Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. desember 2019

Sist oppdatert 05. februar 2020

Kategori

Rå-data

Tidmerke i naturen



For lang tid tilbake var det ikkje vanleg å ha klokke med seg i arbeid, verken på armen eller i lomma. Det var vanleg å orientere seg etter sola, iallfall i sommarhalvåret. Var ein ute og arbeidde, måtte ein kanskje heim til måltida. For å finne ut av dette, hadde dei i eldre tider ymse merke i naturen, og dei var ofte knytte til solgangen. Difor finn vi mange tidmerke i føreleddet i fjellnamn.

Middagsfjellet over Innvik, Stryn kommune.

Middagsfjellet over Innvik, Stryn kommune.

Datering: 2018

Fotograf: Kristian Solvang

Hundrevis av namn med Middag- og Non-

Stadnamn med «Middag-» og «Non-» finst overalt i fylket vårt. I Stadnamnarkivet for Sogn og Fjordane finn vi 135 samansette namn med «middag-» og 100 namn med «non-». Nokre kommunar er ikkje komne med enno, i november 2019. Middag var tidlegare alltid kl.12, non i 15-16-tida. I Nord-Norge var non i 16-17-tida, meiner Ivar Aasen. Namnet «non» kjem frå latin «nona hora» = den niande timen – dagen begynte då kl.06 om morgonen.

I Erdalen i Oppstryn ligg Middagshyrna og Nonshyrna (uttalt /-hynnja/) ikkje langt frå kvarandre. Over Innvik står sola over Middagsfjellet kl.12 (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Dette høver ikkje for dei som bur på andre sida av fjorden, så der kallar dei fjellet for Heggdalshogen. I Fjaler har vi Middagsstad, som er eit solmerke. Øystein Frøysadal skriv i ein artikkel: «Jamvel Halvgåttmiddag er fjellnamn i Stryn». Men dette namnet er ikkje registrert i Fylkesarkivet, og eg har ikkje funne ut kvar det har vore brukt.

Nonshogen eller Nonshaugen finst på 28 stader. Og Nonsskaret og Nonsnipa er det mange av, likeeins Nonstua og Nonsholten. Nonsgapet i Selje er ei kløft der sola står kl.16. Andre stader kunne det vere namn på ein slåtteteig dei greidde å slå ferdig til nons. Nonsholet i Lærdal er «ei skor med 3 knausar. Når sola nådde alle 3 knausane, var det non».

Dauremål-fjella ligg i aust

Mange stadnamn har namn etter måltid eller tider på dagen. Har du lagt merke til at fleire fjell i fylket vårt heiter Daurmål? «Daurmål» var det gamle namnet for frukost, der førsteleddet «daur» kjem frå «dagverd» = måltid om dagen, i motsetnad til «kveldsverd» eller «nattverd». Dei kalla det og berre «daur». Ivar Aasen forklarar det slik: «Davre, Formiddags-Maaltid mest alminnelig ved kl.10 i Bergens Stift». Ordet førekjem i mange slag former i stadnamna her i fylket: Dauersdekkene (i Aurland), Dauremål (i Fjaler og Bremanger), Dauremålsnibba (i Gloppen), Daursholten (i Aurland), Dormålfjellet (i Jølster), Dormannsnipa (i Naustdal), Dårmåltua (i Vågsøy), Dugurshella (i Luster) og Døgerskori og Døgershaugen (i Lærdal). I Stryn finn vi Daurmålshammaren, Dauremålstad og Dauremålsteinen. I enkelte tilfelle fortel nok namnet oss at dei åt dugurd på denne staden, slik som i Daurshola i Sogndal. I Randabygda ligg Daurdalen i høgde med støylane. I norrøn tid kalla dei det «dagmål» når sola stod i søraust. Sjekkar vi på kartet, finn vi at fjelltoppar med dette namnet ligg aust for dei gardane som sette på namnet, der sola stod i 09-10-tida om morgonen.

Biskaholten. Første måltidet heitte «bisk», «åbit» eller «rismål»

«Daurmålet» var ikkje det første måltidet på dagen, men det andre. Det aller første, med det same dei stod opp, kalla dei i nokre bygder for «bisk», dvs. ein bit, litt mat før arbeidet. «Bisk» åt dei seinast i 05-06 tida om morgonen, om sommaren gjerne endå tidlegare. Nokre kallar det for «måråbete». «Bisk» er lånt frå dansk «bidsken» og tysk «Bisschen». Å «biska» tydde å «ete fort og lite». I Luster finn vi Biskaholten, Biskarøysi og Biskabekken. Den siste er namn på ei oppkome med godt vatn. Ved garden Natvik i Årdal i Sogn finn vi Biskafossen. «Når soli sprett yver fossen um morgonen, skal dei gå til arbeids i Natvig. Då er det «biskabil». Biskaholet i Lærdal og Biskøyna i Jølster har nok fått namnet sitt av ein annan grunn. Om Biskeøyna blir det sagt at den ikkje var større enn at dei kunne slå den før kl.10. Det nyare ordet «frukost» finn vi berre i Frukosta og Frukoststeinen i Naustdal. I dialekten i Etne i Hordaland kalla dei dette måltidet «åbit» = tidleg bit. Då stod sola over Åbithaugen. Namnet Rismålfjell i Troms har vel om lag same tyding: rismål = tid for å rise opp, stå opp. Sør for Sognefjorden i Høyanger kommune ligg eit område kalla Solrenningane, det høver godt, for det ligg vendt mot aust. Solrenningvatnet ligg like ved.

Midt på morgonen – Memoraskora

I Jølster finn vi Memoraskora, ei skor som har fått namnet fordi «sola skein der midt på morgonen». Aasen oppgjev at midt på morgonen var frå kl.06 - 08. På norrønt heitte det «midrmorgun» = når sola stod i aust. Førsteleddet i Memurubu, ei hytte i Jotunheimen, har visst eit anna opphav. «Me-» = midt. «Muru» er eit elvenamn, ei jamningsform av «Mara», som anten viser til «marr m» = hest, merr (jf. Mardøla) eller til verbet «mara» = grave (jf. elva Maråna i Stryn)

Maraftatua og Myraftagadden – midt på ettermiddagen

Sør for Hoddevik i Selje ragar Maraftahornet opp, og i Bremanger ligg både Maraftanakken og Miraftatua. Like ved Hovden i Stryn ligg Myraftagadden, og på Melheim Muraftafjellet. Ved innløpet til Berlepollen i Bremanger ser vi Meraftahogen, og i Jølster finn vi Myraptaskaret. På Sørsida i Gloppen tilrår turlaget skiturar til fjellet Morafta, som ligg sørvest for bygda. Fjellet ligg tett ved Sessegga (1304 moh). Namna vert uttala og skrive på mange måtar, men tyder det same. Aasen forklarar: «Mid-aftan, Midten af Eftermiddagen, Tiden ved Kl.6. (18.00)». Ordet stammar heilt frå norrøn tid: «midraptann» (då står sola i vest). På Island finn vi fjellet Midaptandrangur.

1-tua, 2-tua og 3-tua

Elles finn vi både Nihaugen (Høyanger), Sjurøysa (Naustdal) og Tisteinen (Vik), der sola stod kl. 09, kl. 19.00 og kl. 10.00. På garden Ulvedal på Nordsida i Stryn kallar dei tre fjelltoppar i sør: 1-tua, 2-tua og 3-tua. På Fjelli, som ligg lenger vest, heiter dei 2-tua, 3-tua og 4-tua. No når vi har fått sommartid, må vel namna justerast. I Innvik kallar dei desse låge fjella Nonstuene eller Nonshogane. På sørsida har desse fjella sjølvsagt andre namn: Snøfjellet, Dunheia og Svinestranda (også Nonstua).

Når skuggen fortel kva klokka er

I fjellet ovanfor Hotel Alexandra i Loen finn vi fjellet Hoven. Der er det ei stor utholing i fjellet på skap som ei ause, segna seier at hola kjem av at Sleipner, hesten til Odin, sparka bakut og inn i fjellet. Tru det den som vil! Når sola skin, vert det skugge inne i denne innholinga, og skuggen forandrar seg utetter dagen. På garden Avlein i Olden har dei dette merket: «Når Hoven er halvskinen, er klokka halv tolv, og når Hoven er halvglada, er det nonstid. Då er klokka om lag fire.» I Hornindal har dei eit interessant namn – Plagghalva. Det er namnet på skuggen i Nonsskora ca. kl. 12.00. På garden Dokset i Stryn finn vi Nonsbakkane. Dei sa at «når sola kjem så langt at skuggen kjem ned i Nonsbakkane, er det tid å gå heim til nons.»

Soleglad – når sola går ned

Når sola går ned, seier vi at ho glader eller det er soleglad. Oppi fjellet i Heggjabygda i Eid kommune, ligg Solagladskaret. Det er nok namngitt frå Heggjadalssætra. På andre kantar av landet har dette gjeve namn til Gladsåsen, Gladsberget og Gladsnuten. På veg ut frå Bergen går E39 gjennom Glaskartunnelen. Solstrålane kastar sine gloande, gule og raude fargar på fjella både ved soloppgang og solnedgang. Dette er opphavet til det poetiske namnet Gloføykje i Bremanger. Det er namnet på både eit fjell og ein gard. Namnet vart skrive Glodaføyki så langt tilbake som i 1175. Tydinga er «det som kastar glør». Same namnet, Gloføken, finn vi i Rendalen, og på Island: Glodafeykir.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo, Det norske Samlaget


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog 5.Udg. Oslo, Fonna Forlag


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S


Dragesæt, Magne (2002): Tid- og vermerke i naturen. Årbok for Nordfjord 2002 (s. 88-98)


Frøysadal, Øystein (1968): Fjellnamn i Hordaland og Sogn og Fjordane. Artikkel i Sandnes, Jørn og Tylden, Per (1968): Namn i fjellet. Oslo, Det norske Samlaget

PERMANENT IDENTIFIKATOR