Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein på grava til Petrine Kinn



Petrine Kinn, fødd 1872, døydde 18. august 1956 og vart gravlagd på kyrkjegarden på Kinn. Ho var best kjend som postførar i mange år, mellom Rognaldsvåg og Kinn, og ut til Ytterøyane. Minnesteinen på grava hennar vart oppsett i 1985.

Grava til Petrine Kinn med minnestein oppsett i 1985. Blømande strandnellikar og stemorsblomar ber bod om at grava blir stelt om. Blada til påskeliljene er ikkje klypte av, men knytte i kvileposisjon.

Grava til Petrine Kinn med minnestein oppsett i 1985. Blømande strandnellikar og stemorsblomar ber bod om at grava blir stelt om. Blada til påskeliljene er ikkje klypte av, men knytte i kvileposisjon.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnestein

PETRINE KINN
[teikn for fødd] 30-9-1872
[teikn for død] 18-8-1965
Hvil i fred

Det står ikkje noko om kven som sette opp gravminnet, men steinen på grava til Petrine Kinn er meir enn eit privat gravminne oppsett av nære slektningar. Det er einminnesteinpå den måten at fleire gjekk saman om å reisa steinen. Dei samla inn pengar frå hausten 1984 og reiste steinen sommaren 1985.

Postdame i 28 år

Øya Kinn fekk eige postopneri i 1893. Landhandlar Peder Pedersen var postopnar i åra 1893-1913, Einar Seim i åra 1913-1916. I 1913 vart damskipstoppestaden flytta frå Kinnesundet til Rognaldsvåg. Etter dette måtte Seim leiga lokale til postopneriet i Rognaldsvåg. I 1916  tok Bertinus Sunde over som postopnar. Same året vart Petrine Kinn tilsett som postførar mellom Rognaldsvåg og Kinn.

I 1922 søkte oppsitjarane på Kinn om at postføringa måtte ordnast som ei landpostbudrute etter denne ruta: Åkrøy-Vaulen-Kinn hovudgard-Kinnesund-Rognaldsvåg. I eit fylgjeskriv gjorde Magnus Seim elles merksam på at Kinnesundet kunne vera hardt å koma over og postbodet måtte halda båt sjølv.

Petrine søkte om å få slutta i 1944. Ho hadde då rodd posten til folk i 28 år. Dessutan hadde ho i fleire år ført post til og frå fyret på Ytterøyane. Det var og vanleg at ho tok med varer på turane sine.

"Lett å be om hjelp"

Firdapostenhadde eit stort oppslag om Petrine Kinn i januar 1985. Avisa hadde kontakta Bernhard Larsen frå Kinn og spurt om han hugsa Petrine. Han var då på sjukeheimen i Florø.

"Jau, vi sagtens hugsa ho Petrine, både i færingen der ho rodde over sundet og langs land, leverte post og tok mot post, og ho var snar å be om andre tenester også, som t.d. å handle."

"Ho Petrine var ute i både kuling og stille, som rimeleg er når ho rodde med posten i så mange år. Når ho sleit i motavinden kunne ho sette i: "Vekje du fram! Ja, ska du fram, ska du!" Ho fekk kraftige nevar og armar av roinga."

(Far til Bernhard, Lars Bendiksen, førde posten til Ytterøyane i 20 år.) "Før hans tid hugsar eg det var Petrine som gjorde postturar til Ytterøyane også. Då veit eg at ho siglde, når vinden var til det."

"Sjølv vaks vi opp og budde lengste tida i det vesle huset nord med kyrkja, men etter krigen flytte vi sørover og vart naboar med ho Petrine som budde på Åkrøyna."

"Ho fødde ei ku - eller kanskje ho hadde to ei tid, og slo gras der andre ikkje slo, så var det å bere høyet heim til den vesle løa. Eg trur forresten det var fostersonen Sigurd som bar det meste."

"Som sagt, minna om ho Petrine er mange. Ho var som ei tante for dei fleste der ute, seier Bernhard Larsen."

kjelder:

Firdaposten. 26.01.1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR