Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Lundehella - milemerke for sjøfarande



I eldre tid hadde sjøfarande milemerke langs med fjorden. Det kunne vera eit nes, eit tre, eller andre naturlege særmerke. Ei uvanleg stor helle nedmed sjøen på Lunde var eit slikt milemerke.

Kart som viser milemerke i Nordfjord. Merket lengst inne i fjorden var Lundehella på Lunde, på kartet merka med L.

Kart som viser milemerke i Nordfjord. Merket lengst inne i fjorden var Lundehella på Lunde, på kartet merka med L.

Eigar: I Årbok for Nordfjord. 1981.

Datering: 1981.

Fotograf: Petter Eide (teikning)

Milemerke langs fjorden

I gamle dagar var det fjorden som var den viktigaste og mest brukte "veien" mellom bygdene langs med Nordfjord, og ikkje berre her, det var slik alle stader før landevegane vart utbygde og hesteskyss og seinare bilen overtok. Langs med fjorden hadde dei sjøfarande, både med jekter og mindre båtar, funne seg noko dei kalla milemerke. Desse var ikkje skapt av menneskehender, men var fjell, nes, steinar, tre og andre særmerkte mål og mèd som dei siglde etter. Mellom kvart skulle det vere ei mil, men då merka var valde etter skjøn og litt rus, vart ikkje alle milene like lange. Milemerka låg frå inst i fjorden og heilt ut til kysten.

Uvanleg stor helle

Det første milemerket frå Olden og utover var Lundehella (utt. Løndahelja) på garden Lunde i Bergsgrenda. Det er ei uvanleg stor helle som er lagt opp nede ved stranda. Ho er omlag 3,5 meter målt i retning langs stranda, og noko lenger bak i bakken. Hella har vore der lenge og er nemnd i bygdeboka til Jacob Aaland som kom ut i 1932. Ho var brukt til samleplass for ved og tynneband og andre ting som seinare vart lasta ombord i jekter og frakta til Bergen.

Ei gamal segn og sølvskatt

Bergens-amerikanaren Edvin Evensen, fødd i 1894, har fortalt at han som smågut ein gong rodde til Stryn saman med bestemor si, Tina Faleide. Då dei rodde forbi Lundehella, sa ho: "Hadde vi hatt alt det sølvet som har lege på denne hella --!" Ho fortalde då at det var ei gamal segn som sa at i gamal tid kom folk rundt om i fjorden hit og betalte skatten sin til kongen, og på denne hella vart sølvet talt opp.

Skadeverk

Nokre ungdommar frå Olden hadde i 1873 vore på Faleide på sesjon, og då dei rodde heim att, var dei på land og reiv vek muren under Lundehella. Dette vart det klaga på av Lundekarane. Etter forlik i forlikskommisjonen laut gutane frå Olden retta opp att skadeverket sitt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jacob: Aaland, P.R.: På ferd i Nordfjord. I: Årbok for Nordfjord. 1981.
Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn. Ny utgåve. Sandane 1973.

PERMANENT IDENTIFIKATOR