Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. juni 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over fyrbøtar Johannes J. Sæten



Johannes Sæten frå Loen var fyrbøtar på fleire skip under verdskrigen 1939-1945. Tre av skipa vart torpederte. Våren 1946 - året etter frigjeringa - vart båten hans minesprengt i Lofoten. Fjorten av mannskapet miste livet. Sæten vart gravlagd i Loen, og i 1947 reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans.

Loarar samla ved minnesteinen over Johannes Sæten. Biletet må vera teke tidleg på 1990-talet.

Loarar samla ved minnesteinen over Johannes Sæten. Biletet må vera teke tidleg på 1990-talet.

Eigar: I Fjordabladet 31.04.2002.

Datering: Ca. 1990-1992

Fotograf: Ukjent.

Biografi i bokverket "Våre falne"

SÆTEN, JOHANNES, fyrbøtar, Stryn. Fødd 8. januar 1920 i Stryn, son til Jens Johanneson Sæten, fødd 1860, død 1947 same stad, og Dorthe Johannesdotter fødd Sande, fødd 1881, død 1931 same stad. Var fyrbøtar på ymse båtar i krigstida, og tre av dei vart torpedert, men han kom frå det med livet. Var sist på d/s Ramø, og miste livet då skipet vart minesprengt i Henningsvær påskedag 1946. Gravlagd på Loen kyrkjegard.

Minesprengt

D/S Ramø kom skjærtorsdag 21. april 1946 til Henningsvær for å lasta saltfisk. Skipet vart tilvist ankringsplass på Gullvikflaket, eit område av hamna som vart minelagt av tyskarane i februar 1945. Minefeltet vart rydda straks etter krigen, erklært ufarleg og opna for trafikk om hausten.

Klokka 22 om kvelden fyrste påskedag kom den voldsame eksplosjonen. Heile akterskipet vart på det næraste brote av og skipet sokk i løpet av kort tid. Femten av mannskapet vart berga, medan alle 14 som oppheldt seg i akterskipet miste livet. Det var ei magnetisk botnmine frå krigen som var årsaka til den fælslege ulukka.

Gravferda

Unge og eldre frå heile Loen var samla då "Fanaraaken" med flagget på halv stang kom med båra til Johannes Sæten, fredag 10. mai. Alle fylgde båra inn i kyrkja der det var song og tale ved Arne Loen. Under gravferda dagen etter var kyrkja fylt til siste plass. Soknepresten Eriksen heldt talen og sa mellom anna:

Då krigen kom, var mange unge menn som sa [.. ..] "Heller døden enn å leve i trældom og undertrykkjing. Dei tok kampen opp med livet som innsats. [.. ..] Vi er stolte av dei og veit at det er dei vi har å takke for fridomen."

Det var lagt ned kransar frå pårørande, slekt og vener, idrettslaget og reiarlaget.

Minnesteinen

Bygdefolket i Loen samla inn pengar til ein minnestein. Steinen vart avduka under ei høgtid etter gudstenesta andre pinsedag 1947. Sokneprest Eriksen heldt minnetalen og sa no m.a.:

[dei] to åra som har gått viser enno betre kva stor innsats sjøfolka våre gjorde, og korleis den fronten var avgjerande for sigeren over tyskarane. Kvar mann som den gang stod på post var med å vinne fridomen for oss. Denne grava skal stå og minne oss om den innsatsen som dei unge mennene gjorde.

Minnesmerke i Henningsvær

Søndag 18. april 1993 vart det avduka eit minnesmerke om Ramø-katastrofen i Henningsvær. Det var den pensjonerte orlogskapteinen Gullik Henriksen som lanserte ideen om å reisa eit minnesmerke over dei som sette livet til og arbeidet kom straks i gong. Tanken var fyrst å finna ein stein der namna kunne hoggast inn, men det vart eit anna minnesmerke, ankeret til Ramø og ein stubb av kjettingen. På avdukingshøgtida var tre av dei attlevande til stades, alle frå Tønsberg-området.


Etter avdukinga gjekk KNM Borgsund ut til staden der vrakrestane av Ramø ligg. Dei tre overlevande senka ein krans ned på havet til minne om dei omkomne skipskameratane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Fjordingen.26.04, 21.05.1946, 28.05.1947, 31.05.2002.
Våre falne. Oslo, 1948.
Sivertsen, Kjell Andre: Historien om D/S Ramø's forlis i Henningsvær i Lofoten 1946. Husøysund 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR