Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. juni 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over lekpredikant - Anders O. Venes



På oppsida av Norum kyrkje står ein vel to meter høg minnestein over lekpredikanten Anders O. Venes. Misjonsvener i Noradn og på Veitastrondi reiste steinen.

Minnesteinen på grava til Anders O. Venes på kyrkjegarden ved Norum kyrkje.

Minnesteinen på grava til Anders O. Venes på kyrkjegarden ved Norum kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Minnesteinen over Anders O. Venes står på grava hans på oppsida av Norum kyrkje. På framsida er to slipte felt. I det øvste står: ANDERS O. VENES * 1837 - 1926. I det nedste: Misjonsvener i Norum * og Veitestrand reiste * steinen

Anders O. Venes

Anders Olsson Venes, fødd 20.09.1837 (ei kjelde har datoen 25.09) på Henjesand under Henjum i Leikanger, var son til strandsitjar og båtbyggjar Ola Andersson Nybø (1800-1885) og Anna Ingebriktsdotter. Han vart gift 1. gong med Sigrid Bottolvsdotter frå Undredal i Aurland. Ho var innflytta til Henjum i 1861. Dei hadde åtte born. Andre gong vart han gift med Kristi Jonsdotter Flatland, Sogndal.

Huslyden flytte til Luster i 1868, der Anna var jordmor. Då ho døydde i 1883, kom Anders attende til Eggum i Leikanger. I andre ekteskapet flytte huslyden til Kvam i Sogndalsdalen, men kom seinare til Venes. I folketeljinga 1900 står Anders Venes oppførd som gardbrukar og båtbyggjar. Det var då i alt 10 personar i hushaldet, - kona Kristi og fem born, dessutan dottera Andrea frå fyrste ekteskapet og to ungdommar frå Leikanger.

Anders O. Venes døydde som gift kårmann 14.10.1926 og vart gravlagd 21.10.

Menneskefiskar

Anders Venes byrja å reisa som forkynnar i ung alder og var på denne måten med i indremisjonsarbeidet heile livet. Per O. Hatlelid frå Fresvik skreiv eit stykke om han i eit lite hefte Midtre Sogns Indremisjon laga til 60 årsjubileet sitt i 1929.

Kombinasjonen båtbyggjar og forkynnar gjekk godt i hop. Hatlelid fortel at då Anders stod i arbeid med ein ny båt i naustet sitt på Venes hende det rett som det var han kom til å minnast orda av Jesus til læresveinen Simon Peter:

"Far ut på djupet", og "Fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskefiskarar." Fekk han so også minning i sjeli um ei bygd han burde vitja, so gjekk han gjerne straks inn til kona og bad henne finna fram besteklædi, for no kjende han minning av Herrens ande um å reisa til den eller den bygdi og halda møter. Og so reiste han dit Herren kalla, plent som Abraham i si tid gjorde. På slike småturar kjende han jamt kor Gud var med."

kjelder:

Lyngvær, Roald: Bygdebok for Leikanger. Ættesoge.
Midtre Sogns Indremisjon i 60 år. 1929.
Riksarkivaren, digitalarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR