hus", fortel Østerbø.

Redningsbragd

Østerbø fortel elles at Håkon gjorde ei stor redningsbragd i 1938. Han berga ein kamerat frå drukningsdøden. Det skjedde i Førde. Fram-laget i Høyanger var på leir. Håkon var ute og rodde i elva saman med tre kameratar. Ein av gutane, ein tjue-åring, gjekk i land på ein sandbanke ute i elva og prøvde å symja over elva. Han var dårleg til symja og gjekk til botnar. Då hoppa 14-åringen Håkon i vatnet, fekk fatt i den uheldige kameraten og berga han i land. Året etter vart han tildelt Norges Livredningsselskap sitt diplom for bergingsdåden.

kjelder:

Østerbø, Brynjulv: Ei historie om Håkon Raunehaug. I Ytre Sogn. 15.08.2000
Kyrkjeverja i Høyanger, 2008

PERMANENT IDENTIFIKATOR