Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. november 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein i Lærdal over soldat Kristian Kullerud



30. april 1940 vart fire norske soldatar drepne av tyske styrkar ved Borlaug bru. Dei vart gravlagde på kyrkjegarden ved Borgund kyrkje. Etter krigen vart tre flytta til heimstadene sine. Ungdommen i Borgund reiste ein minnestein på grava til den fjerde.

<p>Grava til soldat Kristian Kullerud p&aring; kyrkjegarden ved Borgund stavkyrkje. Dei to norske flagga ber bod om ei spesiell grav - ei krigsgrav.&nbsp;</p>

Grava til soldat Kristian Kullerud på kyrkjegarden ved Borgund stavkyrkje. Dei to norske flagga ber bod om ei spesiell grav - ei krigsgrav. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesteinen ved Borgund kyrkje

Den om lag halvannan meter høge minnesteinen i marmor har øvst to krosslagde flagg i eit kranssymbol. Innskrifta står i fire felt, - namnet på den falne, fødselopplysningar, når og kvar han fall, og nedst diktaren Per Sivle sine ord: OG DET ER DET STORE * OG DET ER DET GLUPE * AT MERKET DET STEND * OM MANNEN HAN STUPE
 

På baksida står: REIST AV UNGDOMEN I BORGUND 1946 TIL MINNE OM KVA FRIDOMEN KOSTAR

Hendinga

Den 28. april 1940 gjekk ein norsk vaktstyrke på 50 mann i stilling ved Borlaug bru for å sikra brua og vegkrysset. Det var kome melding om at tyske soldatar var på veg oppover Hemsedalen. Styrken vart kort etter forsterka med to mitraljøsetroppar frå 4. Brigade i Valdres. Om kvelden 30. april fekk vaktstyrken ordre om å trekkja seg attende til Lærdal og innskipa seg for transport til Kaupanger.

Då kaptein Valen og styrken hans hadde trekt seg attende, hærsette tyskarane området ved Borlaug bru. Utan å vita dette, kom ein lastebil med soldatar frå 4. Brigade i Valdres køyrande på Filefjellsvegen mot Lærdal for å dra seg unna brigaden si overgjeving til tyskarane. To tyske mitraljøser som var plasserte ved sida av vegen, opna eld. Fire av soldatane vart drepne og fleire såra. Ein av dei som fall var Kristian Johansen Kullerud frå Røyken.

Biografi i bokverket Våre Falne

"KULLERUD, KRISTIAN JOHANSEN, gårdsarbeider, Røyken. Født 10. desember 1911 i Nes, Romerike, s. av Johan Martinsen Kullerud, f. 1872 i Nes, d. 1918 s. st., og Karen Bolette f. Torgrimsen, f. 1877 i Aurskog. Var med i krigen i Norge 1940 og falt 30. april 1940 ved Borlaug bru i Borgund. Gravlagt i Borgund."

Kristian Kullerud gravlagd i Borgund

Sigrid Haugen Borlaug, f. 1922, som budde på Frammigarden like ved Borlaug bru, var vitne til krigshandlingane i aprildagane 1940. Ho fortel at tyskarane hadde eit femti-tals fangar og at desse vart sette til å grava dei falne ned i ein potetåker på garden. Nokre dagar seinare vart dei flytta til kyrkjegarden lenger nede i dalen. Etter krigen var tre av dei flytta til heimstadene sine, medan den fjerde, Kristian Kullerud, fekk den siste kvilestaden sin i Borgund.

Ungdomslaga reiste minnestein

På denne tida var det to ungdomslag i Borgund, Vindhella Ungdomslag i den nedre delen av bygda, og Hegg Ungdomslag for grendene lengst oppe. Hausten 1945 gjekk laga saman om å få reist ein minnestein på grava til soldaten som var att. Dei fekk inn pengar ved innsamling og ved basarar, og dei greidde å skaffa ein vakker stein i marmor frå ein gravminne-forhandlar som kyrkjetenaren, Johannes A. Grimsøy, busett på Lamheller, hadde kontakt med.

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka 17. mai 1946 med mykje folk til stades. Formannen i Hegg ungdomslag og i minnesteinnemnda, Reidar Ulviksbakken, heldt avdukingstalen og overleverte steinen til Borgund kommune ved ordføraren, Hallvard Borlaug. Ordføraren takka og lova i si helsingstale og ta godt vare på minnesteinen og vyrdsla vel om han til alle tider. Lærdal Musikklag medverka òg ved avdukinga, ei høgtid som gjorde eit sterkt inntrykk på dei frammøtte.

Markering ved steinen og vedlikehald

Nedlegging av krans på krigsgrava ved kyrkja er fast post på 17. mai-programmet i Borgund. Det har òg vore markeringar i høve runde år for krigsutbrotet og fredsåret. På frivillig basis har folk i Borgund i alle år passa på å planta blomar ved minnesteinen. Det har òg vore sytt for å halda steinen rein for tilgroing av mikroorganismar. For å få stell og vedlikehald inn i faste former, har Lærdal kommune nå teke fullt og heilt ansvar i samsvar med lovnaden Borgund-ordføraren gav ved avdukinga. I gravregisteret har minnesteinen status som ei varig verna krigsgrav med minnestein reist 17. mai 1946.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre falne. Bind 2, Oslo 1948.
Bragstad, Jakob: Fjordane Infanteriregiment nr. 10 i gamal og ny tid. Oslo 1996.
"No lukta det fred!" Glimt frå Lærdal og Borgund 1940-1945. Lærdal kommune 1995.
Munnleg informasjon frå:
Odd Nesse, Leikanger.
Reidar Ulviksbakken, Lærdal.
Sigrid Haugen Borlaug, Lærdal.
Håkon Li, Lærdal.

Sjå også:

PERMANENT IDENTIFIKATOR