Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. juni 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein på grava til Peder Hafsaas



Torsdag 4. mai 1916 vart den 33 år gamle Peder Hafsaas frå Stårheim skoten og drepen i Knarrevik sør for Bergen. Hafsaas arbeidde som oppsynsmann på eit fabrikkanlegg der. Han vart gravlagd ved Stårheim kyrkje og arbeidsplassen hans reiste seinare ein minnestein på grava.

Peder Hafsaas vart gravlagd vest for kyrkja på Stårheim kyrkjegard, 12. mai 1916. Han må ha vore ein avhalden oppsynsmann. Styret ved superfosfatfabrikken og arbeidarar på anlegget reiste minnesteinen på grava hans.

Peder Hafsaas vart gravlagd vest for kyrkja på Stårheim kyrkjegard, 12. mai 1916. Han må ha vore ein avhalden oppsynsmann. Styret ved superfosfatfabrikken og arbeidarar på anlegget reiste minnesteinen på grava hans.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Peder Hafsaas

Peder Hafsaas, fødd 14. mars 1883, var son til gardbrukar John Havsaas, Indre Havsås, og Margrethe. Han tok utdanning ved den tekniske elementærskulen i Kristiania og arbeidde ei tid i hamnevesenet før han vart tilsett som oppsynsmann ved anlegget til ein superfosfatfabrikk i Knarrevik.

Det kan sjå ut som om Peder Hafsaas gjekk på Holmøy arbeidsskule vinteren 1899/1900. I Folketeljinga 1900 står oppførd: Peder Jons. Hafsaar (sic.), med bustad Eid, ugift arbeidsskuleelev, snikkar, fødd 1883, fødestad Eid.

Minnesteinen

På minnesteinen står innskrive:

PEDER K.J.J. * HAFSAAS * født 14 Marts 1883 * død 4 Mai 1916
Reist av direktion * og arbeidere ved * Den Norske Superfosfatfabrik

Hendinga

Fjordabladet hadde ei stutt melding om hendinga 6. mai: "Peder Jonsen Havsaas" frå Eid var skoten i Knarrevik sør for Bergen av ein rusa person. To dagar seinare kunne bladet gjera nærare greie for korleis det hadde bore til.

Åstaden for skytedramaet var Knarrevik på Litle Sartorøy (sic.) ikkje langt frå Brattholmen. Her heldt Den norske superfosfatfabrik på å byggja attmed ein sildoljefabrikk. I alt arbeidde 200 mann på staden og Peder Hafsaas var oppsynsmann. Ein motorbåt gjekk til og frå Bergen med folk og varer.

Torsdag morgon reiste direktør Mustad inn til Bergen saman med to svenskar som nett hadde vorte oppsagde. Han skulle attende om ettermidagen. Rett før båten skulle gå kom svenskane saman med ein annan og hoppa om bord. Ein av dei hadde gløymt sjukekasseboka si. Då dei kom fram, ba direktøren arbeidsformannen om å sjå til at svenskane kom seg inn att til byen. Han fekk Hafsaas med til å hjelpa seg. Det kom til krangling, og brått trekte ein av dei ein revolver og skaut mot Hafsaas som med ein gong seig saman med orda: "Han har skote meg.". Han døydde straks etter.

Drapsmannen tok deretter sitt eige liv.

kjelder:

Fjordenes Blad. 06.05,09.05, 11.05.1916.
Informasjon frå:
Kyrkjekontoret i Eid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR