Kulturhistorisk leksikon

Plass (61)

  • Dakotabakkane, Gosen, Egypten og Sionsdalen ligg i Stryn! På ein gard i Luster kan du gå frå Jerusalem til Jeriko.

    Det er faktisk ganske vanleg at stader som treng eit namn, får eit namn som har vore brukt før. Slike stadnamn vert kalla oppkallingsnamn, eit sekundært namn som er overført frå ein annan stad. I personnamn er dette det vanlege, t.d. når ein kallar barna opp etter besteforeldra. Nyare matrikkelnamn ber også preg av det, slik som når ei hytte vert kalla Lidarende.

  • «Det er min Sjæl en frydfuld Trang at gjæste Norges Dale»

    Dalar finst det overalt, det er ein av dei mest typiske naturformasjonane i det norske landskapet. «No ser eg atter slike fjell og dalar», song Aasmund O.Vinje då han kom til Rondane. Der det er fjell, er det og dalar. Dalar er store og langstrakte søkk i terrenget. Derfor skreiv vel Kristofer Janson: «Kom opp, kom opp frå den tronge dal» i visa «Hu hei, kor er det vel friskt og lett oppå fjellet». I norrønt mål heitte det «dalr», frå germansk «dala-». Vi finn difor nemninga i fleire europeiske språk: Tal (tysk), dol (russisk), «dol» (walisisk). Verbet «å dale» = gå sakte ned, minke, kjem av same rot. Det gamle norske myntnamnet «daler» hadde namn etter sølvmynten Joachimsthaler, laga i 1518 i ein liten by i ein dal i Bøhmen. Namnet «dollar», brukt i 40 land, er den engelske eller amerikanske versjonen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • «Burmavegane» : Dei næraste Burmavegane ligg på Nordfjordeid og i Førde

    Vegen frå Mogrenda på Nordfjordeid til Leivdalen heiter offisielt Leivdalsvegen. Men på folkemunne brukar dei og eit anna namn: Burmavegen. Det er spennande å finne ut kva som ligg bak dette namnet. Kva i all verda har Burma, no Myanmar, med Leivdal å gjere? Eg har spurt fleire som bur langs denne vegen, også ein som var med og bygde han, men ingen veit sikkert opphavet til namnet. Det er nok sett på av ein som kjende historia om Burmavegen i Asia.

  • Tidmerke i naturen

    For lang tid tilbake var det ikkje vanleg å ha klokke med seg i arbeid, verken på armen eller i lomma. Det var vanleg å orientere seg etter sola, iallfall i sommarhalvåret. Var ein ute og arbeidde, måtte ein kanskje heim til måltida. For å finne ut av dette, hadde dei i eldre tider ymse merke i naturen, og dei var ofte knytte til solgangen. Difor finn vi mange tidmerke i føreleddet i fjellnamn.

  • Elvane Marsåna, Eitråna, Svinåna, Kjeåna og Ljotåna

    Mange av elvenamna våre høyrer til dei aller eldste stadnamna. Når folk busette seg, var tilgang til vatn heilt nødvendig, elva var på eit vis hovudnerven i landskapet. Forskarane meinar at elvane ofte var dei første som fekk namn. «Å» var i norrøn tid det mest brukte norske ordet for «elv». Det er opphavleg same ordet som latin «aqua» og med same grunntydinga «vatn». (akevitt = aqua vita = livets vatn). «Elfr f» vart på den tid svært lite brukt, og berre om store elvar.

  • Gulen og andre stadnamn med Gul-

    Stadnamnet Gulen, som også er namn på kommunen på sørsida av Sognefjorden, kjem av det gamle fjordnamnet Guli, no Gulafjorden. Etter Gulen har Gulatinget namn. Fjorden deler seg etter kvart i 3 fjordar: Nordgulfjorden, Austgulfjorden og Eidsfjorden. Det same gjer Gulefjorden i Bremanger, som deler seg i Nordgulen, Midtgulen og Sørgulen. Lenger nord i Bremanger ligg den tronge fjorden Leirgulen. Alle desse er fjordnamn, men føreleddet «Gul(e)-» finst og i hundrevis av andre stadnamn, i namn på skjer og holmar, teigar, haugar og fjell. Fjellet Gulkoppen ligg på grensa mellom Stryn og Hornindal. Det viser seg at føreleddet «Gul-» har fleire tydingar.

  • Ullsheim, Ullaland og Ullevål

    Då det flotte fylkesanlegget for skiskyting og langrenn stod ferdig i Markane i Stryn i 1990-åra, fekk det namnet Ullsheim. Dette var resultatet av ein namnekonkurranse som eigaren, Markane Idrettslag, lyste ut. Namneforslaget som sigra, kom frå av ein av medlemmene, Oddvar Sætren. Det er altså han som har æra for dette namnet. Etter mi meining er dette eit genialt namn på eit idrettsanlegg for langrenn og skiskyting, eit namn som vitnar om kjennskap til norrøn mytologi. Namnet er ei oppkalling etter den norrøne guden Ullr, som var både skigud, jaktgud og skjoldgud. Ullr heitte også Ullin, namnet betyr «glans, herlegdom».

  • Brokane, Brøkane, Brøket og Krampane : Det er skilnad på «ei brok» og «eit brok/brøk»

    «Broka» finn vi som stadnamn på 20-30 stader i fylket vårt. Det vert oftast nytta som samanlikningsnamn, der staden det er snakk om, liknar på ei brok eller bukse. Der er eit hokjønnsord «ei brok». Men ordet «brok» er ikkje nødvendigvis ei bukse. Som nøytrumsord «eit brok» tyder det skredmark, i Jølster også kalla «skogsbrøk».

  • Yksnebjør, Yksnelvane og Uksen

    Vi skal i denne artikkelen sjå nærare på bruken av «ukse», «okse» og «yksne» i stadnamna. Husdyret «ukse» vert i Sogn og Fjordane stort sett uttale med trong /u/ - /ukse/. Det ser ut til at folk ute ved kysten ofte har uttalen /okse/. Det norrøne namnet var «uxi» eller «oxi», og vart bøygt på fleire måtar i fleirtal: «yxn», «øxn», «uxar», «oxar». I moderne norsk skriv vi -ks- for -x-. I samansette namn som gardsnamnet Yksnebjør – også skrive Øksenberg – i Dale finn vi ordet i genitiv. Som vi skal sjå, er alle desse orda for «ukse» brukt i stadnamna våre, som det finst mange av i fylket vårt – ca. 200 namn.

  • Grot, Grøt, Gryte og Gråt

    Dei fleste av oss kjenner vel uttrykket «å gryte i hop», som tyder noko slikt som «å kaste i hop i ein fart». Dette tydde nok frå starten av å kaste saman stein, som kjem frå «grot» eller «grøt», det som på norrønt heitte «grjot» = stein. Kokekaret vårt «gryte» har same opphav. «Grjot» stammar frå germansk *greutan (v) som tyder «å knuse i små delar». I tillegg har både grut, grus og graut (maten!) sitt opphav her.

  • Gjegnen = Gjegnet = Gjegnalunden - eit ikonisk fjell

    Naturen i Ålfoten-området i Ytre Nordfjord vert av somme kalla « indrefileten av norsk natur». Her ligg eit vilt og vanskeleg tilgjengeleg fjellområde med bratte, høge fjell og brear. Ålfoten landskapsvernområde på 226 kvadratkilometer vart verna i 2009. Her ligg det høgaste fjellet i Bremanger og Ytre Nordfjord, fjellet med fleire namn: Gjegnet, Gjegnen, Gjegnalunden, Blånibba eller Uksen. Ålfotbreen like ved har ein årsnedbør på 5 600 mm, noko som ville ha vore det våtaste området i Norge.

  • Priseld - «Den siste rest av urreligion som ubevisst dukkede opp»

    Det er målaren Nikolai Astrup som skriv dette i eit brev til ein av dei første kjøparane av priseld-bileta hans. Det han kommenterer, er eitt av dei mange måleria han har laga av jonsokbål i Jølster. I Sunnfjord brukte dei både «priseld» og «brising». I Angedalen i Førde brukte dei same nemninga: Priseldeplassen. Astrup kalla desse måleria anten Priseld eller St. Hansbål. Jf. krimromanen «Priseld» av Rune Timberlid (2004), som handlar om eit slikt tenkt måleri av Astrup.

  • Har fjellnamnet Kabusen namn etter eit gammalt klesplagg?

    I Haukedalen i Førde ligg eit 980 m høgt fjell med namnet Kabusen. Det er eit merkeleg namn mange lurer på tydinga av. Men namnet er ikkje eineståande i fylket vårt. I Balestrand finn vi Kabusa, på Veiteberg i Jølster og i Ikjefjorden i Høyanger finn vi Kabusesteinen, og Kabusenipen er namnet på ein høg hammar i Aurland. Desse er nok samanlikningsnamn – at staden ser ut som ein «kabuse». Man kva er no det? I nabofylket vårt, Møre og Romsdal, finn vi Kabysa/Kabysen på 3 stader. I Ytre Standal i Ørsta er Kabysen ein stein med ein heller under. Men dette er ord vi ikkje brukar lenger, så då må vi på leiting i ordbøker. Vi finn to alternative tydingar:

  • Store og små elvenamn i Sogn

    Mange av elvenamna våre høyrer til dei aller eldste stadnamna vi har. I mange «store» namn, som namn på dalføre og gardar, finn vi eit elvenamn i føreleddet. Då bygdene våre vart busette, var tilgangen til vatn livsviktig. Elvane spela ei sentraliserande rolle. Dei var levande i naturen, elva batt folk saman, eller stengde. Dei kunne vere farlege, men var og til hjelp. I dei store elvane var det fisk. På Vestlandet var elvane svært ulike, fossande eller rolege. Difor fekk dei individuelle namn, alt etter lyden dei laga, straumtilhøva, fargen, korleis elvefaret såg ut, kor farleg elva var til ulike årstider. Breelvane var spesielt utfordrande.

  • Delt i to – Kvitla, Kvilkja og Kvinna

    Ordet «tvi-» frå norrønt «tvi-» eller «tve-» er ei bøyningsform for tallet «to». Det tyder todelt eller dobbel. På tysk «zwei» (ofte uttalt «zwo», i engelsk finn vi det i «twilight» = demring. På litauisk heiter ein sykkel «dviratis» (= tohjuling). På vårt språk finst mange ord med tvi/tve: tvilling, tvikroket, tvetydig, eit tveegga sverd, tvekjønna, tvisynast, tvekamp og tvilyd (=diftong). I fleire svært gamle stadnamn har ordet blitt til «kvinn-» eller «tyss-/tuss-».

  • Geitskoreina, Turtneskora og Kvanndalen – namn frå plantar

    Mange ville plantar, som framleis er vanlege i landskapet vårt, vart tidlegare rekna som verdifulle nytteplantar. Dei vart difor sanka inn og brukte som ferskfor til dyra eller til naturmedisin til både folk og fe. Staden der dei vaks, fekk namn etter planten, så dei visste kvar dei skulle leite. Knapt nokon samlar desse plantane no, men stadnamna lever framleis. Dette fortel oss mykje om kultur og daglegliv i eldre tider, for vi veit at desse plantane har vore nytta i tusenvis av år.

  • Stolen, Preikestolen, Brurastolen og Svarvestolen

    Når namnet Preikestolen vert nemnt, tenkjer dei fleste på klippa Preikestolen i Lysefjorden i Rogaland. Den har blitt eit svært populært turistmål, kjend over heile verda. I 2018 fekk den besøk av 300 000 turistar. Det er ei firkanta klippe, 25 x 25 m, 604 m over fjorden. Namnet er sjølvsagt eit samanlikningsnamn, sett på i seinare tid av ein norsk turist. Men klippa heitte opphavleg Hyvlatonnå (= høveltanna), sett nedanfrå fjorden høver det namnet endå betre. Men namnet Preikestolen er ikkje sjeldant, vi har heile 79 «preikestolar» i fylket vårt, i grannefylket Møre og Romsdal har dei 41. Dessutan ei rekkje andre «stolar».

  • Kvite fjelltoppar får ofte samanlikningsnamn

    Det finst over 50 fjell i fylket vårt med namnet Kvitefjellet. Men slike kvite fjell har av og til fått eit meir fantasifullt namn, eit samanlikningsnamn. Eit samanlikningsnamn går som regel på forma, korleis dei ser ut, kva dei liknar på. Men fargen er også viktig. Om vinteren er alle fjell kvite, men når sommaren kjem, og fjelltoppen framleis lyser kvitt av snø og brear, kan fjellet få namn som Skjorta, Bleia, Bjægja, Kåpa eller Duken. Tradisjonelt var desse plagga oftast kvite eller lyse på let. Desse fjella er ganske høge og har ofte evig is like ved toppen, som regel på nordaust-sida. I eit vestlandsk landskap er sørvesten den dominerande vindretninga, nordaust-sida av fjella er le-sida og skuggesida. Der la snøen og breane seg om vinteren.

  • Før i tida hadde alle svin på skogen

    Det finst ca. 850 stadnamn med med «svin», «gris», «sugge», «purke», «gylte» «galte», «råne» og «trond» i Sogn og Fjordane. Dette viser at dette husdyret har vore svært viktig i husdyrhaldet i bygdene våre. Dei fleste av stadnamna viser nok til at grisane i tidlegare tider gjekk på beite på innmark eller i utmark – det var vanleg nesten fram til vår tid. Grisen har lang tradisjon som god mat og godt flesk.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • «Katt» i stadnamn

    «Katt» er eit mykje brukt ord i stadnamn. Men korleis har dette listige og smidige dyret kome inn i mange stadnamn? Det er nemleg ganske få forklaringar på kvifor dette ordet er brukt. I nokre høve vert det sagt at «dei drukna kattar her» eller at formasjonen «liknar på ein katt». 7 av namna i fylket vårt har ein slik merknad. Det er kanskje rett at somme av desse namna er samanlikningsnamn. Men det er neppe ei forklaring som står til truande når det er eit berg, eit fjell, ein haug eller eit skjer det er snakk om. Om lag halvparten av katte-namna er lokalitetar knytt til vatn, hølar, tjørner o.l., som slett ikkje er kattane sitt revir. Det trengst andre forklaringar.

  • Kyrajøkulen losnar - kyrne kan sleppast ut!

    Det finst over 20 jøkular/joklar med namnet Kyrajøkulen i fylket vårt. Naturleg nok finn vi flest i indre strøk, der fjella er høgaste og brattaste. Joklar og husdyr har til vanleg lite med kvarandre å gjere. Når vinteren og frosten kom, fraus isjoklane fram på berg, sva og hamrar. Der vart dei hengande til mildveret og våren kom. Kva tid kan vi sleppe ut dyra? Utover våren og framover sommaren smelta bredane, og bøndene følgde nøye med. Når er det såtid, og når kan kornet skjerast?

  • Likstoda, Likledet og Liksteinen – gamle gravferdstradisjonar

    Gamle tradisjonar som knyter seg til gravferder, får vi kunnskap om gjennom stadnamna. Det var gammal tru at den døde kunne kome tilbake til huset, gå igjen, som vi seier. Kanskje ville den døde av ulike grunnar ikkje få fred i grava. Det var derfor viktig å sikre huset og garden mot den uhyggen som følgde med gjengangarar. Ved gravferder var det difor viktig å følgje bestemte ritual, og dei gjekk ofte ut på at den døde ikkje skulle finne vegen tilbake.

  • Grodås, Dosabruket, Døsi og Døskeland

    Alle desse namna er gardsnamn eller bruksnamn, og har eitt ord til felles – Oluf Rygh forklarar det norrøne ordet «dys f» = «sammenkastet Stenhob, især om Gravrøser fra hedensk tid». Alf Torp definerer det slik: «liten Stenhob, gravhaug av stener». I stadnamna finn vi ordet skrive i ulike former og på fleire måtar: «dys», «døs», «dos», «dås», «dysje», «dysse» og «døsje».

  • Gjuratinden, Huldredøra, Jutelen og Bokkjesteinen : tussar og troll i stadnamna

    I kor stor grad folk i våre dagar trur på tussar, troll, huldrer og andre underjordiske, veit eg lite om. Men det som er sikkert, er at det har vore allmenn folketru i tusenvis av år. Folkediktinga vår; segner, eventyr og folkeviser er fulle av slikt. Dette speglar seg og av i stadnamna. I namna her i fylket er det mest trollet, huldra, gygra, tussen, bokken og jøtulen som er med, men vi møter også gassen, draugen, jetten, nissen, draken, nøkken og julegeita – jamvel fanden sjølv.

  • Havrane, Hafstad og Havresteinen

    Fjellskora Havra i Flåm i Aurland skal ha vore ei skor for bukkane – ei bukkaskor. Det er sikkert rett forklaring, her møter vi nemleg det gamle norrøne ordet for husdyret «bukk». Det norrøne ordet var «hafr m», frå latin «caper» = bukk eller geit. Dette ordet er for lang tid sidan gått ut av bruk, men vi finn det framleis i ein del gamle stadnamn i fylket vårt. Ukjende ord gjer stadnamna uforståelege.Vi finn meir enn 300 stadnamn med «bukk» i bygdene våre, langt færre med «hafr/havr». Det interessante er at dette husdyret er opphavet til ordet «havre» = kornsorten. Og Hafr kunne og vere eit mannsnamn. Meir om det nedanfor.

  • Historia om Helje Bagge, fut og drapsmann

    På garden Heggdal i Innvik i Stryn har det i tre hundre år butt ei ætt, Bagge-ætta. Det lever enno mange segner om denne ætta, som skal ha vore ei adelsætt. Ikkje mindre enn 4 menn på Heggdal har vore lensmenn. Mannen, som dei slektar frå, heitte Helje Bagge. Han skal ha vore fut i Nordfjord tidleg på 1500-talet, truleg kring 1515. Tidlegare hadde han kanskje tent hos herrane i Rosendal. Historikaren Jacob Aaland seier at han kan hende var son til Henrik Bagge, lensmann på Bergenhus. Men mykje er usikkert. Sikkert er det at mannen budde på Heggdal og vart drapsmann og fredlaus.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Stadnamn på Lote frå «eksistida» - og litt til

    Lote er ei grend som ligg på nordsida av Nordfjord. Ferjeleiet Lote-Anda ligg her, der E39 kryssar Nordfjorden. Fram til 1992 høyrde Lote til Gloppen kommune, men høyrer no til Eid. Det mange ikkje veit i dag, er at Lote var ein sentral stad for militæret på 1600-talet. Anders A Lothe skriv i boka «Soga um Lothe i Nordfjord» at det var eksersisplass her i tida 1628-1712. På Lote finst det stadnamn som truleg har sin bakgrunn i denne militære aktiviteten. Det kan det vere interessant å finne ut av.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Tviberg, Tvibyrge, Bjørga og Rambjørga

    Alle dei nemnde stadnamna i overskrifta inneheld ordet «berg n» = fjell, fjellgrunn, bergside. Men i stadnamn finst det i fleire former. I norrønt heitte det «berg» eller «bjarg», fleirtal «bjorg». Det har sitt opphav i eit indoeuropeisk ord *bhergh = høgde, som i germansk vart til *berga-. Den norrøne forma er ei brytingsform, som i mange stadnamn vart til «bjørg». Bispedømmet vårt heiter Bjørgvin, etter det norrøne namnet på byen Bergen, Bjorgvin (= enga mellom fjella). Fjellnamnet Bjørga finst fleire stader i Sogn og Fjordane.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
    • Jølster
    • Vik
  • Korte gardsnamn som endar på -e

    Mange gardsnamn vert i dag både skriftleg og munnleg brukte i ei «stivna» dativform, som er blitt namnet si hovudform i skrift. Dette viser at namna – og gardane – er svært gamle, frå 1000 – 2000 år. Det norrøne språket var eit kasusspråk med 4 kasus (som tysk og islandsk i dag), der sterke substantiv i hankjønn og inkjekjønn i dativ eintal fekk endinga -i. Denne lyden vart seinare svekka til -e. I stadnamn var det oftast preposisjonane «i» og «på» framfor substantivet som «styrte» dativ. Vi finn og restar av dativ «-e» i mange faste uttrykk: i live, av garde, i tide, i hende og i søvne.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Fallossteinar og kultsteinar i Stryn

    Steinar finst det overalt i naturen, særleg der vi er omgitt av fjell og hamrar. I tusenvis av år har steinar ramla ned frå fjellsidene, til stor fare for folk og fe. Steinar har vore ein så viktig del av kulturen vår at vi har fått omgrepet «steinalderen». Stein fungerte som reiskap og våpen, og runene vart ofte rista på steinar – runesteinar. Vi set opp gravsteinar på kyrkjegardane med innskrift om den avdøde, og steinstøtter til minne om kjende personar. Steinar vart brukte som kultsteinar i eldgamle kulturar, bl.a. av keltarane, men og i Nordfjord. Dei hadde magisk funksjon. Tenk på Stonehenge i Wiltshire i England og statuane på Påskeøya.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Då Hengesteingjølet vart til Henrikgjølet

    Mange av stadnamna våre har fått namnet sitt frå hendingar, at noko skjedde akkurat her. Det kunne vere ei hending frå det daglege arbeidet, men som oftast fortel det om ei dramatisk hending eller ei ulukke. Staden hadde ofte eit namn frå før, men no fekk den gjerne eit nytt namn. Ved å knytte det som skjedde til eit stadnamn, vart hendinga lettare hugsa i ettertid, og historia fortalt vidare. Slike namn inneheld ofte eit personnamn, men dessverre veit vi ofte ingenting om samanhengen mellom personen og namnet, slik som t.d. Kristofferhammaren eller Jordmor-Akslonskora på Nordsida i Stryn. Når det gjeld Henrikgjølet, veit vi det.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Stader der folk og krøtter går eller trakkar

    vert ofte kalla Gota, Troda, Geila eller Teina, to av orda ofte i fleirtal: Gotene eller Geilane. Desse 4 grunnorda har svært mykje til felles, ved at alle meir eller mindre blir brukt som nemning på stader der krøtter eller folk går eller trakkar. Det er ofte jordstykke, vegar som er inngjerda på begge sider. Svært mange var mjølkeplassar for kyr og geiter. Desse namna er svært vanlege, og det finst hundrevis av dei i fylket vårt. Men mange av desse gamle vegane for folk og fe er vanskelege å finne i dag – dei er attgrodde.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Hjellevongja og Gudvangen

    På garden Hjelle i Oppstryn ligg ei stor og vid flate med dyrka mark med namnet Hjellevongja. Uttalen er /jellevångja/, med palatalisering av g-en. Hokjønnsordet «vong/vång» er eit sjeldant ord, som eg ikkje har funne i ei einaste ordbok, men det er tydelegvis ein uttalevariant av «vang m» = grasslette, voll, open plass». Gudvangen, gardsnamn i Aurland, har også den eldre og lokale uttalen /gudvångo/ eller /gudvanjen/. Føreleddet i Gudvangatunnelen er genitivsforma.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
    • Stryn
  • Myljåbetnaven og Navdalen - dei nava før i tida og

    I mars 2012 dukka ordet «å nave» opp i media. Det vart då brukt i tydinga «å drive dank på statens rekning, leve på trygd». Altså litt negativt. Det kan lett bli oppfatta som eit mobbeord. Som kjent driv NAV med arbeidsformidling, attføring og sosialhjelp. Avisa VG kunne på slutten av året melde at Ole Kristian Våge frå Språkrådet og nyordsforskar Gisle Andersen frå NHH hadde kåra «nave» og «naving» til årets nyord. Ordet skal jamvel ha blitt brukt i Stortinget.

  • Gravrøysene i Sølvbergstranda

    Den som tek turen vestover langs Nordfjorden ved Sølvbergsnausta, vil nær sjøen kunne finne restar av 3 gravrøyser. Det er visst litt usikkert kor gamle desse gravene er, sannsynlegvis frå bronsealderen, men kanskje litt seinare, frå yngre jernalder. Gravene har fått namn og ligg i rekke og rad vestover: Rolvsura, Flatura og Oppkasteura. Dessutan ser det ut til å finnast restar av ei grav i ei skor 20 m over Skrapekista lenger inne i Ulvedalsneset.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Alden, Olden og Oldeide

    På kysten i Askvoll i Sunnfjord ligg eit kjent landemerke, Alden. Namnet vert brukt både om garden, øya og fjellet (481 moh.), men fjellnamnet kom først. Fiskarane har og kalla fjellet Blåmann, Norskehesten eller Den Norske Hest. Fjellet var og er eit markant seglingsmerke for dei som kjem over havet vestfrå. Alden skal vere synleg meir enn 100 km til havs. Bygdenamnet Olden innerst i Nordfjord er språkleg i nær slekt med Alden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
    • Stryn
  • Elvenamn i Oldedalen

    I Oldedalen renn det mange elvar ned dei bratte fjellsidene. Om sommaren gjer synet av desse fossande elvane stort inntrykk på turistane. Då har elvane spesielt stor vassføring, for dei kjem frå brear som smeltar – frå brearmar til Myklebustbreen i vest og Jostedalsbreen i aust og sør. Frå den flate dalen ser ein og kanten på fleire av breane, og elvane og fossane fyller dalen med sus og brus.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Hermansverk og Njøs

    Hermansverk er namn på ein tettstad i Leikanger kommune i Sogn. Det må vere eitt av dei yngste bygdenamna i fylket vårt, ikkje meir enn ca. 175 år gammalt. Staden har nemleg namn etter landhandlar og bakar Herman Brun, som 1. januar 1844 vart vald til ordførar. Staden heitte då Njøsasanden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Sundane, Sundene eller Åkresundet

    Namnet Søndane - i denne artikkelen skriv eg Sundane - finst som teigenamn på innmark på ganske mange gardar, mest i Nordfjord og Sunnfjord. Uttalen er vanlegvis /eit sønd/ og i fleirtal /søndane/ eller /søndene/. Ein kunne utan vidare tru at eit slikt stadnamn er knytta til sjø og vatn, men desse namna blir berre brukt på innmark, dyrka mark. Det krev ei forklaring.

  • Loga, Bjørnalogen og Innlogane

    «Log(e)» er eit interessant ord. I norrønt språk brukte dei både «logr m» og «laug f», det første ordet i tydinga «stilleståande eller rennande vatn, innsjø, væske». «Laug» tydde «bad, vask, vaskevatn». I Innvik dannar Storeloga ei stor «skål» med skarpe kantar og is i botnen, nedst eit lite vatn. Men «Loga» - /'lO:ja/ kan og bety «lega» = liggeplass, eller eit stykke jord som er dyrka opp og lagt til garden – ei «innloge». Desse namna har altså ulikt opphav.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Fannaråki

    er namnet på eit kjent fjell med isbre i Luster i Sogn. Det er eit populært turistmål, og på toppunktet 2068 moh har Den norske Turistforening bygt ei turisthytte – Fannaråkhytta. Her var det heilårsbemanna verstasjon fram til 1978. Fannaråki ligg vest i Jotunheimen nasjonalpark, og er relativt lett tilgjengeleg. Den mest brukte turruta går frå Turtagrø. Det er også startpunktet for motbakkeløpet «Fanaråken Opp» med 1200 m stigning.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Finden og Finnafjorden

    Om lag midt inne i den lange Sognefjorden går det ein fjordarm mot sør med namnet Finnafjorden. Der ligg dei veglause gardane Finden og Finnabotnen. I år 2002 var Finden med i tv-programmet «Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu». Garden Finden fekk i 2006 Bygdeutviklingsprisen. Her bur det i 2018 berre 4 menneske. Dei driv med gardsturisme og geitehald. Opphavet til namnet har vore omstridt. Det vert uttala «'fid'n», og skrivemåten har variert mellom Fynne, Finde(n), Finnen og Fidnen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Tater, splint og fant

    Nordfjordingen og skodespelaren Alfred Maurstad spela i 1937 hovudrolla som tateren Fændrik i filmen «Fant». Filmen bygde på romanen (1928) med same namn av Sørlands-forfattaren Gabriel Scott. Den handlar om eit sjøfarande taterfølgje som reiser rundt langs kysten. Desse folka vart på Sørlandet kalla «fant», på Vestlandet oftast «splint». Eg kan hugse at vi kalla dei «taterar». Det er interessant å finne ut om desse folka har sett merke etter seg i stadnamna i fylket vårt.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Fjellnamnet Hornelen

    Det kjende fjellet i Ytre Nordfjord, Hornelen, er eit svært kjent landemerke for dei som reiser med båt langs kysten vår. Med sine 860 moh. er ho den høgaste havklippa i Europa. Fjellet blir omtala i kjelder heilt tilbake til vikingtida, og det finst mange segner og fortal knytta til fjellet. Namnet blir av dei fleste i dag uttala feil /hor'ne:len/, med trykk på 2.staving. Det rette må vere /''hOnnjelen/, denne uttalen brukar og Norsk Stadnamnleksikon.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Stadnamna Breim og Breng

    Bygdenamnet Breim i Gloppen kommune og turistattraksjonen Breng i Lodalen er språkleg i svært nær slekt. Ein reknar med at begge namna har vore tidlegare gardsnamn. Breng var på 1300-talet nemnd som eigen gard, og vart i 1667 og 1723 nemnd som underbruk under garden Sæten i Loen. Om namnet Breim er ein meir usikker. Stemshaug skriv i Norsk Stadnamnleksikon: «opphavleg kanskje gardsnamn». Den språklege slektskapen er at begge namna inneheld adj. «brei».

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
    • Stryn
  • Tundra, Tundrestigane og Tundradalskyrkja

    Desse namna finn vi i Indre Nordfjord og Indre Sogn. Tundra er namnet på ei elv i Erdalen i Oppstryn. Ein gammal gangstig i eit stupbratt fjell på garden Ulvedal heiter Tundrestigane, og i Luster finn vi fjellet Tundradalskyrkja. Felles for alle namna er ordet «tundre/tundra», som vert uttala med trang /o/, /tondra/ med tonem 2. Kva tyding har dette ordet?

  • Gald, Gadden, Galdane og Gold

    Frå mange av støylane i Indre Nordfjord får vi ei uvanleg fin utsikt over fjord og fjell. På Nordsida er det ei storarta utsikt innover fjorden frå Gadden i nærleiken av Rosetstøylen, der det også er bygt ei hytte. Men kva betyr så dette namnet Gadden – og fleirtalsforma Gaddane? Desse namna finst mange stader i fylket, men berre i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn. I Midtre og Indre Sogn heiter slike stader Galden og Galdane, uttala /galdadn/ – og det finst 500 av dei, om ein reknar med samansette namn.

  • Hoven – Sleipner's footprint?

    Fjellet Hoven i Loen har fått mykje merksemd dei siste åra. Årsaka er sjølvsagt utbygginga av gondolbana Loen Skylift, som skal ta folk frå fjorden opp til 1011 m. Det er allereide blitt ein spektakulær turistdestinasjon. Men kva tyder namnet Hoven, og kva for forteljing er knytta til det?

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • «Smør-» i stadnamn

    Smør er primært noko konkret – og til alle tider har det vore verdifull mat. I middelalderen var smør betalingsmiddel, oftast vart skyld og skattar betalte i smør (målt i laupar). Men i stadnamn blir ordet gjerne brukt i overført tyding - for å seie noko positivt og rosande om staden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

    Professor Jørn Sandnes skriv: «Kor gammal den norske garden er, kan vi ikkje seie visst. Gardane har vakse fram smått om senn til det vi kan kalle den historiske garden. Vi brukar nemninga «gard» frå den tida da folk budde heile eller iallfall stordelen av året på ein stad og dreiv gardsdrift, dvs. dyrka jorda og heldt krøtter. Gardsskipnaden går minst eit par tusen år tilbake i tida. Klimaforverringa mot slutten av bronsealderen tvinga folk til å slå seg ned på gardar, byggje hus og vinterfore krøtter»

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Landingsplassar på Kråkenes

    Folk på Kråkenes har til alle tider slite med dårlege landingsplassar. Det var fem kjende plassar: Storehola, Keila, Stiksvika, Bleke og Synstestøa. I 1933-38 vart det bygt veg til Kråkenes frå garden Kvalheim.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Syttandemaihaugen i Eitorn

    Syttandemaihaugen på Eitorn er eit interessant kulturminne. Stadnamnet vitnar om ein bygdesamlingsstad på nasjonaldagen, svære grantre i ein sirkel ber bod om alder, og enkle benker og ein krossmerkt "talarstol" tyder på at staden framleis er samlingsplass.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Leikanger
  • Sauekvea - utegangssauen sin frisørsalong

    Gråsteinsmurar attåt ein berghammar, grøne bøter ikring, nokre steinar maksla til sides på stranda så færingen kan flyte inntil: Sauekvea var ein viktig stasjon for småfe og folk på garden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Fiskeméda - nøklar til havsens grøde

    Dei fleste fiskeméda (siktemerke for fiskeplass) er i dag hamna i gløymeboka. Men eingong var det mest som å hente pengar or banken om dei hadde eit godt fiskeméd for seg sjølve.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Rasteplassen på Vatnasete i Sogndalsdalen

    I 1994 vart siste delen i tverrsambandet mellom Sogn og Sunnfjord via Fjærland opna. To år seinare var rasteplassen på Vatnasete i Sogndalsdalen ferdig. Denne rasteplassen fekk seinare status som verneverdig av di den representerer ein moderne rasteplass som gir bilistane meir enn berre ein stad å køyra tilsides og strekkja føtene.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Lundehella - milemerke for sjøfarande

    I eldre tid hadde sjøfarande milemerke langs med fjorden. Det kunne vera eit nes, eit tre, eller andre naturlege særmerke. Ei uvanleg stor helle nedmed sjøen på Lunde var eit slikt milemerke.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Simlenes - interessant stad ytst i Aurlandsfjorden

    Lengst aust i Vik kommune ligg Simlenes, om lag ein times køyring frå Vik, og ein stad der mange vikjer nok ikkje har vore. Dei fleste tykkjer at siste kilometeren ned til fjorden er vel bratt og smal, men ingen problem sommarsdagen, og heller ikkje om vinteren, fortel Martin Simlenes 2008. Om somrane fer ekspressbåten Bergen-Flåm framom.

  • Ferjestaden Hella

    Sommaren 1956 gjekk Olav Hellen for presten. Han rodde frå Hella til Dragsvik og gjekk derifrå ut til kyrkja. I oktober same året gjekk det ferje for første gong på same strekninga. Tysdag 17. oktober 1956 er opningsdatoen for trekantsambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes.

  • Drikkestein i Dalsdalen

    Dalsdalen går nordover frå Dale i Luster. I eldre tider var dalen spisskammeret til gardane nede ved sjøen. Her var gode slåttemarker og beite, og rikesleg med lauv og ris. Dei frakta foret heim med hest og slede. På Tadlagjerdet var det stoppestad for hestane. Det stod ein drikkestein der og eit skilt med påminning om la hestane få kvila. No er drikkesteinen borte, men skiltet står att.

  • Bergsvika - tidlegare trafikknutepunkt

    Bergsvika ligg ein snau kilometer innom ferjestaden Nordeide. Frå gamalt var Bergsvika hamn for bygda Berge eit stykke opp frå Bergsvika. Bygdefolket sa berre Vika. I ein tiårs-periode rundt 1900 var Bergsvik stoppestad for Fylkesbaatane. Deretter tok Nordeide over.

  • Stadnamn i Årdal

    Kva er eit stadnamn? Den enklaste tydingi er å seia at eit stadnamn er eit namn på ein stad, men kva er då ein stad? Ordet stad får vanleg desse tydingane: 1) avgrensa område, plass, flekk 2) område, avmerkt del av lendet, stor eller liten, t.d. på innmarki eller i utmarki, i fjellet eller på sjøen 3) strok, større eller mindre, t.d. by eller bygd.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal