Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over stortingsmann Sigmund K. Aarnes



Sigmund K. Aarnes frå Stryn var bonde og lensmann. Han vart tidleg med i politisk arbeid og hadde ei rekkje verv i kommunen og fylket, og han var stortingsmann i fleire periodar. Han døydde brått 5. november 1912, berre 61 år gammal. Stryn kommune kosta gravferda og heimbygda reiste minnestein på grava hans.

<p>Minnesteinen over stortingsmann Sigmund K. Aarnes (i framgrunnen) st&aring;r p&aring; grava hans ved Oppstryn kyrkje. Minnesteinen i bakgrunnen er over falne fr&aring; Oppstryn i andre verdskrigen.</p>

Minnesteinen over stortingsmann Sigmund K. Aarnes (i framgrunnen) står på grava hans ved Oppstryn kyrkje. Minnesteinen i bakgrunnen er over falne frå Oppstryn i andre verdskrigen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa

Biografi i boka stortingsmenn frå Sogn og Fjordane:

"Sigmund (Simon) Kolbeinson Aarnæs, fødd på Årnes i Stryn 14. november 1851, son åt bonde Kolbein Sigmundson Aarnes og Marte Martinsdotter Storstein. Var elev ved Woller Konows folkehøgskule på Halsnøy 1870-71. Overtok farsgarden 1874, vart også lensmann frå 1909. I heradstyret frå 1876 til 1909, ordførar frå 1890, formann i skulestyret frå 1890 til 1904, var medlem av amtsskulestyret 1890 til 1908, formann frå 1894. Var elles mykje med i mange slags styre og råd, og offentlege kommisjonar. Døydde 6. november 1812. Var gift med 1) Ingeborg Jonsdotter Flo, dotter åt bonde Jon Jonsson Øvre Flo og Malene Rasmusdotter Nedre Flo, 2) Eli Jonsdotter Grafferøyen, Lom, dotter åt husmann Jon Gafferøyen og Marit Hansdotter.
 

Var første vararepresentant frå Nordre Bergenhus Amt 1886-88, fjerde vararepresentant 1892-94, første representant frå same amt 1900-1903, frå Nordfjord krins 1906-09, 1910-12 og vald for 1913-15."

Minneord

Sigmund Aarnæs var vide kjend og ein mykje avhalden mann. Mange aviser hadde minneord. Jon Fridtun, sambygding, skreiv m.a. i Sandane-avisa Nordfjord:
 

"Ja stryningar ber sorg i barm no. Og stor saknad. [..] "han Simoa" var altid god aa gaa til for alle. [..] Han var ein sjølvlærd mann, som i livsens framifraa praktiske skule hadde vunne seg so høgt i kunnskap og daning, at han skamlaust kunne benkjast millom dei fremste folkekaarne for den skuld. [..] Det fremste sermerke i Sigmund Aarnes sitt huglynde kan ein samanfata med desse faa ordi: Tolsemd og trygg ro. [..] Han var ikkje av desse som skubba seg sjølv upp eller aala seg fram med kunstige raader. Det var hans paalitelege, grundige arbeid med sakerne som lyfte honom upp til det eine tillitsyrke etter det andre, fyrst i heimbygdi sidan i amtet og Stortinget."

Bonde og stortingsmann-kollega Lasse Trædal, skreiv m.a. i Bergens Tidende:
"Daa Olaj Olsen [fylkesmann i Sogn og Fjordane] vart borgarmeister i Bergen, var det eit sterkt ynskje millom ordførararen i amtet at Aarnes skulde vorte amtmann."

Gravferda

Stryn kommune kosta gravferda som vart halden tysdag 12. november. Båten "Fritjof Nansen" på Strynevatnet gjekk frå Meland kl. 11 og var oppom Aarnes for å ta med båra og pårørande. På Fosnes venta mykje folk og på bryggja var pynta med ein æreport av grønt. Oppover vegen til kyrkja var strødd med einer og gran. Medlemmer av kommunestyret bar kista inn i kyrkja.
 

Etter minnetalen ved sokneprest Farnes vart lagt ned mange kransar, - frå Stortinget, Nordre Bergenhus Amt, amtsskulestyret, Stryn kommune, lensmennene i Nordfjord, Fjordenes Blad, Bergsida skyttarlag, o.fl.
Etter jordfestinga takka Kolbein Aarnes for den store medkjensla i sorga og den æra som var vist far hans. Dei tilreisande vart bedne til middag i ungdomslokalet "Trudvang."

Steinen

Nokre år seinare reiste heimbygda minnestein på grava. Steinen er kring 1,80 m høg med bronserelieff over innskrifta. Det står:
Stortingsmann og lensmann * S. K. AARNES * [dato og år for fødsel og død] * * Heimbygda reiste honom * dette minne.
Relieffet er signert A. Svor 21.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Øvre-Eide, R.: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970.
Aaland, Jacob: Nordfjord - Frå gamle dagar til no - Dei einskilde bygder - Innvik-Stryn. Sandane 1932.
Fjordenes Blad. Fleire stykke. November 1912.

PERMANENT IDENTIFIKATOR