Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Ei grav - Fredrikke Sophie Christensen



"Liti og kroki" minnest Tryggve Rishovd, fødd 1916, at Sophie Christensen i fylkesmannsgarden var. Ho budde hjå sonen, fylkesmann I.E. Christensen. "Intelligent og stillfarende" skreiv<i>Firda</i>då ho døydde hausten 1927. Fru Christensen var då enkje etter kaptein og amtsingeniør (vegsjef) M.T. Christensen. Ho vart gravlagd på familiegravstaden på kyrkjegarden ved Førde kyrkje.

Familegravstaden Elster-Christensen på kyrkjegarden ved Førde kyrkje.

Familegravstaden Elster-Christensen på kyrkjegarden ved Førde kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Gravminnet
Gravstaden til familien Elster/Christensen er omgjeven av eit smijernsgjerde. Det er mange gravminne der, både yngre og eldre. Eit av dei eldste er eit obeliskforma gravminne med to namn på postamentet:
SOPHIE FREDRIKKE * CHRISTENSEN * f. ELSTER * FØDT 8. Oktbr. 1838 * død 19 Novbr. 1927
Kaptein * MICHAEL SUNDT TUXEN * CHRISTENSEN * Født 14 Octbr. 1827 * død 5 debr. 1893

Personopplysningar
Sophie Christensen, fødd 8. oktober 1838 i Overhalla, Nord-Trøndelag, var dotter til fogd, seinare sorenskrivar Christen Christensen Elster (1804-1891) og Elen Sophie Alstrup (1811-1889). I 1853 vart Elster utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord og familien flytte til Førde og busette seg på garden Volden.

Sophie Elster vart i 1868 gift med Michael Sundt Tuxen Christensen. Dei budde på garden Veglo (bruksnr. 6 under garden Skei.) Ekteparet hadde tre born: Hjalmar, Erny og Ingolf.

I åra 1874-1885 var Michael Christensen amtsingeniør (vegsjef) i Sogn og Fjordane. Familien budde desse åra tidvis på Leikanger der fylkesadministrasjonen heldt til. I åra 1885-1889 budde familien i Bergen, men flytta tilbake til Skei i 1889. Då fru Christensen vart enkje i 1895, flytte ho til yngste sonen Ingolf Elster Christensen som budde i Kristiania. I 1911 flytta ho til Leikanger då Ingolf Christensen vart fylkesmann i Sogn og Fjordane. Kvar sommar budde ho i heimen på Skei med unntak av dei siste åra før ho døydde.

Nekrolog
Fredrikke Sophie Christensen døydde 19. november 1927. Bergens Tidende skreiv denne nekrologen:
"Fru Fredrikke Sophie Christensen, født Elster er avgaat ved døden, 89 aar gammel. Avdøde var enke efter kaptein og amtsingeniør Michael Christensen og mor til statsraad [og fylkesmann] I.E. Christensen og avdøde forfatter Hjalmar Christensen samt frk. Erny Christensen. Digteren Kristian Elster var hendes bror. Fru Christensen har i mange aar været det samlende midtpunkt paa den gamle slegtsgaard Skeid i Førde, Sunnfjord."

Førde-avisa Firda skreiv mellom anna:
"Den avdøde var sterkt knyttet til Førde, hvor hun var meget avholdt. Det vil derfor føles som et stort savn naar den intelligente, stillfarende dame nu er vandret bort. Folket i Førde vil derfor mindes hende med takk og ønske fred over hendes minde."

Gravferda
Fru Sophie Christensen vart gravlagd fredag 25. november. Prost Hope forretta. Det var kome mange kransar, telegram og helsingar til gravferda, - frå statsminister Ivar Lykke, statsrådar, forfattaren Wilhelm Krag, fylkesmann Lind, Hugo Mowinckel, ingeniør Knud Knudsen og fleire.

Av kransar frå folk i Førde, nemner Firda "dr. Münster, dr. Bydals, ing. Waage, ing. Selmers, lensm. Scheis, Alb. Steen, Sivertsens, fru Kvaal, Slaattens, hoteleier Scheis, Aases, fru Berqvam, fru Erdal, Lundevalls, m.fl." (s, t.d. i Bydals, tyder Bydal sine, Bydal sin familie.)

kjelder:

Firda. 23.11, 26.11.1927.
Førsund, Finn Borgen: Førde bygdebok. Gardssoge og soga om folket. Band II, 1992.
Informasjon frå: Tryggve Rishovd, Leikanger.
Knut Skjånes, Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR