Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Edvin Færøy



Edvin Færøy fall i Valdres 20. april 1940. Han vart fyrst gravlagd i Valdres men seinare flytta heim og gravlagd på kyrkjegarden i Rutledal. Bygda reiste minnestein på grava.

Minnesteinen på grava til Edvin Færøy på den gamle gravstaden i Rutledal.

Minnesteinen på grava til Edvin Færøy på den gamle gravstaden i Rutledal.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Fotograf Hermund Kleppa.

Biografi iVåre falne

«FÆRØY, EDVIN, gardsarbeidar, Gulen. Fødd 30. juli 1917 i Gulen, son til Andrias Færløy og Johanne, fødd Juvik. Var gardsarbeidar og fiskar. Fall i stridane i Valdres 20. april 1940. Gravlagd på Rutle kyrkjegard i Gulen.»

På den gamle kyrkjegarden

Rutledal har to gravstader. Den gamle ligg på nordsida av vegen vestover til Dingja, vel 1 km frå Rutledal, tett attmed gardsvegen ned til Rutle. Etter at ein ny gravstad vart teken i bruk, har den gamle gravstaden berre vorte nytta i særlege høve. Frå avkøyrsla fører ein grasgrodd veg fram til gravstaden som er innhegna med mur og gjerding. Buskfuru, rogn og bjørk står heilt inn til gravstaden på tre av sidene. Nordover er det ope utsyn mot fjorden. Edvin Færøy si grav er lett å få auga på straks ein kjem inn på gravstaden. Det står ein stor minnestein på grava.

Minnesteinen

«Denne steinen er reist av bygda i djup takksemd» står det på baksida av minnesteinen. Steinen er nær tre meter høg, og sidene nede 70 cm x 28 cm. På framsida står namnet, Edvin Færøy, når han var fødd og når han fall. «Du gav alt for * fedrelandet * Fred med ditt minne

På andre minnesteinar

Edvin Færøy sitt namn står på to andre minnesmerke, på minnesteinen ved Gulen kyrkje i Eivindvik og på Bømoen på Voss. Minnesteinen i Eivindvik vart avduka 3. august 1947. Monumentet over falne frå IR 10 på Bømoen har 55 namn. Edvin Færøy var ein av 25 falne frå Sogn og Fjordane. Monumentet vart avduka 15. august 1948.

Fall i Valdres< br /> I dagane etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940 tok mannskap frå Infanteriregiment 10 /IR 10) seg fram til mobiliseringsstaden på Voss. Frå 17. april vart over 1000 mann overførde til Austlandet. Styrken skulle fyrst og fremst forsterka forsvaret i Valdres. Edvin Færøy og Konrad Byrknes frå Gulen fall 20. april i kampane ved Bagn 19.-23. april.

 

kjelder:

Aas, Sverre: «Sogningane rykkjer fram» I Då krigen kom til Sogn. Årbok for Sogn. Nr. 32, 1986.
Eithun, Grethe, o.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. Selja Forlag 2005.
Bragstad, Jakob: Fjordane Infanteriregiment i gamal og ny tid. 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR