Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. juni 2005

Sist oppdatert 05. februar 2019

Kategori

Kommune

Språk

Minnestein over lærarskuleelev - Tomas Fondenæs



På den eldste delen av kyrkjegarden ved Norum kyrkje står ein heller høg, obeliskforma minnestein. Innskrifta ber bod om at her vart ein skuleelev gravlagd og at lærarar og skulekameratar reiste minnesteinen på grava hans.

Postament med innskrift. Det står: Dette minne er reist av hans lærarar og skulekameratar i Volden.

Postament med innskrift. Det står: Dette minne er reist av hans lærarar og skulekameratar i Volden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Innskrifta

Minnesteinen er i lys granitt og det står innskrive:

TOMAS FONDENÆS * 23/10 1882 * 21/1 1902.

På postamentet står:

DETTE MINNE ER REIST * AV HANS LÆRARAR OG * SKULEKAMERATAR * I VOLDEN.

Tomas Fondenæs

Tomas Andreasson Fondenæs, fødd 23.10.1882 i Hosanger, var son til Andreas Johnsen Fondenæs, fødd 1846 i Lindås, og Anna, fødd 1845 i Manger. I år 1900 var huslyden busett på Lomelde og Andreas Fondenæs var kyrkjesongar, lærar, postopnar og gardbrukar. Tomas og systera Maren var elevar på Sogndals folkehøgskule. Tomas byrja truleg på lærarskulen i Volda hausten 1901 og døydde 21. januar 1902 av hjernebetennelse.

kjelder:

Riksarkivaren: Digitalarkivet, Folketeljing 1900.