Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. desember 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Krigsgrav på Vassenden - Sverre Kvammen



Jølster kommune har to krigsgraver. Sverre N. Kvammen dreiv landhandel i Eikåsgrenda. Det tyske prispolitiet var etter han og han måtte fleire gonger røma til skogs. Han leid vondt og døydde av lungebetennelse. Ei stor folkemengd fylgde Sverre Kvammen til grava.

Krigsgrav på gravplassen i Vassenden. Sverre N. Kvammen (1911-1944) vart gravlagd 27. november 1944. Det var ei uvanleg stor gravferd.

Krigsgrav på gravplassen i Vassenden. Sverre N. Kvammen (1911-1944) vart gravlagd 27. november 1944. Det var ei uvanleg stor gravferd.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Sverre Kvammen

Firebindsverket Våre falne som kom ut i åra 1948-1952, har bilete og korte biografiar over alle som miste livet under krigen som fylgje av krigshandlingar. Nokre kom ikkje med i Våre falne. Sverre Kvammen var ein av dei. Redaksjonen av boka Krigsår (..) (2005) laga denne biografien med Sverre Befring si bok Ungdomsår i hærsett land som kjelde:

"Kvammen, Sverre, fødd 24.08.1911 i Jølster, handelsmann i Eikåsgrenda. Prøvde å hjelpe folk som ikkje klarte seg med tilmålte rasjonar. Kom i søkjelyset hjå prispolitiet. Hausten 1944 kom væpna folk på døra, men han greidde å røme til skogs. Han måtte fleire gonger løyne seg i utmarka og leid mykje vondt. Fekk lungebetennelse og døydde 19.11.1944."

Døydde borte frå heimen

I Sverre Befring si bok står ein lenger omtale om Sverre Kvammen. Befring byggjer på eit stykke som stod i kyrkjelydsbladet Hyrdingrøysta 1945:

"Sverre Kvammen var handelsmann i Eikåsgrenda og prøvde å hjelpe kundar som ikkje klarte seg med knapt tilmålte rasjonar. Det var ikkje rekna så nøye om kunden hadde kort eller kjøpemerke. Sjølv var han nok heilt klår over faren med dette, så då prispolitiet brått dukka opp i butikken, greidde Sverre å lure seg ut ei bakdør og sprang til skogs.

Det var en av dei første dagane i oktober 1944. Om natta kom dei att. 4-5 væpna karar, men også då klarte han å kome seg unna. Men tyskarane gav han ikkje fred. Stadig var dei ute etter han, så han måtte løyne seg i skog og mark og leid mykje vondt. Årstida var óg medverkande til at han drog på seg sjukdom. Først giktfeber, seinare lungebetennelse. Helsa vart øydelagd, og han døydde borte frå heimen i november 1944, berre 33 år gamal."

Mange i gravferda

"Mykje folk fylgde han til grava. Det vart sagt at det var den største gravferda i Jølster til den tid. Det vart ei minnerik syrgjehøgtid. Mellom mange andre vart det lagt på krans frå ein "Fatig bergensar", ein lektor, som hadde teke sine eksamenar i krigsåra. Trass i skuld og gjeld og økonomiske vanskar, fylgde han bodet om ikkje å søkje embete og arbeid hjå dei rådande styremakter. Då fekk han hjelp hjå Sverre Kvammen, han, som så mange andre. Ei gripande stund vart det der ved båra. Ein mann som hadde ofra levebrødet sitt, takka ein som hadde ofra livet sitt, alt for folk og land. Det står age av slike folk. Ein av ungdomsvenene sa ved båra m.a.: "Det må vere lett å døy, når ein har fått gjort så mykje godt. Desse orda let vi stå til Sverre Kvammen sitt ettermæle."

kjelder:

Befring, Sverre J.: Ungdomsår i hærsett land. 2002.
Eithun, Grethe, o.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. 2005.
Opplysningar frå:
Kyrkjeverja i Jølster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR