Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over soldat Hans Elvheim



10. april 1940 reiste 23 menn frå Fresvik til Bømoen på Voss for å vera med og forsvara landet mot den tyske okkupasjonsmakta. Hans Elvheim var ein av dei. Han reiste som frivillig. Under kampane i Valdres vart han sjuk og døydde i september same året. Etter krigen reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans.

Minnesteinen over Hans Elvheim står på grava hans på kyrkjegarden ved Fresvik kyrkje.

Minnesteinen over Hans Elvheim står på grava hans på kyrkjegarden ved Fresvik kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Villig til å ofra livet for fedrelandet

- Eg ofrar ikkje livet for politiske parti eller meiningar, men for fedrelandet er eg villig til å ofra livet." Det sa Hans Elvheim på kaien i Fresvik då dei utskrivne fresvikjene venta på at fylkesbåten "Stavenes" skulle koma oppunder og ta dei til Gudvangen. Han var komen opp i ein diskusjon med ein annan om kva som hadde hendt med landet, og fekk spørsmål om han var villig til å ofra livet for fridomen.

Biografi i bokverket Våre falne

"ELVHEIM, HANS, gardsarbeidar, Leikanger. Fødd 16. januar 1912 i Leikanger, s. til anleggsarbeidar Kristen Hansen Bøthun, f. 1883 s. st., og Nilsina Ingebrigtsdotter f. Ohnstad, f. 1885 s. st. Vart kalla inn til vaktteneste på Madlamoen i desember 1939. Då krigen braut ut i 1940, melde han seg friviljug og var med i stridane i Valdres. Vart teken til fange og internert på Hvalsmoen. Då dei norske styrkane kapitulerte og fekk reisa heim att, var han sjuk og vart lagd inn på Luster sanatorium for tuberkulose. Døydde der 29. september 1940. Gravlagd i Fresvik, Leikanger."

Minnesteinen

Minnesteinen står på grava ved Fresvik kyrkje. Innskrifta står under to krossslagde flagg:
NOREG (i boge) * HANS ELVHEIM * 16-1.1912 * 26-9.1940 * Var friviljug med * i Krigen 1940-1945 og ofra * livet for fædrelandet. * Takksame bygde- * folk reiste steinen.

Markeringar

Seinare har det vore vanleg å samlast ved steinen kvar 17. mai til kransepålegging. Elles har det vore særlege markeringar i samband med runde år for okkupasjonen og freden. I 1985, 40 år etter fredsdagen 8. mai 1945, var det veteransamling ved minnesteinen. Tolv av dei 23 som reiste frå Fresvik var til stades. Ordførar Sigurd Høgheim la ned krans frå Leikanger kommune og heldt ein kort minnetale. I 1990, 50 år etter det tyske overfallet på Noreg, var mange samla og ordføraren i Leikanger, Ola A. Vestrheim, la ned krans. Han minna om innsatsen til dei som reiste av garde for å forsvara landet i aprildagane. - Me har ikkje lov å gløyma det som hende for 50 år sidan, sa Vestrheim.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Svartefoss, Einar: 5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-1945. 1994.
Avisa Sogn og Fjordane, 10.05.1985. Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR