Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 12. mars 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Krigsgrav på Leikanger - kaptein Thorvald Johannessen



Den 25. april 1940 var D/S "Kommandøren" på veg inn Sognefjorden med kring 100 mobiliserte som blei sette på land på Leikanger. Straks etter, medan båten låg til kai, gjekk tyske bombefly til åtak. Mannskapet rømde på land og kapteinen vart dødeleg såra av ein bombesplint. Han vart gravlagd på Leikanger kyrkjegard. Grava er ei krigsgrav.

Gravminnet på grava til Thorvald Johannessen. Grava har status som krigsgrav og vert kranslagt kvar 17. mai. På gravsteinen står:<br />
Kaptein * THORVALD JOHANNESSEN * (teikn for fødd) 16/9 1889 (teikn for død)  25/4 1940

Gravminnet på grava til Thorvald Johannessen. Grava har status som krigsgrav og vert kranslagt kvar 17. mai. På gravsteinen står:
Kaptein * THORVALD JOHANNESSEN * (teikn for fødd) 16/9 1889 (teikn for død) 25/4 1940

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi i bokverket Våre falne

"JOHANNESSEN, THORVALD KORNELIUS, skipsfører, Åsane. Født 16. september 1889 i Bergen, s. av Hans Johannessen, f. 1842, og Kari f. Flekke, f. 1847 i Fjaler. Gift 1915 i Bergen med Valborg Andersen, f. 1889 s. st. 1 barn. Styrmanns- og skipperskole. Var skipsfører på d/s Kommandøren som etter krigsutbruddet i Norge 1940 gikk i troppetransport i Sognefjorden. Da skipet lå ved Leikanger, ble det angrepet av tyske bombefly, han ble såret av en granatsplint og kjørt til Lærdal sykehus hvor han døde 25. april 1940. Gravlagt s. st."

Gravlagd på Leikanger

Thorvald Johannessen vart gravlagd på kyrkjegarden på Leikanger. Einar Svartefoss (1910-1999), redaktør i avisa Sogn og Fjordane, fortel i boka si "5-årsnatta, Leikanger i krigsåra 1940-1945" korleis det bar til.
Fylkesbaatane sitt ruteskip D/S "Kommandøren" gjekk i troppetransport etter mobiliseringa 9. april. Den 25. april, på veg innover fjorden med kring 100 mobiliserte, var båten oppunder Leikanger der soldatane gjekk i land og vart beordra innover mot Hermansverk. Kort tid etter kom tyske bombefly og gjekk til åtak.

Svartefoss var sjølv vitne til det som skjedde. Han såg kaptein Thorvald Johannessen og to andre av mannskapet springa oppover mot Husabø. Då bombinga var over, fann dei Johannessen liggjande oppe ved vegkrysset sterkt skadd i eine foten. Ei bombe hadde falle ned midt i krysset. Han og to andre såra vart straks førde ombord på den uskadde "Kommandøren" som gjekk for full fart mot sjukehuset i Lærdal. Johannessen døydde på vegen. Han vart gravlagd på Leikanger 29. april.

Takksemd frå Fylkesbaatane

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane er ei fylkeskommunal verksemd med Fylkestinget som øvste forvaltningsorgan. Straks etter krigen gjorde samferdslenemnda framlegg om å be styret om å heidra alle trugne mannskap ombord i båtane med ei takkeadresse eller eit diplom, og at alle enkjer eller born etter mannskap som hadde mist livet ved krigshending skulle få hjelp. Fylkestinget vedtok dette på tingseta i Stryn, 3.-8. september 1945.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Svartefoss, Einar: 5 årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-1945. Leikanger 1994.


Våre falne. Oslo 1949. 


Sogn og Fjordane Fylkesting året 1945. Leikanger 1945.


Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. Bergen 1958.

PERMANENT IDENTIFIKATOR