Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. mars 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein på krigsgrav i Guddal - Hans Thuland



Hans S. Thuland frå Guddal døydde under kampane i Valdres i april 1940. Han vart førd heim og gravlagd på kyrkjegarden i heimbygda. Ungdomslaget reiste minnestein på grava hans. Namnet hans står også på minnesmerket over falne på Bømoen på Voss.

Det gamle gardstunet på garden Hans S. Thuland kom frå, måla av Steinar Hauge i 1949. I 2004 var alle husa borte med unntak av huset til høgre som står att i noko redusert utgåve samanlikna med huset på maleriet.

Det gamle gardstunet på garden Hans S. Thuland kom frå, måla av Steinar Hauge i 1949. I 2004 var alle husa borte med unntak av huset til høgre som står att i noko redusert utgåve samanlikna med huset på maleriet.

Eigar: Sture Dingsøyr.

Datering: 2004.

Fotograf: Sture Dingsøyr.

Innskrift
På steinen står innskrive:
HANS OLAI S. * THULAND * [teikn for fødd] 7/9 1905 * [teikn for død] 26/4 1940 * Du gav deg sjølv * for heim og land
På sokkel-delen står:
Guddals Ungdomslag * reiste steinen i takksemd * for det du var

Førd heim til Guddal
Thuland vart sjuk og døydde av lungebetennelse. Kista hans vart førd heim frå Valdres. Folk har fortalt at han var iført uniform og at dei tok av han klokke og ring. Han vart gravlagd på kyrkjegarden ved Guddal kyrkje 4. mai 1940.

Reist under krigen?
I 2004, vel 60 år etter at Thuland vart gravlagd, var folk i Guddal ikkje heilt visse på om minnesteinen vart reist under krigen eller straks etter. Av eit stykke i avisa Firda 16. juli 1946 går det fram at steinen var komen opp då. I eit anna stykke med overskrifta "Minnesteinar over fallne nordmenn", i avisa Sogn og Fjordane, 11. oktober 1940, står det om Hans S. Tuland, at "no har ungdomslaget i bygda teke opp arbeidet for å reisa ein minnestein på grava hans.

Ungdomslagsarkivet gir fleire opplysningar. Formannen reiste spørsmålet på eit lagsmøte 22. september 1940. Saka vart utsett, og var føre neste gong 20. april 1941 då det vart vald ei nemnd til å "utarbeida ein plan". Med i nemnda var Øystein Sørebø, Øystein Grøvlen og Øystein Steinseth. Dei arbeidde raskt. Alt 3. mai hadde dei planen klar og fekk godkjenning. I rekneskapsboka er postert "innsamla pengar til gravstein" 27. desember 1941, og 15. februar 1942, utgiftsposten "Kjøpt ein gravstein kr. 200.00"

Det går ikkje her fram nøyaktig når steinen vart reist. Per Dingsøyr, tidlegare redaktør i Sogn Dagblad, meinte at steinen vart oppsett i 1942, straks dei hadde kjøpt han og fått han til bygda, og at det vart ordna i all stillhet. Lagsarkivet har ikkje opplysningar av di laget var nedlagt frå våren 1942 til 1945. NS-styresmaktene tok over Noregs Ungdomslag, 23. februar 1942, og lokallaga svara med å leggja ned verksemda. I Guddal tok nazistane ungdomshuset til bruk for tyskarar. Stornazisten Harald Hope stengde huset 8. mars 1942.

Etter ei lov av 5. februar 1942, (kunngjort 14. feb.) kunne det ikkje reisast minnesmerke over falne nordmenn i krig utan løyve frå Kultur- og folkeopplysningsdepartementet. Vi veit at folk i somme høve valde å venta til etter krigen. Dei ynskte å reisa minnesteinen sin på fritt grunnlag, ikkje etter løyve frå nazi-styresmaktene.

kjelder:

Kløvstad, Jan: Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996. Oslo 1995.
Opplysningar frå:
Sonja Dingsøyr, Fjaler.
Peder Svartefoss, Høyanger.
Privatarkiv: Guddals Ungdomslag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR