Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over soldat Halvard Trædal



Halvard Benjamin Trædal frå indre Oppedal fall i kampane i Valdres 26. april 1940. Han vart fyrst gravlagd i Valdres, men vart same hausten flytta heim. Oppedal Ungdomslag tok straks opp tanken om å reisa ein minnestein på grava hans, og våren 1941 vart steinen avduka.

Minnesteinen over Halvard Trædal som fall i krigen i Valdres, 25. april 1940, står på grava hans på gravstaden Fred i indre Oppedal.

Minnesteinen over Halvard Trædal som fall i krigen i Valdres, 25. april 1940, står på grava hans på gravstaden Fred i indre Oppedal.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Minnesteinen over Halvard Benjamin Trædal står på grava hans på kyrkjegarden Fred i indre Oppedal. Han er godt og vel 2 meter høg, vel 60 cm i firkant nede og smalnar noko mot toppen. Opphavleg var det ein steinkarm framfor, men karmen vart teken bort fleire år seinare, slik at steinen no står i grasbakken med berre eit lite felt for blomar på framsida.
Det står innhogge: HALLVARD * BENJAMIN * TRÆDAL * FØDD 14-4-1916 * FALL I VALDRES * 26-4-1940 * DU GAV ALT * FOR VÅRT * LAND
På baksida står: REIST AV * GRENDI * I DJUP * TAKKSEMD

Biografi i bokverket Våre falne

TRÆDAL, HALVARD BENJAMIN, gardsarbeidar, Brekke. Fødd 14. april 1916 i Lavik, s. til Johannes Torsteinson Trædal, f. 1888 s.st., og Ingeborg f. Oppedal, f. 1880 s.st. Kveldsskule, husflitskurs. Var med i krigen, og fall 26. april 1940 i Bagn i Valdres. Gravlagd på Oppedal kyrkjegard.

Fall i strid i Bagn

Etter krigsutbrotet 9. april 1940 møtte mobiliserte mannskap frå Sogn og Fjordane på Bømoen på Voss. Natt til 17. april vart kring 2000 soldatar transporterte med tog austover for å slutta seg til 4. Brigade som hadde som oppgåve å stansa eller seinka tyske styrkar som rykte fram sørfrå mot Etnedal og Valdres. Felttoget i Valdres varde til 29. april då dei norske styrkane kapitulerte.
Om morgonen 25. april var Trædal med i ein styrke på vel 30 mann på marsj frå garden Hovda mot Dølve i Bagn. I ei kort skotveksling med ein mindre tysk styrke miste to norske soldatar livet, Torbjørn Riber frå Eidfjord og Halvard Trædal. Dei vart begge fyrst gravlagde i Bagn, og seinare flytta til heimstadene sine.

"Grenda reiste steinen"

Oppedal Ungdomslag tok opp tanken om å reisa ein minnestein på grava til Halvard. Saman med bygdefolket samla dei inn pengar og sette i gang med arbeidet under leiing av formannen i laget, Hallvard H. Oppedal.
Kåre Oppedal (1914-2000) var vegarbeidar og kunnig med stein. I ei vegskjering like ved gravstaden på den nye vegen mellom indre og ytre Oppedal, fann dei eit steinflak som høvde. Dette kila dei laust og forma steinen med hjelp av enkle vegarbeidsreiskapar, - slegger, hamrar og settar. Johannes J. Oppedal hjelpte til med smedarbeid, - kvesste reiskapar og laga små meislar til å hogga innskrifta. Alf Oppedal teikna skriftteikna på steinen, og Kåre H. Oppedal hogg dei inn. Grenda greidde alt arbeidet sjølv, og våren 1941 var steinen på plass.

Avdukinga

Sokneprest Hjalmar Storeide i Solund heldt avdukingstalen. I talen sin fletta han inn ord han hadde føreslege som innskrift, men som inneheldt så mange teikn at dei ikkje våga seg på å hogga dei. Framlegget var slik:
Han er levande framom andre
han som fall for fedrelandet

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bragstad, Jakob:Fjordane infanteriregiment nr 10 i gamal og ny tid. Oslo 1996.
Sogns Ungdomslag 50 år. 1947.
Opplysningar frå:
Håkon Olav H. Oppedal, f. 1908, Oppedal, Gulen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR