Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Jon Fridtun



Jon Fridtun (1867-1914) frå Flogrenda i Stryn døydde berre 47 år gamal. Han var ein føregangsmann i målreisinga i Nordfjord, i den frilynde ungdomsrørsla og fråhaldsrørsla. I 1920 reiste sambygdingar ein minnestein på grava hans.

Minnesteinen på grava til Jon Fridtun. Han var frå grenda Flo på andre sida av Strynevatnet midt på biletet.

Minnesteinen på grava til Jon Fridtun. Han var frå grenda Flo på andre sida av Strynevatnet midt på biletet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi i Norsk Allkunnebok

Fridtun, Jon (1867-1914), bonde Stryn, ein av føregangsmennene for ungdomsreisingi i Nordfjord. Han skreiv ofte ofte i mål- og ungdomsbladi. Eit minnedikt om morbroren, Rasmus Flo, høyrer til det venaste han har skrive på vers. Han fekk skipa Firda Ungdomslag [distriktslag for Nordfjord] og var formann 1896-1898. Han var styremedlem i fyrste styret for Noregs Ungdomslag [skipa 1896]. Stryn var eit av dei fyrste herad som tok nynorsk i bruk i folkeskulane (1893) og Blixsalmane i kyrkja. Det var mykje Fridtun å takka.

Marmorstein

Minnesteinen står på grava hans ved Oppstryn kyrkje på Fosnes. Det er ein marmorstein i to deler. På hovuddelen står: JON K. FRIDTUN * [teikn for fødd] 29/9 1882 * [teikn for død] 16/8 1914. På sokkel-delen står: Takk for godt arbeid.

Reist av bygda

"Det vart ein stor saknad i bygda og mellom ungdomen då han var borte", står det i 50-årsskriftet til Firda Ungdomslag. "Han var ein av dei som sterkast hadde arbeidt for åndeleg fridom og åndsdaning mellom ungdomen. Heile bygda gjekk saman om å reisa minnesmerke på grava hans."
Minnesteinen vart høgtideleg avduka søndag 13. juni 1920 med mykje folk til stades, fleire langvegs i frå. Sokneprest Eilert Patrick Juul, ein god ven av Fridtun, kom frå Aurland. (Juul var prest i Stryn i åra 1880-1884. Han heldt skule for ungdom, og Fridtun var elev i Stryn og ein vinter i Aurland).
Sokneprest Juul heldt avdukingstalen, og til slutt tok Kolbein Fridtun, son til Jon Fridtun, mot steinen og takka for at bygda hadde reist dette minnesmerket.

Fåre for sletting 90 år seinare

Sommaren 2002 fekk Kari Fridtun brev frå kyrkjeverja i Stryn om at festet på grava til Jon Fridtun går ut i 2004 og at ei grav normalt kan festast for makismalt 90 år. Jon Fridtun-steinen hadde etter dette kort levetid att. Då kyrkjeverja vart gjort kjent med at dette er ein "gravstein" oppsett av ein vidare krins enn den næraste familien, vart det fremja sak om å gje steinen status - varig vern.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fridtun, Jon d.y.: Jon Fridtun (1867-1914). I Oppstryn Ungdomslag - 100 år. Stryn 1994.
Norsk Allkunnebok. Band 4. Oslo 1952.
Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950.
Fridtun, Liv: Jon Fridtun 1867-1914. Målmann, diktar og idealist. Storfagsoppgåve i norsk. MRFD, Volda 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR