Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Krigsgrav i Feios - matros Odd Hove



"Signe dykkar minne!" står skrive på gravsteinen til Alv og Odd Hove på kyrkjegarden i Feios. Grava er ei krigsgrav. Odd Hove segla under heile krigen 1940-1945 i alliert fart. Han vart sjuk om bord og døydde på sjukehus i Skottland. Urna vart nedsett på kyrkjegarden i heimbygda 6. oktober 1945.

Odd Larsson Hove (1918-1945) var frå Berdal i Feios sokn, Leikanger kommune (frå 1992 Vik kommune), og ligg gravlagd i Feios.

Odd Larsson Hove (1918-1945) var frå Berdal i Feios sokn, Leikanger kommune (frå 1992 Vik kommune), og ligg gravlagd i Feios.

Eigar: I Pridlao 1/1995.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Biografi Våre Falne

HOVE, ODD, matros, Leikanger. Født 25. mai 1918 i Leikanger, s. av Lars Olsen Hove, f. 1876 i Leikanger, og Sigrid Eriksdotter, f. Berdal, f. 1886, s. st. Reiste til sjøs 1940 og seilte under krigen i alliert fart. Gjennomgikk styrmannskole i London 1943. Ble syk og innlagt på sykehus i Skottland hvor han døde 2. august 1945. Gravlagt i Leikanger. Krigsmedaljen.

Gravferda

Odd Hove var i utanriksfart då krigen braut ut. Foreldra høyrde ikkje noko frå han før ut i juli 1945, og då låg han på sjukehus i Edinburgh i Skottland. Dei ville ha han heim og fekk løyve til det, men så kom det melding om at han døydde 2. august. Han kom heim i urne, og denne vart sett ned på Feios kyrkjegard 6. oktober. Det var fullsett kyrkje ved gravferda. Ein norsk prest hadde stått føre gravferdsritualet i Skottland. No heldt sokneprest Nils Ruset tale og la kransar frå foreldra, syskena og slekta elles. Mons Åfedt la ned krans frå ei moster og slekta hennar, og Harald Tjønn frå ungdomslaget og skilaget. Det var òg fleire kransar frå bygdefolket og til slutt takka Mons Åfedt alle for frammøtet.

Gravminne - minnestein

Urna til Odd Hove vart nedsett i grava til broren Alv, fødd 1926, som døydde berre 6 år gammal. Grava er på den gamle delen av kyrkjegarden, på nedsida av kyrkja. Gravminnet er ein 53 x 80 cm stein i lys bergart og avrunda. På steinen står namna på begge med dato og år for høvesvis fødsel og død. Under namna er innskrive: Signe dykkar minne.

kjelder:

Våre falne. Bind 2. Oslo 1948.
Svartefoss, Einar: 5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-45. 1994.
Sogn og Fjordane. 09.10.1945.
Opplysningar frå:
Jostein Tveit, Feios, Vik.