Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 29. august 2019

Sist oppdatert 31. januar 2020

Kategori

Rå-data

Stolen, Preikestolen, Brurastolen og Svarvestolen



Når namnet Preikestolen vert nemnt, tenkjer dei fleste på klippa Preikestolen i Lysefjorden i Rogaland. Den har blitt eit svært populært turistmål, kjend over heile verda. I 2018 fekk den besøk av 300 000 turistar. Det er ei firkanta klippe, 25 x 25 m, 604 m over fjorden. Namnet er sjølvsagt eit samanlikningsnamn, sett på i seinare tid av ein norsk turist. Men klippa heitte opphavleg Hyvlatonnå (= høveltanna), sett nedanfrå fjorden høver det namnet endå betre. Men namnet Preikestolen er ikkje sjeldant, vi har heile 79 «preikestolar» i fylket vårt, i grannefylket Møre og Romsdal har dei 41. Dessutan ei rekkje andre «stolar».

Preikestolen på Blakset.

Preikestolen på Blakset.

Datering: 2015

Fotograf: Kristian Solvang

Preikestolar

I Stryn kommune finst Preikestolen på 6 gardar: Hammar, Gjørven, Drageset, Mork, Fjellkårstad og Blakset. Hornindal har 3 Preikestolen. Det varierer litt korleis desse «preikestolane» ser ut. På gardane Hammar og Gjørven er det store steinar, på Drageset ein bergnabb og på Mork eit framspring i eit fjellparti, med det alternative namnet Nosa. På Fjellkårstad er Preikestolen ein stein ved råsa ned til nausta, den var høveleg høg til å kvile kipene på. På Blakset er det ein liten, rund og flat innmarksteig i bratta, oppmura i framkant (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Det er vel ikkje urimeleg at nokon har prøvd seg på ei preike der!

Kva tyder «stol» og kva er det namn på?

I stadnamn vert nemninga «stol» alltid brukt om (flate) høgder og avsatsar (sessar) i lier og fjell. Dei har vi som kjent rikeleg av. I norrønt språk heitte det «stoll m», av germansk «*stola» = stol. Det er avleiing av eit eldre «*sta-» = som i verbet «å stå». Ein stol er altså «noko som står». Ordet hadde også tydinga «trone f», symbol på embete og makt. Jfr. norsk pavestol, bispestol og domstol. I landet vårt fekk «stol» tidleg tydinga «underlag, ramme», som i takstol, vevstol og sagestol. Strengane på ei fele går også over ein stol. Men både litauisk «stalikas» og russisk «stol» betyr «bord».

Før Blakset-tunnelane kom i 1959, kunne ein gå den fårlege (men snaraste) råsa Stolen mellom Dokset og Robjørgane. Den gjekk på utsida av tunnelane, men vart øydelagt av tunnelarbeidet. Det kan forteljast mange historier frå turar forbi Stolen, med kalvar, syklar og lause steinar. Hadde folk syklar med seg, måtte dei hengje syklane utfor fjellveggen og bere dei etter ramma. Det vert og sagt at ein soldat miste livet her for lenge sidan. Han hadde vore med i krigen mot svenskane, kome uskadd frå det og var på veg heim. Børsepipa hekta seg fast i overhenget, og han styrta utfor stupet. Han vart funnen ihelslegen oppe i ei endevendt linderot. Dei måtte velte rota på sjøen for å få fatt i mannen. På fjorden låg det nokre karar i båt, som drog han om bord.

Stolen på Gald er også ei bratt rås nedover frå Reiskora. Namnet Stolen finst også i Indre Nesdal, på Tvinnereim, i Rustøyane og i Løken. På Stolen i Angedalen i Førde sit jegerane og skyt hjort.

Setra Stol

Lengst inne i Glomsdalen i Oppstryn ligg setra Stol, Stolsetra, i ca. 700 m høgde. At namnet er i ubunden form tyder på høg alder. Setra ligg på eit høgdedrag midt i dalen, som kanskje har heitt Stol og gitt namn til setra. Men tolkinga av namnet er usikkert. Sidan setra er så gammal, kunne «stol» eller «stul» kanskje vere ei dialektform for «støl» - ei form som er mykje brukt aust for fjella. Men det er vanleg å bruke nemninga «seter» i Oppstryn. Eit fjell på kvar side heiter Stolshyrna. Setra har og gjeve namn til Stolskaret, Stoldalen og fjellet Midtstolhyrna. På denne setra har arkeologar funne kolgroper frå jarnalderen og ein skålgropstein, som kan vere ein offerstein (1500-500 f.Kr.?). Dei fann også tufter frå førhistorisk tid. Her budde det altså folk for 2500-3000 år sidan.

Brurastolen, Budeiestolane, Hundstolen og Klokkarstolen

Vi finn mange samansette namn med «-stolen» i Sogn og Fjordane: Brurastolen (Vik) = to stolar i berget, ein til brudgommen og ein til brura. Budeiestolane (Aurland) er kvilesteinar i støylsvegen. Om steinen Domstolen (Høyanger) fortel segna at svenske krigsfangar bygde veg opp hit. Ved denne steinen vart dei frikjende ved dom. Oppå hammaren Hundstolen (Gulen) hadde hundane for vane å sitje når det kom folk til gards. Av same kategori som alle «preikestolane», er Prestestolen og Klokkarstolen (begge i Selje). Begge er namn på ein stor stein/steinhelle. Kongestolen (Bremanger) er ein 3 m høg stein med sete, Kongsstolen (Høyanger) er ein flott utforma kvilestein. Nokre fjellhyller i Kjenndalen i Loen heiter Stolane.

I Luster finn vi Skomakarstolen, Spelemannsstolen og Svarvastolen (= dreiebenken), den siste ein slåtteteig. Medan Svarvestolen i Vik er namn på ein svingete veg. I same kommunen finn vi Stolafossen, der vatnet renn nedover eit berg med avsatsar.

Kannestolen eller Kannesteinen

i Vågsøy er blitt turistmål, og har fått sin eigen konjakk. Kannesteinen blir av bygdefolket også kalla Kannestolen. Forma er eineståande, det ser verkeleg ut som ein høg stol. Men ikkje namnet, det finst fleire slike «kanne-namn» i fylket. Felles for alle er at folk (gjetarane?) steig opp på desse høge steinane for å «kanna beisti» - som dei sa i Aurland. Slik kjende dei att og talde kyr eller smale, og såg kor dei gjekk og beitte. Ved Kanningane i Lærdal «måtte alle kyr gå forbi og bli talde.»

Stolen som fjellnamn

Sjeldnare er det at Stolen er namn på høge fjell. I Ørskog på Sunnmøre ligg fjellet Stolen, også kalla Ørastolen (1392 m). I same området ligg bygda med namnet Stordal, som dessverre er ei feilskriving for Stoldal (i år 1430 skrive Stoladalr), oppkalla etter fjellet.

Kven kan vi stole på?

Når det kvart andre år er val, vrimlar det i heile landet av ulike «preikestolar», der folk preikar om kva som er rett politikk. Då er spørsmålet: Kven kan vi stole på? Stole på? Uttrykket har visst kome til oss frå dansk. Vil dei noverande politikarane miste taburettane sine, eller kan dei sitje trygt? Dei «ryk kanskje av Stolen», som Ivar Aasen har sagt. Men viss politikarane «stikk noko under stol», kan dei lett «falle mellom to stolar.»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Webarkiv for stadnamn


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon, Oslo. Det norske Samlaget


Wikipedia : Preikestolen (lesedato: 08.08.2019)


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo. Det norske Samlaget


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo. Fonna forlag


Bruaset, Oddgeir (2006): På fjellhylle og havstrand. Livet på veglause gardar i Nordfjord. Oslo. Genesis forlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR