Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Olav Rise



Under krigen 1940-1945 var handelsstyrar og dampskipsekspeditør Olav Rise på Leikanger med i motstandsrørsla. Saman med ni andre vart han arrestert i ein gestaporazzia 4. februar 1945. Han vart torturert til døde i Bergen 15.2 og ikkje funnen før i juli. Den 17. mai 1947 vart det avduka minnestein på grava hans i Leikanger.

På framsida av minnesmerket står: OLAV RISE * [f.] 23/12 1899 * Ofra livet * for fedrelandet * i tysk fengsel * 15/2 1945. På baksida står: Reist av * Syrstrond * ungdomslag

På framsida av minnesmerket står: OLAV RISE * [f.] 23/12 1899 * Ofra livet * for fedrelandet * i tysk fengsel * 15/2 1945. På baksida står: Reist av * Syrstrond * ungdomslag

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi i bokverket Våre Falne

RISE, OLAV, handelsbestyrer, Leikanger i Sogn. Født 23. desember 1899 i Leikanger, s. av Hans Rise, f. 1855 i Strandebarm, og Britha f. Halland, f. 1860 i Leikanger. Gift 1940 i Leikanger med Anna Holum, f. 1911 s. st. Handelsskole. Var med i Mil.org., mottok og videresendte våpen, hjalp engelske agenter og var representant på stedet for Hjemmfrontens fylkesråd i Sogn og Fjordane. Ble arrestert 6. februar 1945, torturert under forhør og døde 15. februar s.å. i Bergen kretsfengsel. Gravlagt i Leikanger.

Torturert til døde

Olav Rise og ni andre frå Leikanger vart arresterte av gestaposjef Helmut Kløtzer 4. februar 1945 og tekne med til Høyanger der gestaposjefen heldt til. Etter fleire dagar med harde forhøyr vart fangane tekne til Bergen og sette i Bergens Kretsfengsel. Ein av dei fekk reisa heim.

I Bergen vart Olav Rise torturert til døde. Det kom melding heim til kona om at han var død, og den 28. februar stod det dødsannonse i "Sogn og Fjordane". Familien fekk vita at Olav var død, men dei fekk han ikkje heim.

Heim til Leikanger i juli

Olav Rise vart ikkje funnen før lenge etter krigen. Fyrst i juli kom det melding om at liket var funne ein stad mellom massegravlagde russarar på Laksevåg. Båra hans kom til Leikanger på D/S "Kommandøren", søndag 8. juli. Mykje folk var møtt fram og fylgde båra innover til kyrkjegarden der det var gravferd om ettermiddagen. "Sikkert største gravferda som har vore i Leikanger," skreiv avisa "Sogn og Fjordane" etterpå.

Minnedikt

Ivar Menes, f. 1920, Leikanger, skreiv eit dikt til den falne si heimkome. Det har overskrifta "Olav Rise" og stod i avisa "Sogn og Fjordane". Fyrste verset lyder slik:

Minnesmerket

Kort tid etter at Olav Rise var gravlagd, gjekk Syrstrond Ungdomslag i gang med å reisa eit minnesmerke på grava hans. Dei tinga maken til minnesmerket på Anders Eggum si grav hjå Herm. Eichners Stenhuggeri i Bergen: eit minnesmerke samansett av ein obeliskforma stein i heilpolert sognegranitt ståande på ein ca. 40 cm høg sokkel i same bergart. Framfor steinen er der ein ca. 80 x 60 cm og ca. 15 cm høg karm av steinelement, "fylt" med det norske flagget, 61 x 46 cm, laga i stein i naturfarga bergart. Mellom flagget og obelisken er ei opning for plassering av blomar.

Det var heilt uråd for Eichner å levera minnesmerket sommaren 1945, og heller ikkje i 1946. Firmaet hadde vanskar med å få tak i den steinen som trongst. Minnesmerket kom fyrst til Leikanger våren 1947 og vart oppsett til avduking 17. mai.

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka etter gudsteneste og kontorsjef Sverre Nordås, ein av Olav Rise sine næraste medarbeidarar i heimefronten, heldt avdukingstalen. Han sa mellom anna:


"Og då kallet kom, til Olav Rise om å vera med, [i kampen mot valdsmakta] var han straks viljug. Hans faste nasjonale stode og ljose tru fornekta seg ikkje. Han arbeidde i det stille for landet si frigjering, anten det var ved å gøyma ein rømling for Gestapo eller å ta imot eit våpenlager frå England. Alle som motlause kom inn i butikken til Olav Rise, gjekk ut att med større tru og von."


Om minnesteinar over falne sa Nordås: "... steinane skal ikkje berre minna oss om dei som fall, men om striden for Noregs fridom og mana komande ætter til å halda fast på fridomstanken."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1949.
Svartefoss, Einar: 5 årsnatta Leikanger i krigsåra 1940-1945. Leikanger 1994.
Avisa Sogn og Fjordane. Fleire nummer. Leikanger 1945.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-88009 Syrstrond Ungdomslag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR