Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. januar 2009

Sist oppdatert 05. september 2019

Kategori

Rå-data

Gravminne på Kinn - fyrbetjent på Ytterøyane



Kyrkjegarden på Kinn har eit gravminne knytta til fyret på Ytterøyane. Det er ei liggjande smijernsplate attmed kyrkjegardsmuren i vest. Gravminnet blei i si tid sett på grava til ein mann som døydde "på Ytterøernes fyrstation."

Nedste linene av innskrifta på gravminnet til fyrbetjent Michelsen.

Nedste linene av innskrifta på gravminnet til fyrbetjent Michelsen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Fyrbetjent på Ytrøyna

Ytrøyna er namnet på ei gruppe øyar, holmar og skjer vest i havet frå Kinn. Kystfyret Ytterøyane fyr står på det høgaste punktet i øygruppa. Fyret vart bygt og sett i drift i 1881. Det budde folk på fyret i åra 1881-2004. I 2004 vart fyret automatisert og "avbemannet". Folketeljinga for 1900 viser at det år 1900 budde to familiar på fyret på Ytrøyna, fyrbetjentane Michelsen og Kettelsen, i alt 15 personar, og i tillegg to andre. Michelsen døydde i 1905 og vart gravlagd på Kinn.

Gravminnet

Det blei ordna med eit påkosta gravminne på grava til fyrbetjent Michelsen; ei liggjande smijernsplate. Dette gravminnet er i dag fyrhistorisk interessant. Det er eit minne om ein av dei som i si tid budde på Ytrøyna og hadde tilsyn med fyret. I 2008 ligg gravminnet heilt inn til kyrkjegardsmuren i vest.

I opphøga skrift står det å lesa:

SEVERIN FREDRIK HVIDT
MICHELSEN
FØDT 24. SEPTBR. 1832
I BERGEN
DØD 6 JUNI 1905
PÅ YTTERØERNES FYRSTATION. 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda folkeblad 22.06.1928
Informasjon frå Kystverket
Statsarkivet i Bergen

PERMANENT IDENTIFIKATOR