Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. juli 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Anna Myklebust på Bryggja



Anna Myklebust (1868-1942) frå Bryggja la ned eit uvanleg stort arbeid i fråhaldsrørsla. Ho skipa barnelosje på Bryggja og reiste mange år som talar i Nordfjord-distriktet. I 1947 reiste distriktslosjen ein minnestein på grava hennar ved Totland kyrkje.

Barnelosjen "Framhald" på Bryggja 1926 med regaljane på, broderte tøystykke som viser rang og ombod. Den vaksne kvinna er Anna Myklebust.

Barnelosjen "Framhald" på Bryggja 1926 med regaljane på, broderte tøystykke som viser rang og ombod. Den vaksne kvinna er Anna Myklebust.

Eigar: Jetmund Myklebust, Bryggja.

Datering: 1926.

Fotograf: Ukjend.

Anna Myklebust

Anna Kristine Tollefsdotter Myklebust, fødd 17. april 1868, død 21. april 1942, var dotter til Torleiv Larsson Indre-Rimstad. Ho gjekk lærarskulen og var lærar nokre år før ho i 1894 gifte seg med gardbrukar og snikkar Jetmund Andreas Myklebust på Bryggja. "Ei særs dugande og ferm kone", skreiv bygdebokforfattar Jacob Aaland i 1938.

Anna Myklebust engasjerte seg breitt i samfunnslivet. Ho var varamedlem til styret i Firda Ungdomslag 1900 (oppsiktsvekkjande på denne tida), med i skulestyret og andre bygdestyre. Ho kom tidleg med i fråhaldsrørsla og var i 15 år distriktsforstandar i IOGT Nordfjord.

Lærar Arne Loen skreiv eit hyllingsdikt til henne på 70-årsdagen. I eit av versa ynskjer han å få fram den framifrå eigenskapen ho hadde som talar.

Vi er mange i dag ikring Nordfjords strender
Som hugsar deg Anna med glede og takk.
Du vitja oss ofte i heimegrender
og tala so varmt for vår store sak.
Då var du tidt som ein tendande glo
Som tok oss med storm. Vi gret og vi lo,
og augo dei vart so varme og blanke,
og hjarta vi kjende i barmen banke.

Minnesteinen

I 1943 tok losjen opp spørsmålet om å reisa minnestein på grava hennar og steinen vart reist fire år seinare. Han er 270 cm høg, sidene nede er 65 x 36 cm, og han smalnar berre nokre få cm mot toppen. Steinen er ned omgjeven av eit felt med kvit singel og framfor er pynta med blomar.

Øvst er innhoge IOGT-merket, og nedanfor står denne innskrifta:

ANNA MYKLEBUST * F. 17-4 1868 D.21-4 1942 * D.F.B. I 15 AAR. * VIDT OM NORDFJORD * DU NAADDE * DET GROR AV FRØET * DU SAADDE.
JETMUND MYKLEBUST * F. 24-4 1862 D. 26-8 1943. * REIST I TAKKSEMD AV * NORDFJORD DISTRIKTSLOSJE * 1947.

Steinen har eit par "framandelement" nær innpå. Kyrkjegardsgjerdet går berre eit par meter unna og ei flaumlyslampe er sett mindre ein ein meter frå.

Avdukinga

"Anna-steinen", reist til minne og takk for Anna Myklebust sitt lange og trugne arbeid for barnelosjane i Nordfjord, vart avduka under Nordfjord Distriktslosje si årsstemna på Bryggja, i juni 1947. Davik og Bryggja hornmusikk under leiing av lensmann Rosenlund, deltok med fleire nummer og stortemplar Ola Sande heldt minnetalen. Etter avdukinga overleverte han minnesteinen til familien ved sonen, Torleiv Myklebust.

IOGT

IOGT står for International Order of Good Templars, skipa i USA i 1851. Organisasjonen har ritual, gradar og seremoniar på same måte som ordensselskap, men vart etter kvart sterkt forenkla. Sentralt for IOGT står heilt fråhald frå all slags rusdrikk.

Den fyrste IOGT-losjen i Noreg vart skipa i Porsgrunn 1877, og fleire fylgde snart etter. I 1953 hadde IOGT om lag 30 000 vaksne medlemmer og 25 000 born. I siste helvta av 1900-talet gjekk rørsla sterkt tilbake.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Norsk Allkunnebok Bind 4. Oslo 1954.
I.O.G.T. i Nordfjord og Nordfjord Distriktslosje 1892-1950. Stryn 1950.
Fjordenes Tidende. 24.04. og 16.06.1947. Måløy.
Opplysningar frå Jetmund Myklebust, Vågsøy.
Privatarkiv SFF-91066 Nordfjord Distriktslosje, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR