Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 30. april 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nei til «bautastein» – i Naustdal



Anders Hamre frå Naustdal (1878-1934) var pressemann og samfunnsaktør av stort format. Kort tid etter at han døydde, vart det i Naustdal gjort opptak for å reisa minnestein på grava hans. Det vart med tanken. Ein som stod Anders Hamre nær, ba offentleg om at arbeidet vart stansa, fyrst og fremst fordi han visste at Anders Hamre sjølv slett ikkje ynskte seg nokon «bautastein».

Grava til Anders Hamre (1878-1936) på gravfeltet Fredlund i Naustdal. År 1935 vart det arbeidd arbeid med å få reisa ein «bautastein» på grava hans. Ein nær ven av Anders Hamre oppmoda offentleg om å stansa arbeidet, fordi han visste at Anders Hamre sjølv slett ikkje ønskte seg ein «bautastein». Og slik vart det. Minnestein-arbeidet vart avvikla. Ein enkel gravstein kom i staden.

Grava til Anders Hamre (1878-1936) på gravfeltet Fredlund i Naustdal. År 1935 vart det arbeidd arbeid med å få reisa ein «bautastein» på grava hans. Ein nær ven av Anders Hamre oppmoda offentleg om å stansa arbeidet, fordi han visste at Anders Hamre sjølv slett ikkje ønskte seg ein «bautastein». Og slik vart det. Minnestein-arbeidet vart avvikla. Ein enkel gravstein kom i staden.

Eigar: DIS-Norge

Datering: 2007

Fotograf: Renathe-Johanne Wågenes

Fødd i Naustdal

Anders Hamre, fødd 13. september 1878 i Naustdal, var son til gardbrukar Ole Andreas Jakobsson, fødd på Rotenes, og Anna Maria Andersdotter Hamre. Han døydde 13. november 1936 i Oslo og vart gravlagd 22. november i Naustdal.

Nei til "bautastein"

Olav Løvik i Naustdal sende 23. mars 1935 eit lesarbrev til Firda der overskrifta var: Anders Hamre mot bautastein. Løvik fortel om eit stykke i ei riksavis der ein kjend utlending vart intervjua. Utlendingen undra seg over minnesteinane i Norge, "det var så uskynleg [ubegripeleg] mange av dei her til lands.". Det var Anders Hamre som hadde fortalt Løvik om dette intervjuet, og Hamre var så inderleg samd med utlendingen. Løvik viser i stykket sitt til at han har høyrt at det skal setjast i gang pengeinnsamling "no straks." Han oppmodar om at bautasteinarbeidet vert stogga. Og slik vart det, ingen «bautastein» over Anders Hamre, berre ein heilt vanleg gravstein på grava hans.

Kven var han?

Biografiske opplysningar i Norsk Allkunnebok: Anders Hamre tok realartium i 1903, studerte jus ei tid og var kontormann i trygdelaget Andvake i åra 1907-1910, redaksjonssekretær i Stavanger Avis 1911 og i Teledølen 1912, og redaktør i venstrebladet Tromsø 1912-1916. Hausten 1916 vart han redaktør i Den 17de Mai som i hans tid vart godt kjent som påliteleg politisk partiblad og landsorgan for målreisinga. Han skreiv stutt, klårt og strengt sakleg, men med ein undertone av varm idealisme og fast tru på dei sakene han stridde for.

Arbeidsvilkåra var elles tunge, og etter sjukepermisjon eit år drog han seg attende frå arbeid i dagspressa i 1927. Han heldt likevel fram med artikkelskriving, særleg om utanrikspolitikk i Den 17de Mai, Syn og Segn og andre blad, m.a. frå Paris, der han budde eit par år med journaliststipend.

Elles møtte han som varamann for riksråd [statsråd] Knut Liestøl i programrådet for Norsk Rikskringkasting, og arbeidde i programutvalet der med nynorsk studiebrev o.a.

I 1905 arbeidde Hamre i propagandakontoret for republikken, var med og skipa Unge Venstre i 1903 og var varaformann i Oslo-deilda [avdelinga] som vart skipa i 1906, formann studentmållaget i 1907, formann i Tromsø Venstreforening, styresmann i Norsk Presseforbund og Venstres Presselag, sat i stipendnemnda for Presseforbundet og Norsk Bladmannalag, og var med i forstandarskapet for Oslo Nye Sparebank. (Så langt Norsk Allkunnebok)

Om Norsk Bladmannalag

Norsk Bladmannalag vart skipa i Skien 1913 og hadde som føremål å fremja nynorsk presse. Laget starta Bladmannskulen, heldt kortare journalistkurs og gav stipend til studiereiser. Anders Hamre var medlem i stipendnemnda i fleire år frå 1926. Sjølv fekk han stipend i 1931 som han nytta til studieopphald i Belgia.

Mange pressefolk frå Sogn og Fjordane har opp gjennom åra hatt tillitsyrke i Bladmannalaget. Utanom Anders Hamre var Albert Joleik, Naustdal, ein av skiparane, og Ludvig Botnen, Florø, formann i åra 1941-1952.

Etter at laget hadde lege nede i fleire år gjorde Vestlandske Mållag - der Bladmannalaget var medlem - i 1998 opptak til å få laget på fote att. På eit ope møte vart vald eit interimstyre med Lars Bjarne Marøy, Lars Toralf Storstrand og Thor Chr. Skavlem. Dette styret fekk kort tid etter oversendt "protokollar".

Anders Hamre si grav år 2018

Grava til Anders Hamre finst på gravfelt Fredlund ved Naustdal kyrkje. Kyrkjekontoret har ikkje festar på denne grava, og etter som grava er eldre enn 60 år, kan ho etter kyrkjegardsvedtektene slettast. Kyrkjekontoret prøver å koma i kontakt med «nærmaste pårørande i slekta etter A. Hamre». Praksis er at kyrkjekontoret ikkje slettar graver før «slekt er orientert og einig i sletting». Gravfeltet Fredlund er eit felt der kyrkjekontoret «går gradvis fram med sletting av graver» for å frigjera graver til gjenbruk.

Dette er situasjonen år 2018; - grava til Anders Hamre kan etter kyrkjegardsvedtektene slettast. Situasjonen var ein annan år 1935. Då blei det sett i gang arbeid for å reisa ein minnestein på grava til Anders Hamre, fordi fleire meinte at Anders Hamre hadde gjort seg fortent til eit varig minnesmerke. Det blei berre med ein enkel gravstein, som 83 år seinare kan henda går i gløymeboka. Ein annan utgang er at grava og gravsteinen vert freda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Uprenta  kjelde: Kyrkjekontoret i Naustdal: e-post, 22.04.2018


Norske bladmenn og  norske blad. A/S Lunde & Co`s Forlag, Førde 1938.


Firda. 27.03.1935

PERMANENT IDENTIFIKATOR